Leiar: Slepp til Plan B
LUKK

Åpen tilgang:

Leiar: Slepp til Plan B

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 13. januar 2019 kl. 14:09

Ein kan ikkje innføre Plan S hals over hovud.

«Eg har ikkje ein Plan B. Eg har ein Plan S.» Dette vart forskingsminister Iselin Nybøs refreng i debatten om open tilgang til forsking i fjor haust. Med mogeleg unntak for ein ørliten joleferie, har diskusjonen gått vidare – ikkje om vi bør gå i retning open tilgang, men om tempoet i gjennomføringa er for høgt. I september slutta Noreg seg til planen om at offentleg finansiert forsking skal vere ope tilgjengeleg. Då var det berre snaue halvanna år til fristen i 2020, og for å seie det varsamt, sette dette press på alle ledd i norsk forsking. Rekk ein å ta – iallfall dei mest nødvendige – omsyna til forskarane og forskinga? Har forskarane grunn til å slutte seg til Plan S-toget i det tempoet det dampar av garde?

Forskingsrådet har fått og teke rolla som pådrivar og innpiskar, og før jol arrangerte dei i samarbeid med ulike universitet fleire debattmøte om Plan S. Det kunne sjå ut til å vere på tide. Diskusjonen på møta og i media var prega av til dels høg temperatur og mange åtvaringar. Dersom forfattarbetaling skal erstatte abonnementsutgifter som finansiering av tidsskrift – korleis sikre at det finst nok pengar til dette, og pengar i det heile for forskarar utanfor institusjonane?

Forlagskonserna som gjev ut dei fleste viktigaste tidsskrifta i dag tek seg altfor godt betalt, men noko av verdiskapinga og kvalitetssikringa dei står for må uansett gjerast. Fagfellevurdering er til dømes ei oppgåve for høgkvalifiserte folk, og tida dei bruker må betalast av nokon. Kva gjer forskarane på felt som ikkje har (gode nok) open-tilgang-tidsskrift? Det kan byggast opp, men av kven, og kor fort? Hindringar for internasjonalt samarbeid med land som ikkje er ein del av Plan S – eg kan til dømes nemne USA – gjev òg ein grunn til uro. I eit innlegg i Universitetsavisa har NTNU-professor Knut Holtan Sørensen problem med å ta tidsplanen seriøst. Han meiner at ingen norske universitet enno har gjort vesentlege praktiske førebuingar. Eg gjer som Holtan Sørensen og oppsummerer denne sekvensen med «hastverk er lastverk».

John-Arne Røttingen har på stutt tid vorte ein tydeleg forskingspolitisk figur. Direktøren i Forskingsrådet er ein slags nasjonal strateg og eit lokomotiv i denne saka. Han har òg vore på turné til dei største universitetsbyane på dei nemnde debattmøta, og sa til Universitetsavisa at han kjende på «en viss overraskelse over at en del norske forskningsmiljøer ikke synes å ha tenkt mer nøye gjennom hva dette betyr for den enkelte forsker og vedkommendes forskningsmiljø til tross for den åpne høringen i 2016 om det som nå er regjeringens nasjonale mål og retningslinjer.»

Eg deler ikkje overraskinga over at universiteta – frå forskarar til institutt, fakultet, administrasjon og styre – i ei tid med fusjonar, effektiviseringskutt, krav til høgare kvalitet i undervisinga, for å nemne noko, har hatt avgrensa med overskot til å ta inn over seg praktisk gjennomføring av Plan S og overskoding av konsekvensane. Sorry, Mac. Men han gjev nokre stikkord her eg kan bruke, for dei sirklar inn eit nytt stridstema. Den opne høyringa om open tilgang 2016, som han siktar til: Er den tilstrekkeleg som høyring eller konsekvensutgreiing i samband med Plan S? Ja, meiner Røttingen. Nei, meiner jussprofessor Hans Petter Graver.

Etter press frå forskingsmiljøa vart det ein ny innspelsrunde no, med frist 1. februar. Men: Denne går ikkje grunnleggande til verks, for premissen er innføring av Plan S. Dermed har det òg kome eit krav om ei konsekvensutgreiing, slik at alt det fundamentale kan kome fram. Forskerforbundet har òg sin eigen innspelsrunde blant lokallaga. Ikkje veit eg kva konklusjonen vert – dette vert styresak i januar. Men ut frå det eg veit no, meiner eg ein bør slutte seg til kravet om konsekvensutgreiing. Ikkje så kjapt og tøft, men fornuftig og reflekterande. Om lag som forsking, altså.

  • Les meir: