Leiar: «Nu gör vi det här tillsammans»
LUKK
Annonse
Annonse

Leiar: «Nu gör vi det här tillsammans»

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 13. oktober 2020 kl. 11:24

Det er ein uting å bruke koronatilstanden til å «sjå sitt snitt», skriv redaktør Kjetil A. Brottveit.

Dei tilsette ved Aalborg universitet vende seg kjapt til å ha møta digitalt, men kollegaene undra seg over kvifor den eine deltakaren alltid hadde ein supermarknad i bakgrunnen.

Jo, kunne vedkommande oppklåre, nett-tilgangen ved butikken var betre enn heime.

Redaktør i Forskerforum Kjetil A. Brottveit.

Anekdoten som vart fortald på det nordiske møtet til Forskerforbundet og systerorganisasjonane i september, får fram at avtalane og reglane på arbeidsplassen ikkje var tilpassa korona-tilstanden. Folk måtte jobbe heimanfrå, men tilrettelegginga mangla.

Røynslene frå korleis pandemien har råka og endra sektoren for forsking og høgare utdanning har mange nordiske fellestrekk. Danskane fortalde om «hjemmearbejde i små lejligheder med børn om benene», finnane om korleis heimekontortilværet førte til «working time and free time getting mixed (how typical among academics!)», og overskrifta mi har eg frå Mats Ericson, leiaren i Sveriges universitetslärare och forskare (SULF) i ein video på heimesida til SULF.

At alle ikkje hadde tenkt på alt før vi vart kasta inn i koronatilstanden, har eg ikkje tenkt å bruke som grunnlag for gå til åtak på nokon. Vi har for lengst gått over til ein meir langvarig, halvnormal fase, og det har vorte meir tid til å lage betre mellombelse ordningar. Dei lokale variasjonane er store, men mange arbeidsgjevarar har til dømes lagt betre til rette for betre heimekontor etter kvart.

Mange av dei nordiske fellestrekka held òg fram. Fleire peika på at arbeidsgjevarsida har overhøyrt, eller ikkje ein gong spurt etter, røysta til dei tilsette i viktige saker. Danskane fortalde om universiteta som gjerne vil eige materialet frå den omfangsrike – og tilfeldig oppståtte – nettundervisinga. I det kan det til og med liggje eit høve til å kommersialisere det. Mange vil kjenne att problematikken frå Noreg, og les uansett gjerne intervjuet med Olav Torvund, jussprofessor med opphavsrett som eit hovudfelt. Der tek han eit oppgjer med NTNU, som har ynskt å eige opptaka av nettførelesingar. Torvund presiserer at det i så fall trengst ein avtale mellom partane. Ei førelesing det er gjort opptak av sluttar ikkje å vere eit åndsverk, som nokon, nemleg opphavspersonen, har rettane til.

Dette fører meg til tyngdepunktet i denne teksten: Det er ein uting å bruke koronatilstanden til å sjå sitt snitt. Ordningar for ein mellombels tilstand kan ikkje utan vidare vere modell for det permanente.

Henrik Asheim, eg må nemne deg. 15. september var statsråden for forsking og høgare utdanning med på å presentere det nye programutkastet til Høgre. Partiet vil no heildigitalisere universitet og høgskular innan 2025 og krevje at alle offentlege universitet legg ut førelesingane gratis. «Har man et studie hvor man kan lære noe helt konkret – det bør være tilgjengelig for alle. Vi bruker nesten 40 milliarder kroner i året på denne sektoren, jeg skjønner ikke hvorfor det skal være så hemmelighetsfullt», sa han til Khrono. Ifølgje nettavisa meiner Asheim at ikkje alle førelesingar er «hensiktsmessig å legge ut», men at ein bør leggje ut oppsummeringar.

Kva er vi vitne til her? Jo, Asheim låner argumentasjon og mogeleg godvilje frå open tilgang-feltet. Prinsippet om at offentleg finansiert forsking skal vere ope tilgjengeleg – det kan vi overføre til undervising! Det er ikkje nærare definert i programutkastet om Høgre meiner direkteoverføringar av førelesingar eller opptak, men Asheims tanke om å leggje ut oppsummeringar får meg til å tenkje det sistnemnde, og eg meir enn anar at dette er eit velkome høve til gjenbruk og innsparing. Eg merkar meg elles at partiet som tykkjer at digitalisering er eit så populært ord at dei bruker det 16 gonger i programutkastet, ikkje ser ut til å ha teke innover seg at undervisinga, heilt uavhengig av koronatida, har fleire former enn førelesinga, både fysisk og digitalt – så skal seminarundervising eller interaktiv undervising òg leggast ut? Det vart ein lang setning, men det var verd det.

Statssekretær Paal Pedersen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet er heller ikkje framand for å sjå sitt snitt. I eit innlegg på Forskerforum.no i haust skreiv han: «Vi vil fortsette med digitale møter og hjemmekontor fremover i et betydelig omfang, noe som trolig vil redusere behovet for fysisk oppmøte på arbeidsplassen. Det vil også påvirke behovet for arealer i statlige bygg.» Bakteppet er debatten om arealnormen for offentlege bygg, og for å sitere Halvdan Sivertsen: «tankan bak e jævlig dårlig gjæmt». Ein kan spare pengar på å krympe bygga. Diskusjonen om kva slags arbeidsliv med tilhøyrande bygg vi får framover er legitim, men ein bør ikkje bruke koronatilstanden til å hoppe til konklusjonar og innsparingar. Det er ikkje ei tid for å sjå sitt snitt, men for å finne løysingar i fellesskap.

«Nu gör vi det här tillsammans».

Les også: