Noreg treng gjennomarbeidde, kvalitetssikra fagtekstar på norsk
LUKK

Noreg treng gjennomarbeidde, kvalitetssikra fagtekstar på norsk

Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Publisert 27. juni 2025 kl. 13:14

Dei kvalitetssikra tekstane med norsk terminologi er det aller viktigaste elementet i å halde oppe eit norsk fagspråk, skriv Åse Wetås.

I debatten i Forskerforum om rapporten Det går på engelsk og norsk frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) ønskjer Språkrådet å kommentere noko av faktagrunnlaget som har blitt lagt fram av Vidar Røeggen frå Det nasjonale publiseringsutvalget 26. mai (Det går på engelsk og norsk) og Anna Løken og Randi Halveg Iversby frå UHR-Bibliotek 23. juni (Betyr sviktende boksalg at norsk fagspråk er i krise?).

Les resten av debatten:

I innlegget frå 26. mai viser Røeggen fram to figurar som skal vise korleis vitskapleg publisering og formidling fordeler seg på engelsk, norsk og andre språk innafor dei ulike fagområda i høgare utdanning. Det verken figurane eller teksten seier noko om, er kvar tala er henta frå, og om dei gjeld for eitt år eller eit lengre tidsrom (til dømes fem år eller ti år). Vi må gå ut frå at datagrunnlaget er henta frå Cristin, registreringssystemet for publisering for tilsette ved norske universitet og høgskular. Det store talet på tekstar som figurane viser, tyder på at dei gjeld for kanskje så mykje som ti år. Då ville det vore naturleg å vise om og eventuelt korleis fordelinga på dei ulike språka har endra seg i løpet av eit slikt tidsrom. Språkrådet har sett på dette i Språkstatus 2025, som inneheld data frå Cristin frå tidsrommet 2015–2023.

Når det gjeld vitskaplege publiseringar, viser tala at den norske prosentdelen har gått ned frå 15 til 8 prosent i perioden, samstundes som den engelske har auka tilsvarande. Som Røeggen nemner, har det vore ein til dels stor auke i det samla talet på publiseringar (om lag 30 prosent). Denne auken finn vi att i publiseringar på engelsk. Tala er litt ulike for forskjellige fagområde. For det tidsrommet vi har pålitelege tal (2019–2023), ser vi at prosentdelen norske publiseringar innan humaniora har gått svakt nedover. I 2023 var norskandelen der på om lag 25 prosent. I samfunnsvitskapane finn vi ein endå tydelegare nedgang, frå 25 til 20 prosent i same tidsrommet. Innan medisin og helsefag ligg dei norskspråklege publiseringane på kring 5 prosent, og innan realfag og teknologi finst det omtrent ikkje publiseringar på norsk.

Når det gjeld formidling, saknar vi ei presisering hos Røeggen. Han nemner at formidlinga «underrapporteres i forskningsinformasjonssystemet». Det er gode grunnar til å tru at det er tilfellet, men figurane han viser til, ser ut til å gjelde all formidling registrert i Cristin (både munnleg og skriftleg). Det som er viktig for å halde oppe eit norsk fagspråk, er at det finst lengre kvalitetssikra tekstar der forfattarane har hatt høve til å bruke og utvikle det særskilde ordforrådet (terminologien) som høyrer til faget. Det er slike tekstar Språkrådet har sett på i Språkstatus 2025, dvs. kategoriane «bok», «rapport», «leksikonartikkel», «tidsskriftpublikasjon» og «del av bok/rapport» i Cristin. Fordelt på språk ser vi at det i desse formidlingskategoriane er ein svak nedgang i delen norsk i tidsrommet 2015–2023 (frå 71 til 67 prosent). I desse kategoriane har vi ikkje kunna hente ut tal fordelt på fagområde, då grovt sett 90 prosent av registreringane ikkje viser fagområde. I tillegg ser ikkje talet på formidlingsbidrag ut til å ha same auke som for dei vitskaplege publiseringane, trass i at det har vore ein stor auke i talet på tilsette forskarar i perioden.

I innlegget frå 23. juni viser Løken og Halveg Iversby til talet på referansar i pensumlistesystemet Leganto som var merkte som artiklar, og talet på referansar merkte som bøker, bokkapittel eller andre utdrag frå bøker i 2024. Tala fortel oss ikkje noko om språk, som dei også presiserer. Dermed er det vanskeleg å forstå at desse tala skulle støtte opp om den overordna påstanden deira om at «norsk fagspråk brukes aktivt på andre områder».

Språkrådet har hatt eit tett samarbeid med Sikt (og HK-dir) for å få språk inn som obligatorisk registrering i Leganto, og ein ny funksjon for dette kom i 2023. Språkrådet gjennomfører i 2025 også ein tilbodskonkurranse i håp om å få gjennomført ei undersøking som vil gje oss nye opplysningar om språk i pensum for eit utval fag som så vil kunne samanliknast med tal frå den førre pensumundersøkinga frå 2011. Ønsket er at undersøkinga også skal gje eit oversyn over endringar i pensum både når det gjeld språket i tekstane og kva format pensum består av i dag samanlikna med for snart 15 år sidan.

Hovudpoenget vårt er at det er dei lengre, kvalitetssikra tekstane med norsk terminologi i bruk som er det aller viktigaste elementet i å halde oppe eit norsk fagspråk. Dei er viktige for studentane, fordi dei fungerer som modellar for korleis faget kan uttrykkast skriftleg på norsk. Dei er også viktige for studentane si faglege læring. Den gjennomarbeidde språkbruken i godt kuraterte fag- og lærebokstekstar får ikkje studentane ved bruk av ChatGPT eller andre tekstrobotar, eller ved rein munnleg språkbruk.

  • Les også: