– Lønsoppgjeret må verdsetje utdanning
LUKK
Annonse
Annonse

- Lønsoppgjeret må verdsetje utdanning

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 12. april 2016 kl. 17:38

Tysdag starta lønsforhandlingane i staten. Forskerforbundets leiar Petter Aaslestad er forhandlingsleiar for Unio stat.

Hovudkravet frå Unio er at lønsgapet mellom grupper med høgare utdanning i staten, og tilsvarande grupper med like lang utdanning i privat sektor, må reduserast.
 
– Vi veit at ramma for oppgjeret blir moderat i år, og då blir fordelingsprofilen desto viktigare. Våre grupper i staten ligg lønsmessig etter dei private, seier Aaslestad.
 
Unio krev dessutan at kjøpekrafta for medlemmane minst skal halde same nivå som no. Det er venta ein prisvekst på 2,4 prosent i år, medan årsgjennomsnittet dei siste åra har vore på om lag 2,0 prosent. 
 
Ønskjer modernisering
 
På det innleiande møtet tysdag møtte Aaslestad, saman med representantar for dei andre hovudorganisasjonane LO stat, YS stat og Akademikerne, statens personaldirektør Gisle Norheim for å leggje opp ein prosess for forhandlingane dei neste dagane. 
 
– I innleiingane var det fleire av oss som tok opp behovet for å modernisere hovudtariffavtalen, og det vart føreslått å setje ned eit partssamansett utval som kan arbeide med dette fram mot 2017. Samstundes vil vi gjerne kome i gang med delar av moderniseringa no. Fjerning av lønstaket er noko vi ønskjer å diskutere, seier Aaslestad.
 
Nokre stillingsgrupper er i lønsrammer, som inneber at det er ei maksimumsgrense for kva dei kan få i løn. Eventuell vidare lønsutvikling for dei som stangar mot lønstaket, må skje i form av tillegg utanfor ramma. Det medverkar til å gjere systemet ulogisk og lite transparent, og både staten og Unio har tidlegare lufta tanken om å fjerne lønstaket
 
Trur på forhandlingsløysing
 
I år er det hovudoppgjer, og fristen for å bli samde om ei forhandlingsløysing, går ut ved midnatt laurdag 30. april. Som forhandlingsleiar for Unio stat forhandlar Aaslestad på vegner av vel 32 000 universitets- og høgskuleutdanna arbeidstakarar i statleg sektor. Han vonar å ha eit resultat klart når forhandlingsfristen går ut.
 
– Statens personaldirektør legg opp til ein aktiv prosess, og det verkar lovande. Vi er opptekne av å vise respekt for forhandlingsinstituttet og bruke det godt, og eg forventar at vi landar dette innan slutten av månaden, seier Aaslestad.