Leseverdig om Kunnskapsdepartementet si historie
LUKK
Annonse
Annonse

Leseverdig om Kunnskapsdepartementet si historie

Av Oddgeir Osland

Publisert 11. januar 2018 kl. 15:37

Velskriven historie om Kunnskapsdepartementet, men forfattaren held vala sine løynde.

Når Kim Helsvig – tidlegare forfattar av historier om Det Norske Videnskaps-Akademi, Pedagogisk forskingsinstitutt, Universitetet i Oslo og Pax Forlag – no har skrive Kunnskapsdepartementet (KD) si historie (1945–2017), har det blitt ei høgst leseverdig og velskriven bok. 

Fakta
<

Med dramaturgisk presisjon innleiar han boka med avrettinga av NS sin kyrkje- og undervisingsminister Ragnar Skancke i 1948, før han fører oss gjennom KDs si rolle i det han kallar utdanningsstaten fram mot midten av 1970-åra. Dette var ein periode med sterk ekspansjon i forsking (finansiert av tippemidlar), grunnskule (etableringa av niårig skule) og i høgare utdanning, også med verknad i distrikta (seinare statsråd Hernes hadde eit bilete på kontoret av eit nes utan høgskule).

Profesjonsstrid
KD var «rådenes departement». Dei sakkunnige råda, og då særleg Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og Forsøksrådet for skuleverket, skulle få avgjerande innverknad på norsk forsking og på skulesystemet. Dette er også ei historie om grensedraging mellom politikk og sakkunne, om profesjonskamp og striden om kva type ekspertise som skal legge premissa for utdannings- og forskingspolitikken. Eitt brennpunkt er Eva Nordland og sosialpedagogikkens utmanøvrering av test- og målingsorientert pedagogisk forsking frå 1960-åra og utover. Eit anna – delvis overlappande – er profesjonsstriden mellom lærarlaget og lektorlaget, til dømes om innhaldet i lærarutdanninga. Dette er historie som lærestykke. Skal vi forstå bastante posisjonar i notida, gjer vi ikkje dumt i å kjenne dei som delvis har lagt orda i munnen deira. Og sektoren er prega av institusjonell tregleik: Dei som trer inn i utdanningsfeltet som yrkesutøvarar og interesserepresentantar som tjueåringar, sit der gjerne i førti år.

Sprengd kapasitet
Det er ofte vanskeleg for meg – som halvpasjonert, tidvis overflatisk og dermed ikkje heilt oppdatert lesar av norsk utdannings- og forskingspolitisk historie – å avgjere kva i denne boka som er nytt, lånt eller samanstilt på nye og innsiktsfulle måtar. Men skildringa av overbelasta sakshandsamarar og kontor som bognar av ikkje handsama saksdokument, verkar ny – og overtydande. Den relativt låge byråkratiske kvaliteten og sprengde kapasiteten ved KD er ei sjølvstendig forklaring på trongen til å delegere oppgåver til lågare forvaltingsnivå frå seint 70-tal og utover. Helsvig viser også korleis forvaltingspolitikken i breiare forstand, med overføring av ansvar til kommunane og endra plan- og budsjettprosessar i samsvar med innføring av mål- og resultatstyring, får konsekvensar for makttilhøva i sektoren: som svekking av profesjonsorganisasjonane og professorane sin kollektive representasjon i organisasjonar og styringssystem.
Helsvig fører ein oversiktleg og presis analyse og argumentasjon fram til og litt forbi det energiske reformregimet til Hernes, med samanslåing av høgskular og forskingsråd, Reform 94 og Reform 97. Perioden frå 2000 og utover, som her går under vignetten «internasjonal vending», verkar meir summarisk, serleg frå og med Stoltenberg II-regjeringa. Her har kanskje tidsfristen spelt forfattaren eit puss?

Management-ideologi
Mang ein fagforeiningsrepresentant, Oslo-lærar og eldre historieprofessor vil nok nikke attkjennande når dei les Helsvig si framstilling av korleis lærarar og professorar dei siste 25 åra har fått svekt profesjonelt sjølvstende som følgje av at dei er «underlagt en internasjonal management-ideologi». Eg er ikkje sikker på om ei slik friksjonslaus attkjenning er eit godt teikn. For om svekt kollektiv profesjonell representasjon er eit godt dokumentert fenomen, er spørsmålet om profesjonell autonomi i yrkesutøvinga eit sterkt ideologisert, men svakare studert felt, både empirisk og normativt.
Som samtidshistorikar går Helsvig, med sine utval og si forståing av relevante og fenomen og fakta, inn i dagens forskings- og utdanningspolitiske strid. Vi er alle fanga i samtida, forma av historisk nedarva førestillingar, av erfaringar og av posisjonen vår i forskings- og utdanningsfeltet. Det gjeld også historikaren Helsvig. Då ville det vere av interesse korleis han metodisk har søkt å korrigere for sin eigen fordomsfulle posisjon, slik at tolkingane hans er kvalifiserte på andre måtar enn tolkingane til andre sentrale tolkarar – som til dømes når statsrådar skriv si historie.

Politisk vridd 
All samfunnsforsking er analytisk og empirisk selektiv – og dermed politisk vridd. Problemet med denne samtidshistoria er at dei analytiske, metodiske og tolkingsmessige vala ikkje er så lette å tyde, etterprøve og vurdere. Historia er nok ofte skriven av sigerskvinnene. Men denne boka er skriven av historikaren som gjev inntrykk av å analysere og overskode dei.