– Løyser ikkje hovudproblemet i SSB-saka
LUKK

– Løyser ikkje hovudproblemet i SSB-saka

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 27. mars 2018 kl. 12:40

Forslaget til ny statistikklov er no sendt til høyring. Både styringsform og forskingas plass i SSB står sentralt.

Utvalet som skulle levere forslag til ny statistikklov, la fram si utgreiing den 19. mars. Dei varsla omorganiseringane i Statistisk sentralbyrå (SSB), som skapte så store konflikter i fjor haust, vart den gongen stilte i bero i påvente av denne utgreiinga. No er forslaget altså sendt ut til høyring.

Framleis forsking i SSB

Utvalet foreslår at SSB framleis skal drive forsking og analyse, men at forskinga ikkje primært skal drivast med tanke på internasjonal publisering, men som ein støttefunksjon for SSB sine kjernefunksjonar: Produksjon av offisiell statistikk, og anvendte politikkanalysar.

Samstundes foreslår utvalet ei tydelegare styringsline frå ansvarleg departement til SSB, ved at dagens styre blir erstatta med eit uavhengig råd. Utvalet tilrår at SSB framleis skal vere fagleg uavhengig, slik dagens statistikklov slår fast, men presiserer at dette skal gjelde måten SSB utfører oppgåvene sine på, og ikkje kva for oppgåver som skal utførast.

Redaktør i bladet Forskningspolitikk, Per M. Koch, meiner statistikklovutvalet ikkje har løyst hovudproblemet i SSB-saka: At SSB både er eit forvaltingsorgan og samstundes eit forskingsinstitutt som skal konkurrere om forskingsoppdrag i marknaden.

– Korkje statistikklovutvalet eller Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite har teke opp dei grunnleggande forskingspolitiske spørsmåla knytt til SSB. Det ser ut som dei først og fremst har teke omsyn til Finansdepartementet sine behov, seier Koch.

Ingen perfekte løysingar

– Når det gjeld statistikkproduksjon har statsråden forvaltingsansvar. Men vi hadde ein runde på 90-talet der mange av forvaltingsinstitutta vart omgjorde til stiftingar eller aksjeselskap, og dette starta ein sterk tradisjon for at forskinga skal vere uavhengig. Så lenge statsråden har styringsansvar, vil det alltid kunne vere eit grunnlag for mistanke om styring av forskinga.

Utvalet drøftar moglegheiten for å skilje forskinga frå resten av SSB, men endar altså med å tilrå at dei to aktivitetane framleis skal vere samla. Koch meiner utvalet ikkje argumenterer overtydande for at dette er den beste løysinga, men legg mest vekt på praktiske omsyn.

LES OGSÅ: Finansministeren får kritikk i SSB-saken

– Her er det ingen perfekte løysingar. Det finst mange modellar, og alle har sine fordelar og ulemper. Skil ein ut forskinga, vil ein misse den tette faglege utvekslinga mellom statistikkavdelingane og forskarane, og moglegheitene for læring som det inneber. Og skal forskinga i SSB konkurrere i den same marknaden som alle andre, blir det ikkje lenger «finansdepartementet sitt forskingsinstitutt», der departementet kan byggje opp kompetanse over tid som dei kan nytte til å løyse sine oppgåver. Då må departementet kjøpe tenester i marknaden. Til gjengjeld kan det blir mindre mistanke om at forskinga er styrt, og ein kan leggje til rette for meir mangfald i forskinga, seier han.

– Poenget er at det må vere ei klar og prinsipiell forståing av statistikkens og forskingas funksjon, og det ser ut til å mangle.

Spørsmål ved uavhengigheit

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen etterlyste sist haust sterkare klargjering av SSBs faglege uavhengigheit i den nye statistikklova. Han meiner utvalet sitt framlegg peikar mot ryddigare styringsliner, og er glad for at utvalet seier at SSB sjølv skal avgjere korleis dei vil løyse oppgåvene departementet pålegg dei.

Samstundes er han skeptisk til at utvalet foreslår at den som bestiller forskinga, kan definere kva modell som skal brukast.

– Det kan sjølvsagt vere aktuelt for departementet å bestille analysar utført med same modell over fleire år, for å kunne følgje ei utvikling over tid. Men slikt forstår SSB av seg sjølv. Dersom departementet meiner å ha kompetanse som gjer det betre i stand til å vurdere metodeval enn SSB, då har dei også kompetansen til å gjere dei analysene sjølve. Så dette rokkar ved grunnlaget for SSB som uavhengig analyseleverandør, seier Olsen.

Enklare tilgang til data

Når utvalet har slått fast at SSB framleis skal drive forsking, så er det viktig at det også gjeld metodeforsking, peikar Olsen på. Samstundes er han glad for at utvalet framhevar at statistikk og data frå SSB må bli lettare tilgjengeleg for forskarar ved andre institusjonar. I fjor haust gjekk Forskingsinstituttenes fellesarena, saman med Universitets- og høgskulerådet, ut og ba om enklare tilgang til SSBs data. Dei hevda at det var blitt både dyrare og meir tidkrevjande å få tilgang til SSB-data til forsking.

– SSB er jo finansiert for å innhente slike data, og vi ved andre institusjonar må få tilgang til dette på like fot. Når det gjeld tilrettelegging av data, skal vi sjølvsagt betale for det, men den siste tida har prisane vore urimeleg høge. Dette tek statistikklovutvalet tak i, og det tykkjer eg er oppmuntrande, seier Olsen.

I mandatet til statistikklovutvalet inngjekk også å drøfte kva som skal vere offisiell statistikk, og å vurdere om andre enn SSB skal kunne utarbeide offisiell statistikk, og korleis arbeidsdelinga mellom SSB og andre statistikkprodusentar skal vere. Utvalet tilrår å etablere eit fleirårig program for offisiell statistikk, der SSB får hovudansvaret for å utarbeide programmet, som så skal vedtakast av regjeringa etter ein demokratisk prosess der brukarane av statistikken skal kome med innspel.

Per M. Koch i Forskningspolitikk trur eit nasjonalt statistikkprogram kan vere eit godt forslag fordi det vil krevje offentleg debatt om SSBs oppgåver.

– Det same gjeld Kontrollkomiteens innstilling, der dei seier at organiseringa av SSB bør vere gjenstand for grundig demokratisk debatt før noko blir gjort. Det sender tydelege signal om at desse spørsmåla er prinsipielt viktige og er av interesse langt utanfor finansdepartementet, seier han.