Med mot til å meine
LUKK

Med mot til å meine

Av Marte C.W. Solheim, postdoktor ved Senter for Innovasjonsforsking, Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger

Publisert 10. september 2018 kl. 13:25

Å delta i den offentlege debatten gjev ikkje poeng, og vert lett ofra i den akademiske tidsklemma til unge forskarar. Slik kan vi ikkje ha det, meiner Marte C.W. Solheim.

For nokre år sidan var eg i hovudstaden og heldt innlegg på «Næringslivsdagen» på Det Norske Teatret om forskinga mi knytt til mangfald og innovasjon. Eg var på denne tida stipendiat, og innlegget baserte seg på doktorgradsarbeidet mitt. Same dag som næringslivsdagen gjekk føre seg, så hadde rettleiaren min og eg ein kronikk på trykk i Aftenposten. Dagen før konferansen var eg på lyd-prøve, og eg gru-gledde meg til å halde innlegg framfor ein fullsett sal med direkte overføring til heile Noregs befolkning. Det var stort. Eg hadde familiemedlem i salen og familie, vener og kollegaer som følgde med på direkteoverføringa. Eg snakka mellom anna om koplinga mellom høgt utdanna utanlandskfødd arbeidskraft og samarbeid med internasjonale kontaktar, noko som igjen påverka innovasjonsevne og eksport. Tanken er at utanlandskfødd arbeidskraft ikkje bryt absolutt med sine heimland, men at dei held ved lag kontakten, noko som kan føre til auka tillit i desse banda. I tillegg sit utanlandskfødd arbeidskraft på kunnskap av språkleg og kulturell karakter, noko som kan legge til rette for samarbeid og eksport.

Takk og trussel

Etter at eg var ferdig med å halde innlegget, så kom ein mann bort til meg og sa at han ville takke meg. Han ville takke meg fordi at han meinte at eg hadde gjeve han ei stemme. Mannen var sjølv fødd utanlands og hadde høgare utdanning, og han fortalde meg om livet sitt. I etterkant av møtet med mannen så tenkte eg at ettersom han valde å takke meg, så ville det også vere menneske som ville det motsette. Ikkje lenge etterpå fekk eg rett. Ein e-post dumpa ned i postkassa mi med kopi til postmottaket ved universitetet der eg er tilsett. I e-posten kunne eg lese at vedkommande hadde sett seg nøydd til å føre meg (og rettleiaren min) opp på ei liste over menneske som promoterte islam og innvandring, og at når revolusjonen kom, så ville vi bli stilte for retten for landssvik. Så vart det altså slik at – basert på same tekst og innlegg – var vi på den eine sida eit viktig talerøyr, og på den andre sida landsforrædarar.

Smigra og uviss

Det første eg tenkte då eg fekk denne e-posten, var at eg ikkje heilt skjønte kva det var. Då eg gjekk inn på lenka som vedkommande hadde sendt meg, kom eg til ei oversikt over om lag 200 menneske som var blitt førte på denne lista, der dei fleste var samfunnstoppar som på ein eller annan måte hadde vore involverte i å omtale det fleirkulturelle Noreg. På den eine sida kjende eg meg smigra, på den andre sida tolka eg dette som ein måte å prøve å få oss til å vere stille på. Det var for meg eit gode å kunne ha ein rettleiar å diskutere dette med, og det å ha ein rettleiar som sjølv verdset formidling og formidlar i utstrekt grad, gav meg støtte og motivasjon til å fortsette. Både før og etter denne hendinga har eg opplevd liknande situasjonar, med kommentarfelt under kronikkar og intervju og i sosiale media som inneheld utsegner om meg personleg. Somme gonger har eg opplevd at menneske har teke kontakt for å diskutere med meg. Dette har til dømes skjedd i sosiale media, og eg hugsar ein episode særleg godt. På min private profil hadde eg delt ein kronikk eg hadde skrive omkring innvandring og innovasjon. Ein verbalt oppheita person skreiv med blokkbokstavar og utropsteikn om kor hjartans feil det eg hadde skrive, var. Eg dokumenterte fleire av argumenta som var brukte i kronikken, med referansar til anna forsking, og vi diskuterte fram og attende. Etter kvart vart det ein grei tone. Kanskje fordi vi fekk «møtast» og diskutert saman? Då var det ikkje berre å lire ut av seg kva som helst til ein ukjend forskar, men det vart møte mellom menneske. Særleg for meg som har forska på og skrive kronikkar om eit til tider betent og politisk høgaktuelt tema, så er det ikkje anna vente enn at det kan bli litt temperatur. Det at eg har vore igjennom ein del slike episodar i tidleg karriere, har vore viktig. Det har lært meg å argumentere og formulere bodskapar, og eg har kanskje fått litt tjukkare hud undervegs også.

«Vekk-kasta tid!»

På grunn av engasjementet mitt for forskingsformidling vart eg invitert til å halde foredrag for om lag 100 ph.d.-rettleiarar tidlegare i år om at formidling er viktig, og om å bygge mot til å meine. Ein av deltakarane rekte opp handa og sa: «Stipendiatar skal ikkje drive med forskingsformidling. Det skal dei først gjere seinare.» Men kva om seinare aldri kjem? Dette er også eit tankekors ettersom det vi vektlegg i forskarutdanninga, pregar haldningar til forskingsformidling seinare i karrierelivet. I kronikken «En forskers bekjennelser» i Forskerforum nr. 5/14 skriv Espen Gamlund at i vektskåla mellom å publisere i topp-journalar og å formidle, måtte formidling vike. Ifølgje Gamlund er det verken mogeleg eller ønskeleg å meistre begge delar. Gamlund hevdar at han har meir å tape enn å vinne på å skrive kronikkar, men meir å vinne enn å tape på å få publisert ein artikkel i ein topp-journal. Sjølv meiner eg at det eine ikkje treng å utelukke det andre. Eit betimeleg spørsmål er om det er slik at dei som brukar mykje tid på formidling, også publiserer mindre? På grunn av at eg ikkje har gøymt meg på kontoret gjennom doktorgraden, har eg vore så heldig å bli kjend med viktige aktørar i mangfaldsdebatten, og eg kan no i haust også publisere saman med ei synleg og viktig røyst. Eit doktorgradsløp er eit langt lerret å bleike, og då kan også det å gjennomføre populærvitskaplege bidrag gje ei oppleving av meistring og oppnådd milepæl, og det kan gje grobotn for vidare fagleg kurs. Noko av det som har vore mest givande for meg dei åra eg har vore i akademia, er forutan å samarbeide med dyktige fagfolk å formidle forsking til eit breiare publikum. Det å formidle forsking og seinare også sjå at det vert sett inn konkrete tiltak som følgje av forskingsresultata, er umåteleg inspirerande.

Velutrusta verktykasse

Innhaldet i ei doktorgradsutdanning består i dag i all hovudsak av å gjennomføre obligatoriske kurs og skrive ei avhandling. Det som vert vektlagt, er med andre ord å skrive for fagfellar. Er det mogeleg å innføre forskingsformidling som sjanger der ein hittil har trudd at det ikkje passa? Kan ein sjå føre seg at det i enkelte obligatoriske kurs, til dømes i forskingsetikk, er naturleg å diskutere kven som skal ha tilgang til forskingsresultat, og korleis nå dei? Kva med kursoppgåver til ph.d.-kurs – kunne ein heller skrive oppgåva i populærvitskapleg form? Ved å skrive ein kronikk, til dømes, må ein øve seg på å spisse bodskapen, tenke kritisk og ta eit standpunkt. Dette kan gje verdifull læring for å «finne si eiga stemme», for å tørre og kanskje også for å sjå relevansen av eige arbeid utanfor akademia. Gjennom brei forskingsformidling får forskinga også større høve til å bli nytta. Ein må bygge mot til å bruke stemma si slik at fleire enn akademiske fagfellar får tilgang til forskingsresultata. Mot til å meine kjem ikkje over natta, men ein kan få bygge seg sterk i løpet av ei forskarutdanning og i dialog med meir erfarne forskarar, men berre dersom det er rom og kultur for det.

Integrer formidlinga!

Det er mange måtar å formidle forskinga på, til dømes gjennom undervisning, gjennom å engasjere verksemder som kan ha nytte av forskinga, eller gjennom populærvitskaplege bidrag for å nemne noko. Ei einsretta fokusering på publisering kan bli snever og særleg framtredande med tanke på utfordringane og trendane som vi no står overfor, mellom anna med auka migrasjon og automatisering av arbeidsmarknaden. Då vert eigenskapar som å kunne arbeide tverrfagleg, systematisk, mangfaldig og kreativt fundamentalt. I tillegg er det få som tek ei forskarutdanning som får fortsette i akademia. Dermed er det å kunne sette forsking inn i ein annan kontekst meiningsfullt. I desse omskiftelege tidene bør ein særleg tenkje meir mangfaldig og tverrfagleg om korleis nye forskarspirer vert forma, samstundes som forskingsformidling vert vektlagd i finansieringssystemet.

Rettleiarar og systemet vektlegg ofte at avhandlinga er sluttproduktet på ein doktorgrad, ifølgje Katrin Maes (På Høyden, 2014). Maes meinte at ein burde endre på dette: «Det er personen som skal være sluttproduktet, med alt det hun eller han kan brukes til. (…) Det krever at veilederne begynner å bruke studentene sine på en annen måte enn de gjør i dag.» Eit doktorgradsløp bør vektlegge fleire måtar å lære på for å kunne gje ei solid verktykasse for vidare karriere både i og utanfor akademia, og der kan formidling utgjere ein viktig del.