Mein kva du vil, men mein. Det bør være minstekravet for folk som vil styre Forskerforbundet
LUKK

Mein kva du vil, men mein. Det bør være minstekravet for folk som vil styre Forskerforbundet

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 16. oktober 2018 kl. 00:53

Forskerforbundet skal velje nytt styre. Då kan det vere greitt å vite kva kandidatane meiner.

16.–17. oktober er det klart for representantskapsmøte i Forskerforbundet. Representantskapet er det øvste organet i forbundet, og noko av det viktigaste dei gjer er å velje leiar og styre for dei neste tre åra. Ved utgangen av året er Petter Aaslestad ferdig med leiargjerninga etter seks år.

Kjetil Brottveit, redaktør

«De siste fire periodene har forbundets ledere vært mannlige professorer i 60-åra, fra Universitetet i Oslo eller NTNU, og med overvekt fra humaniora. Det gir et uvanlig homogent lederbilde, mens forbundet har en heterogen medlemsmasse.» Dette sa Kristin Dæhli då Forskerforum i fjor tok opp spørsmåla om leiaren i Forskerforbundet må vere professor (ja, det har vore ei utbreidd meining), og kvifor éi einaste kvinne – Ruth Kleppe Aakvaag i 1980-åra – har hatt posisjonen sidan 1955. Dæhli er ein røynd Forskerforbundet-representant lokalt og sentralt, og no er ho føreslått som ny nestleiar i forbundet.

Alt tyder på at forbundet snart får ein leiar som ikkje passar til karakteristikken Dæhli gav den gongen. Valkomiteen har føreslått Guro Lind til vervet. Ho er ein relativt ung biologiprofessor, jobbar med kreftforsking ved Oslo universitetssjukehus, var den fyrste leiaren for Akademiet for yngre forskere – ja, høyr alle desse ytre kjenneteikna. Vi treng dei for å plassere henne, men vi treng òg å vite kva ho meiner. Og no nærmar vi oss iallfall eit Forskerforbundet med opnare meiningar.

Lat oss hoppe to leiarval tilbake. Valkomiteen føreslo Petter Aaslestad som leiar. Kristian Mollestad ynskte òg vervet, og dei to presenterte kandidatura sine gjennom kronikkar i Forskerforum. Dette var i opnaste laget for enkelte røyster, som såg det som ein uting å klusse til heile valet med fleire kandidatar. Hadde ikkje valkomiteen handtert saka demokratisk og upåklageleg?

Tek vi spranget fram til neste val av leiar og styre i 2015, tykte eg lista over dei føreslåtte styremedlemmene verka overtydande. Her var det ei rekkje folk med brei fagforeiningsbakgrunn, og mange som var vane med å stå i strid. Det som mangla i innstillinga frå valkomiteen, var kva kandidatane stod for. Forskerforbundet er ein så samansett og mangfaldig organisasjon at puslespelet med å få representasjon frå spreidde og ulike institusjonstypar kan ta heilt overhand. Men folk er meir enn representantar for eigen institusjon og sektor. Dei er meir enn fagbakgrunn, CV, «høgskulelektor» eller «universitetsprofessor». Det mest interessante i denne samanhengen er kva politikk dei meiner Forskerforbundet skal føre, og korleis dei vil at forbundet skal arbeide for best å kunne få gjennomslag.

Dette er ikkje nye tankar frå meg, men minst tre år gamle, for då framførte eg dei på leiarplass. Resultatet var oppløftande: Fleire av kandidatane til styret var sporty nok til at dei kjapt sende oss «valkamptalar», som Forskerforum.no kunne publisere i tide før valet.

Denne gongen har valkomiteen teke med noko om kva kandidatane er opptekne av. Det står meir om kva tema folk er orienterte mot enn kva sterke meiningar dei har, men det er iallfall eit framsteg. Dei om lag 200 delegatane som skal sitje på Gardermoen og røyste på representantskapsmøtet i oktober har eit noko betre grunnlag enn før.

Kva meiner så den føreslåtte leiaren Guro Lind? I innstillinga frå valkomiteen går det fram at ho er særleg oppteken av løn: «lønnsutviklingen hos kunnskapsarbeiderne må bedres og i større grad reflektere deres kompetanse, innsats og ansvar.» Lind markerer seg òg i to svært aktuelle spørsmål i forskings-Noreg: Ho vil arbeide for betre karrierevegar for forskarar (diskusjonen om ny stillingsstruktur skriv vi om på side 10‑11). Ho er dessutan negativ til å spreie føretaksmodellen, som ho kjenner frå sjukehussektoren, til universitet og høgskular. Kva tilknyting desse institusjonane skal ha til staten vert no utgreia.

De som skal på representantskapsmøtet, finn lengre presentasjonar av kandidatane i innstillinga frå valkomiteen. På møtet er det òg høve til å føreslå andre kandidatar. Forskerforum vonar på debatt om sak og retning for forbundet. Ha godt møte og godt val!

  • Les også: