Leiar: Og bakom syng marknaden
LUKK

Leiar: Og bakom syng marknaden

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 6. februar 2018 kl. 08:00

Vi har atter fått ein eigen minister for forsking og høgare utdanning. Torbjørn Røe Isaksen har sendt to heftige stridsspørsmål vidare til Iselin Nybø.

Korleis skal vi sikre at Noreg utdannar nok folk til faga og yrkesgruppene vi treng? Dette var eit av dei underliggjande kjernespørsmåla då Kunnskapsdepartementet (KD) heldt den årlege kontaktkonferansen i Oslo i januar, ein møtestad mellom KD og toppane i sektoren.

Torbjørn Røe Isaksen, som framleis var kunnskapsminister, kom med to signal eg festa meg ved:

1) Regjeringa vil revurdere tilhøvet mellom stat og institusjonar. Statsråden siterte frå den nye Jeløy-erklæringa, og ifølgje denne vil regjeringa «ta initiativ til en mulighetsstudie for å se på ulike tilknytningsformer for universitets- og høyskolesektoren, som for eksempel foretaksmodellen, for å sikre mer uavhengige institusjoner.»

– Dersom staten gjev frå seg kontroll, hamnar han ikkje akkurat i instituttstyra, skriv redaktør Kjetil A. Brottveit.

Den mest nærliggjande parallellen til ei slik eventuell endring er helseforetaka. Det kan vere freistande for institusjonsleiarane å få større armslag overfor styresmaktene på nokre område, som forvalting av eigedomane, men innvendingane er vektige. Dersom ein er oppteken av kollegiale organ og demokratisk styring av forsking og høgare utdanning, er det grunn til å vere på vakt. Dersom staten gjev frå seg kontroll, hamnar han ikkje akkurat i instituttstyra. (Finst dei forresten enno?) Kontrollen hamnar i dei øvste styreroma, der den eksterne representasjonen vert større, og «leiing som ein eigen-profesjon» vert rådande som kvalifiseringsprinsipp. Brått er det næringslivsleiarar og ikkje staten som styrer.

Framlegget minner om det Ryssdal-utvalet kom med i 2003. Då heitte det «særlovsselskap», men essensen var den same: å gje universiteta ei friare stilling i høve til staten. Motstandarane vann for ein stor del fram. Etter fakkeltog og stort engasjement blant forskarane, vart det ikkje noko av den nye tilknytingsforma. Det aller mest omstridde var likevel overgang frå vald til tilsett rektor, som òg vart stoppa. Men det dåverande forskingsminister Kristin Clemet ikkje fekk til, har Røe Isaksen lukkast med: Hovudmodellen no er at rektor skal vere tilsett.

Røe Isaksen såg ikkje føre seg å bruke tvang i spørsmålet om tilknytingsform, men om departementet og den utvida regjeringa held fram som i førre periode, vil metoden vere å gjere alternativet så lite fristande at institusjonane – toppsjiktet, vel å merke – vil ynskje seg over til denne modellen. NTNU-rektor Gunnar Bovim har alt meldt seg interessert.

2) Den neste omstridde saka går òg rett inn i diskusjonen om tilhøvet mellom stat og institusjonar. Høgre har i ei tid verka etter å kome i gang med sentral dimensjonering. Kodeorda tyder meir statleg planlegging og styring av utdanningstilbodet. Regjeringa har alt sett ned eit eige utval, leia av Steinar Holden, som skal vurdere kva kompetanse norsk arbeidsliv vil trenge i framtida. Når dette lesast, skal dei ha kome med den fyrste rapporten. Røe Isaksen snakka nokså fritt om at vi i dag har eit samansurium av styringsmekanismar på dette feltet. Universiteta kan opprette og leggje ned studium som dei vil, men: «Systemet er litt schizofrent. En ting er hvordan det ser ut på papiret. Noe annet er hvordan vi i praksis dimensjonerer», sa han og viste til alle unntaka, som at det kjem pengar til studieplassar over statsbudsjettet. Eg kan leggje til at institusjonane kan ha fått nasjonalt ansvar for spesielle utdanningar av KD, som òg kan gje meir eller mindre uttrykkelege «signal», til dømes gjennom dialogmøte med institusjonane.

Og bakom syng marknaden. Institusjonane får betalt for å lage studiepoeng, og snur seg då gjerne i retning av pengestraumen. Problemet er at når alle institusjonane har lytta til KD og samtidig gjort det som løner seg, kan summen av utdanningstilbod i landet ha manglar. Kathrine Skretting, som no er rektor ved Høgskulen i Innlandet, kom med eit godt døme på dette: I tida som prorektor ved NTNU, stilte ho spørsmålet: Skal Noreg ha ein framandspråkstrategi? NTNU tilbaud nygresk, men ikkje polsk, vietnamesisk eller punjabi. «Vi må sikre oss som nasjon at vi kan språk i land der vi har interesser», sa Skretting. Dét er berre éi av grunngivingane for eit mangfaldig tilbod, landet sett under eitt. Ho tok til orde for nasjonal arbeidsdeling, men dette var eit spørsmål for styra, sa KD ifølgje henne den gongen.

Det er klart at meir nasjonal styring går ut over autonomien til institusjonane, og då er vi ved møtestaden for punkt 1 og 2: Dersom institusjonane vert meir fristilte frå staten enn før, korleis skal vi unngå hol i det nasjonale utdanningstilbodet?

Det kan Iselin Nybø fundere på.

Les mer: