Ny dagleg leiar ved Nordnorsk kunstmuseum
LUKK

Ny dagleg leiar ved Nordnorsk kunstmuseum

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. april 2021 kl. 18:29

I påvente av ny direktør har styret tilsett Line Fusdahl som dagleg leiar ved museet.

Nordnorsk kunstmuseum har framleis ikkje tilsett ny direktør. Men måndag vart Line Fusdahl konstituert som fungerande dagleg leiar.

– Eg får det øvste ansvaret, ja. Eg har tjue års erfaring frå kulturfeltet, men eg har ikkje kunstfagleg utdanning. Heldigvis har museet ei kuratorgruppe som jobbar med det kunstfaglege innhaldet, seier Line Fusdahl, som måndag hadde første arbeidsdagen som dagleg leiar ved Nordnorsk kunstmuseum (NNKM).

Det har storma rundt Nordnorsk kunstmuseum det siste året. Etter at tidlegare direktør Jérémie McGowan måtte gå på dagen, gjekk han til sak mot museet, men tapte i retten. Fleire styremedlemer og varamedlemer har trekt seg frå styret, og kunstnarorganisasjonar og representantar for det samiske miljøet har mista tillit til museet. Før påske skreiv også tre fagforeingar ved museet eit ope brev til kulturministeren der dei bed heile styret om å trekke seg. Så den nye leiaren skal få litt å ordne opp i.

Fusdahl har lang erfaring frå kulturadministrasjon, blant anna ved Tromsø Symfoniorkester og Ordkalotten Tromsø Internasjonale litteraturfestival. Ho har også jobba ved Nordnorsk kunstmuseum tidlegare og kjem no frå jobben som festivaldirektør for Nordlysfestivalen.

Erfaring frå kulturlivet og Høgre

Fusdahl har lang fartstid som politikar, og sit i dag som fylkestingsrepresentant for Høgre i Troms og Finnmark. Styreleiar Grete Ellingsen ved NNKM har tidlegare vore ordførar for same partiet.

– Så to Høgrekvinner skal leie museet framover?

– Ja, men eg har jobba lenger med kunst og kultur enn med politikk. Den politiske bakgrunnen min gjer at eg har god oversikt over det politiske miljøet både i regionen og nasjonalt.

– Museet er i ein vanskeleg situasjon, og har mista mykje tillit både blant tilsette, i kunstmiljøet og i det samiske miljøet. Kva vil du gjere med dette?

– Eg må bli kjend med dei tilsette. Så får vi ta ein ting om gongen. Vi har ei stor utstilling som opnar 2. mai, og så har vi ei museumsmelding der det står ein del om Nordnorsk kunstmuseum. Det kan kome godt med at eg har eit stort nettverk i kulturlivet frå før, seier ho.

Styreleiar har ikkje vurdert å gå

Styreleiar Ellingsen ved NNKM seier dette om tilsetjinga av Fusdahl:

– Dagleg leiar vil i praksis fylle rolla som direktør. Ho vil sitje i stillinga til 1. oktober eller til vi har ein direktør på plass, seier Ellingsen.

Ho vil ikkje kommentere innhaldet i det opne brevet frå tillitsvalde der det kom fram sterk mistillit mot styreleiaren.

– Forholdet mellom dei tilsette og styret er noko som vi jobbar med internt på museet. Vi har sagt at vi vil ta initiativ til kontakt mellom styret og dei tillitsvalde. Vi ønsker å få til ein dialog, seier Ellingsen.

– Du vurderer ikkje å trekke deg når du får så stor mistillit?

– Biletet er svært nyansert og er knytt til ulike saker. Blant anna har vi hatt ei arbeidsrettssak, der saksøkar, tidlegare direktør McGowan, tapte. Museet er fullfinansiert av Kulturdepartementet, og styret er oppnemnd av departementet. Vi har blant anna fått i oppdrag i å sjå på korleis styresamansetjinga skal vere i framtida. Dette tok vi i opp i eit dialogmøte med representantar for kunstnarorganisasjonane, Sametinget og fylkeskommunane i førre veke. Vi ønskjer å få til ei større forankring i heile landsdelen, seier ho.

– Men du som styreleiar har ikkje vurdert di rolle?

– Nei, saman med resten av styret har vi fått eit mandat fram til 2023.

  • Les også: