Meiner dei raudgrøne det som står i eigne partiprogram? Då kan vi ynskje endringar velkomne
LUKK

Meiner dei raudgrøne det som står i eigne partiprogram? Då kan vi ynskje endringar velkomne

Av Kjetil A. Brottveit (redaktør)

Publisert 5. oktober 2021 kl. 14:31

Ny regjering er venta på plass i midten av oktober. Det bør kome ein del endringar i politikken for forsking og høgare utdanning.

Kanskje Forskerforbundet eller andre har drive vellykka lobbyverksemd? Forskerforum har studert partiprogramma på felta som har spesiell interesse for oss, og nokre punkt går overraskande langt inn i kvardagen til forskarar. Til dømes vil Miljøpartiet Dei Grøne «legge til rette for færre administrative oppgaver i akademia, slik at forskere kan forske og ikke må bruke tid på ‘tidstyver’ som stadig rapportering». Ja, det hadde vore noko.

Medan eg skriv dette sonderer Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV om det er grunnlag for å starte regjeringsforhandlingar.

Oppdatering: SV avslutta samtalane med Ap og Sp 29. september. Etter alt å dømme dannar Ap og Sp regjering.

Ny regjering er venta på plass i midten av oktober, og uansett konstellasjon bør det kome ein del endringar i politikken for forsking og høgare utdanning. Dei tre partia har ein del interessante fellesnemnarar på området. Mykje av denne politikken deler dei òg med Raudt og MDG, så fleirtalet på Stortinget er overveldande.

I ei eiga sak tek vi for oss felt der partia i det nye fleirtalet har varsla endring. Ei av desse sakene er å droppe ABE-reforma (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma), som inneber årlege, flate kutt i offentleg sektor. Desse kutta vart innførde i 2015 og har kvart år – utan ein styrande, treffsikker tanke – gnaga seg meir og meir inn i arbeidsdagen til tilsette ved universitet og høgskular. Ein klassikar er at mange støttefunksjonar og administrative stillingar har falle bort, og at arbeidsbøra knytt til administrasjon i stadig større grad vert skuva over på vitskapleg tilsette. Vi har i runde etter runde rapportert om korleis nedskjeringane har råka. Her kjem tre døme.

I 2019 skildra professor Hans Fredrik Marthinussen ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen korleis fakultetet alt hadde kutta det dei kunne kutte. Han fortalde om ein liten administrasjon med få tilsette per student, og at fakultetet alt hadde stramma inn før ABE-reforma. «Nå må vi kutte i forskningen og undervisningen», sa Marthinussen.

I 2020 fortalde vi om professor Per-Olof Åstrand ved NTNU som hadde eit svært tidkrevjande verv som studieprogramleiar. «Som studieprogramleder får man et mandat som skal være 20 prosent av stillingen din, men i perioder er det veldig mye mer.» Han ende dermed med å gjere masse administrative oppgåver på fritida, og så seg til slutt nøydd til å seie frå seg vervet.

I 2021 skriv vi om professor Kristin Melum Eide ved NTNU, som kjenner seg stadig meir neddynga av administrasjon. «Jeg er ikke professor i språkvitenskap fordi jeg elsker å sitte med Excel-ark», spissformulerer Melum Eide. Ho fortel til dømes om at ho brukte heile 17. mai på å jobbe med å lage eit eksamenssett i Inspera, programmet for digital eksamen.

Ap, Sp og SV vil altså fjerne heile ABE-reforma. Og når det er tale om reformer – mykje av den varsla politikkendringa dei står for kan samlast i ordet tillitsreform. Essensen er at det skal verte mindre mål- og resultatstyring og rapportering i offentleg sektor. Det er ikkje gitt kva dette konkret skal medføre innanfor forsking og høgare utdanning. Torstein Tvedt Solberg, utdanningspolitisk talsperson i Ap, oppsummerte det iallfall slik i førre utgåve av Forskerforum: «Tiden skal ikke kastes bort på byråkrati. Jeg ser for meg en pendel som skal tvinges fra veldig detaljstyring til større frihet og mer lokal handlefrihet.» Uansett nøyaktig innhald: Den tematiske samanhengen med ABE-kutta er sterk, for det er ikkje minst dei omfattande kontrollregima som pressar fridomen og arbeidsdagen til tilsette.

Ein liten observasjon til slutt: Kor mykje skal politikarane styre over forsking og høgare utdanning? Vi vil ha styring om han er til det beste for oss. Vi vil ikkje ha styring som slår uheldig ut for oss. Eg tek ikkje munnen for full om eg påpeikar at dette dilemmaet kjem til å følgje oss i denne stortingsperioden òg. Men skiftet frå kutt til tillit? Der trur eg at iallfall eg seier ja!

Les også: