Myndigheitene forstår ikkje kva musea treng for å få til forsking av høg kvalitet
LUKK

Forsking i musea:

Myndigheitene forstår ikkje kva musea treng for å få til forsking av høg kvalitet

Av Årstein Svihus (Museum Vest), Thomas Michael Walle (Musea i Sogn og Fjordane) og Heidi Richardson (Hardanger og Voss museum). Alle er prosjektleiarar for utviklingsprosjektet «Forskingsinfrastruktur for musea i Vestland».

Publisert 19. april 2023 kl. 13:30

Myndigheitene har høge ambisjonar for forsking ved musea. Men vilja til forsking vert møtt med mange hindingar, ifølge kronikkskribentane.

Til liks med museumskollegaer i heile Noreg var vi svært nøgde da Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) i museumsmeldinga Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid (Meld. St. 23 (2020–2021)) følgde opp det vanlege munnhellet om at musea skal forske, med konkrete tiltak for å betre vilkåra for forsking i musea. Med utgangspunkt i rapporten «Vilje til forskning – museumsforskning i Norge i det 21. århundre», som blei utarbeidd av eit utval leia av professor i museologi Brita Brenna, tok meldinga fatt i nokre av dei strukturelle utfordringane som musea møter når forskingsambisjonane skal bli til forskingsresultat. Det blei varsla innfasing av «eit titals stipendiatstillingar til museumsforsking» og ei «søknadsbasert ordning for finansiering av museumsforsking».

Fekk tilskot til forskingsinsfrastruktur

Med utgangspunkt i den same skildringa av utfordringane som museumssektoren møter, lyste Kulturdirektoratet i 2021 ut midlar til treårige utviklingsprosjekt for å styrke samarbeidsrelasjonar og infrastruktur for forsking i musea. Vi fekk tilskot til prosjektet «Forskingsinfrastruktur for musea i Vestland», eit samarbeidsprosjekt mellom åtte KUD-finansierte museum, som også har fått stønad frå Vestland fylkeskommune.

Prosjektet har gitt oss høve til å prøve ut fleire tiltak for å betre vilkåra for forsking i musea, og kan i sitt andre år allereie vise til konkrete resultat. Éin ting er dei individuelle forskingsresultata, men viktigare er etableringa av ein fellesskap, der vi bygger eit varig forskingsmiljø som er uavhengig av tidsavgrensa forskingsprosjekt.

Musea fekk ikkje søkje sjølve

Etter at infrastrukturprosjektet fekk tilslag, var vi svært spente på korleis KUD ville følgje opp museumsmeldinga. Fleire av våre tiltak blei utvikla med omsyn til dei varsla satsingane. Ei løyving på statsbudsjettet for 2022 på 5 millionar (vidareført i 2023) synte at dette var meir enn tomme ord, men korleis desse midlane skulle nyttast konkret, var ikkje utarbeidd.

I april 2022 blei det klart at midlane til «Samarbeidsprosjekt for å styrke forskning og forskerrekruttering i museene» skulle forvaltast av Noregs forskingsråd med ei total ramme på 15 millionar over tre år, innanfor rammene av deira ordningar. Eit konkret resultat av det var at KUD-musea var avskorne frå å søkje sjølve, men måtte samarbeide med godkjende norske forskingsorganisasjonar (Norsk Folkemuseum, Nasjonalmuseet og Norsk Teknisk Museum, er dei einaste KUD-musea som er godkjende som forskingsorganisasjonar).

Sjølv om utlysinga hadde krav om at minst eitt museum utanfor forskingssektoren måtte vere samarbeidspartnar i prosjektet, flytta denne innretninga initiativet og avgjerdsmyndet frå dei musea som løyvinga over statsbudsjettet var retta mot, og over på forskingsorganisasjonar som frå før har rik tilgang på forskingsmidlar.

Som tilsette med ansvar for forsking ved våre respektive museumsinstitusjonar opplevde vi fleire døme på at våre museum blei inviterte inn som samarbeidspartnar i allereie utvikla prosjekt, og der forankringa i musea og våre kunnskapsbehov var svak. I tillegg var løyvinga på 4–5 millionar pr. prosjekt så knapp at hovuddelen av midlane måtte reserverast til dei treårige stipendiatstillingane som skulle inngå i prosjektet: Rundsumsløyvinga for stipendiatstillinga utgjorde for prosjektperioden om lag 3,8 millionar. Sjølv med prosjektkostnadar på nivå med maksimumsbeløpet på 5 millionar blir det lite å fordele mellom den prosjektansvarlege institusjonen og det/dei musea som inngår som samarbeidspartnar.

Forskingsprosjekt med eit månadsverk per år

Sjølv utvikla vi eit prosjekt i samarbeid med Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen. Utforminga av prosjektet tok utgangspunkt i dei særlege faglege føresetnadane vi som museumsforskarar tok med oss inn i samarbeidet, og med vekt på kunnskapsbehova ved våre museum. AHKR var ein viktig sparringspartnar i arbeidet med prosjektet, men prosjektutviklinga låg heile tida hos oss som museumsforskarar.

Med utgangspunkt i dei knappe løyvingane i prosjektet gjekk AHKR ned frå si normale utrekning av administrative kostnadar for å gi rom for eit mindre frikjøp for våre respektive forskingsbidrag: Eit månadsverk pr. år for dei tre prosjektdeltakarane, supplert med tilsvarande eigenandel frå våre institusjonar, må seiast å vere minimum av kva som må til for å kunne gjennomføre forskingsprosjekt som møter dei faglege krava.

Vårt prosjekt var ikkje blant dei tre som fekk tilslag, og sjølv om det er ergerleg, er det ein skjebne vi deler med høgt kvalifiserte forskarar i heile Noreg – og med 15 andre innsende prosjektsøknadar til denne utlysinga. Vi vil sjølvsagt følgje spent med på korleis dei tre prosjekta som fekk tilslag, kan bidra til å styrkje forskinga hos KUD-musea. Vårt prosjekt fekk likevel svært gode vurderingar frå fagpanelet, med konkrete innspel om kva som burde takast tak i for å styrkje søknaden ytterlegare. Vi såg difor fram til å utvikle prosjektet vidare i samarbeid med AHKR, med tanke på ei seinare utlysing.

Treng friske midlar

Det kan bli ei lang ventetid. Forskingsrådet har gjort det klart at det ikkje blir ei ny utlysing på ordninga før det kjem nye midlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Det betyr at det tidlegast kan skje noko i 2024, med prosjektoppstart i 2025, føresett at KUD løyver midlar over statsbudsjettet i oktober i år (utover dei som er bundne opp i dei tre tildelte prosjekta). Heller ikkje frå Kulturdirektoratet er det positive signal om korleis det vi trudde var ei større satsing på museumsforsking, vil bli vidareført.

Dei «titals stipendiatstillingane til museumsforsking» er så langt avgrensa til tre stipendiatar som ifølgje utlysinga «kan være tilknyttet et museum», altså ikkje som eit absolutt krav.

Det har for oss ikkje vore mogleg å få informasjon om kva som er tenkt med den søknadsbaserte ordninga for finansiering av museumsforsking, og om dette vil vere ei ordning som vi i musea kan søkje på direkte. Også her er meldinga frå Kulturdirektoratet at det må friske midlar frå KUD til før ei slik ordning blir utvikla. Ei innretning som er så kortsiktig og lite føreseieleg, kan knapt kallast ei satsing.

Dårleg tilgang til faglitteratur

For vår del var det fagleg motiverande å jobbe med å utvikle eit forskingsprosjekt til utlysinga frå Forskningsrådet. Vi var i ein heldig situasjon, der vi gjennom utviklingsprosjektet «Forskingsinfrastruktur for musea i Vestland» kunne nytte delar av arbeidstida vår til den krevjande jobben det er å utvikle eit prosjekt som møter dei høge vitskaplege krava som Forskingsrådet stiller. Vi har stor forståing for at det kan vere vanskeleg for våre kollegaer ved andre museum å legitimere ein slik tidsbruk når utfallet er så usikkert, og dette har ikkje blitt styrkt av dei signala vi har fått så langt.

Her er det òg verdt å nemne at den dårlege tilgangen på forskingslitteratur som rår i dei KUD-finansierte musea, er eit særskilt hinder for utvikling av både små og store forskingsprosjekt. I dag, når nye publiseringar er eit tastetrykk unna for universitets- og høgskuletilsette, er manglande tilgang for musea attåt svak finansiering noko som skapar eit veksande gap mellom vår sektor og andre kunnskapsinstitusjonar.

I vårt tilfelle blei problemet «løyst» ved at to av oss hadde tilgang gjennom bistillingar i UH-sektoren. Det var vesentleg for dei originale kvalitetane som vårt prosjekt fekk. Dei fleste museumsforskarar har derimot ikkje høve til å vere gratispassasjerar på andre institusjonars tilgang, men må nøye seg med opne tidsskrift og elles freiste å halde seg oppdaterte gjennom omstendelege innlånsrutinar ved offentlege bibliotek eller kostbare kjøp av tidsskrifttilgang. Dette er etter vår meining ikkje ei berekraftig løysing, og det er grunn til å tru at denne situasjonen også gjer det krevjande for museumsforskarane å ta initiativ til å utvikle prosjekt i samarbeid med forskingsorganisasjonar utanfor museumssektoren.

Musea må ha initiativet

Viss Kultur- og likestillingsdepartementet meiner alvor med si satsing på forsking i musea, meiner vi det må meir langsiktige satsingar på plass, samstundes som ein tek tak i dei strukturelle hindera vi som museumsforskarar møter. Det er, slik vi ser det, også naudsynt at framtidige satsingar på museumsforsking i større grad legg til rette for at initiativet for prosjektutvikling og samarbeid med UH-sektoren ligg hos musea sjølve.

  • Les også: