Mobile forskarar har størst gjennomslag
LUKK
Annonse
Annonse

Mobile forskarar har størst gjennomslag

Av Forskerforum

Publisert 9. oktober 2017 kl. 11:51

Forskarar som kryssar landegrenser, blir sitert 40 prosent meir enn forskarar som held seg heime, viser ny oversikt.

Det gjeld uavhengig av kvar dei er og kvar dei kom frå, skriv forskarane bak studien. Dei har analysert 14 millionar artiklar skrivne av 16 millionar forskarar mellom 2008 og 2015, og presenterte nyleg resultata sine i Nature.

Cassidy R. Sugimoto og kollegaene har teke utgangspunkt i kva som er forskarane sitt «vitskaplege heimland» – landet dei budde i då dei publiserte sin første artikkel. Så har dei undersøkt om forfattarane er tilknytt institusjonar i andre land ved seinare publikasjonar. Medan tidlegare studiar av mobilitet gjerne har vore konsentrert om migrantar – forskarar som startar å publisere i eitt land, for så å flytte til eit anna land og halde fram karrieren der – fann Sugimoto og kollegaene at meir enn 70 prosent av dei mobile forskarane i studien deira, ikkje kutta banda til det vitskaplege heimlandet sitt, men skaffa seg stadig fleire tilknytingspunkt i fleire land utan å gje slepp på dei gamle. Mange reiste etter kvart tilbake til heimlandet.

Europa har eit netto «forskartap» på 22 prosent, Asia på 20 prosent. Dei fleste av desse mobile forskarane endar i Nord-Amerika, som har ein netto «forskarvinst» på 50 prosent. Men forskarane meiner det er feil å sjå på tala som ein konkurranse mellom kven som vinn eller tapar forskarar – «brain drain» eller «brain gain». Dei meiner det er meir fruktbart å snakke om ein «hjernesirkulasjon», nettopp fordi forskarane dannar nettverk i staden for å bryte gamle tilknytingar.

Åtvarar mot isolasjonisme

Studien viser at nokre regionar, som Nord-Amerika og Nord-Europa, sender ut mange forskarar som allereie er mykje siterte før dei reiser. Asia merkar seg ut ved å tiltrekke seg mange etablerte og høgt siterte forskarar. Oseania er ein «inkubator», som sender ut forskarar som blir høgt siterte etter at dei har reist, særleg dersom dei endar i Nord-Amerika eller Sør-Europa.

Sugimoto og medforfattarane viser til at landa med dei mest solide forskingssystema, vinn på å utdanne, halde på, og tiltrekke seg flinke forskarar. Land som har mindre etablerte forskingssystem, realiserer potensialet sitt ved å rekruttere etablerte forskarar eller tilby ein start til forskarar som seinare gjer viktig arbeid i andre land. Men uavhengig av region, er dei mobile forskarane meir siterte enn dei som held seg i heimlandet. Med Brexit og tiltak som dei amerikanske innreiseforboda i bakhovudet, åtvarar difor forfattarane om at isolasjonisme straffar seg for alle partar. USA, Storbritannia, Frankrike, Canada og Tyskland er særleg viktige nodar og springbrett i det globale forskarnettverket, og isolasjonisme i desse landa vil ha spesielt negative konsekvensar, meiner dei.

Forfattarane bak studien vedgår at deira analyse er grovmaska, og meiner vi treng å vite meir om forskarmobilitet, spesielt sidan mobiliteten aukar, men samstundes er i ferd med å bli vanskeleggjort. Dei peikar på at eit land som USA får sine viktigaste forskingsgjennombrot frå forskarar som er fødde og utdanna i utlandet. Samstundes vil meir amerikansk isolasjonisme påverke dei landa som sender forskarar til USA for å få utdanning, før dei seinare reiser heim att.

Det som er klart, konkluderer forfattarane, er at sjølv om dei internasjonalt mobile forskarane utgjer ein liten minoritet av alle forskarar, har dei mest gjennomslagskraft globalt. Å setje grenser for forskarmobilitet vil difor få negative konsekvensar for heile det globale forskingssystemet.