Musea manglar ressursar til forsking
LUKK

Musea manglar ressursar til forsking

Av Johanne Landsverk

Publisert 19. mars 2019 kl. 21:18

81 prosent av musea meiner dei har dårleg tilgang på forskingsressursar, ifølgje ny undersøking.

Kulturrådet har gjennomført ei omfattande spørjeundersøking ved musea under Kulturdepartementet om korleis dei har opplevd tida etter innføringa av museumsreforma, og kva for utfordringar musea ser føre seg i neste tiårsperiode.

Det er museumsleiarane som har svart på undersøkinga, og dei fleste av dei opplever ei fagleg styrking etter at museumsreforma vart innført. 

Fakta
<

I undersøkinga vart musea spurde om å vurdere tilgangen til kompetansen og ressursane knytte til forsking. 81 prosent av musea var einige om at dei hadde ikkje tilfredstillande eller dårleg tilgang på ressursar knytte til forsking.

– Dette er alvorleg, meiner generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet. – Eg trur dette speglar ein trongare økonomi og eit mindre handlingsrom internt i musea etter innføringa av ABE-reforma (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma), som musea under Kulturdepartementet er ramma av. Det er også få eksterne forskingsressursar som er tilgjengelege for musea, seier ho.

 – Forsking er forsking

54 prosent av museumsleiarane svarte at dei hadde tilfredstillande eller god tilgang til kompetanse, medan 47 prosent svarte dei hadde ikkje tilfredstillande eller dårleg tilgang. Musea hadde også ulik oppfatning av kva forsking i museum er.

– Det eg er mest overraska over, er at museumsleiarar så tydeleg framleis er i tvil om kva som ligg i omgrepet forsking, seier Ramskjær.

Fleire museum svarar at forsking i museum er noko anna og meir praksisnært enn tradisjonell akademisk forsking.

Ramskjær seier det er meiningslaust å lage ein eigen definisjon på museumsforsking.

– Forsking er forsking, uavhengig om det går føre seg på eit universitet eller eit museum. Men musea gjer mykje som kan gå inn under gjeldande definisjon av utviklingsarbeid i FoU-omgrepet, meiner ho.

Ikkje ei evaluering

I undersøkinga vart det også spurt om blant anna ressursar, samarbeid, eigarstruktur, formidling, digitalisering og samlingsforvaltning. Kulturrådet presiserer at dette ikkje er ei evaluering av museumsreforma, men ei undersøking med vekt på perspektiva til museumsleiarane. I 2019 skal det gjennomførast fleire undersøkingar i museumssektoren, som samla vil utgjere eit kunnskapsgrunnlag for ei ny stortingsmelding om museum.

  • Les også: