Offensiv for forsking
LUKK

DEBATT

Offensiv for forsking

Av Per Halse, rektor og Marie Nedregotten Sørbø, prorektor

Publisert 14. juni 2012 kl. 09:26

Det er ikkje korrekt at høgskulen går inn for å kutte forskinga, meiner leiinga ved Høgskolen i Volda.

offensiv-for-forsking


Strategien vil kunne resultere i meir og betre forsking, meiner rektor og prorektor ved Høgskolen i Volda

Fakta
<

Forsking ved høgskulane: Høgskulen i Volda har lenge vore mellom dei fremste når det gjeld vitskapleg publisering. I forhold til talet på fagleg tilsette var det for 2011 berre to statlege høgskular som kom betre ut i statistikken. Leiinga ynskjer å halde oppe det høge nivået. Difor må vi få korrigere mistydingane som Forskerforum nr. 5 gjev att frå pressa.

Mai-utgåva av bladet refererer i to notisar frå Sunnmørsposten (s. 13 og 47). Der er Forskerforbundet sin tillitsvalde sitert på at forskingsutvalet ved høgskulen går inn for «å redusere forskning og utvikling til fordel for undervisning». Det er ikkje korrekt. Den aktuelle saka handla ikkje om fordeling av arbeidsoppgåver, men om ein ny og offensiv strategiplan for FoU. Revideringa av planen har gått føre seg gjennom det meste av studieåret, og han har teke opp i seg innspel både frå avdelingane og frå fagforeiningane.

Planen som styret vedtok i april, har som hovudstrategi å gje forskarane rett til å samle FoU-ressursen i konsentrerte periodar – for å få betre utteljing av stillingsprosenten. Ved planlegging over fleire år kan ein på denne måten få fristilt heile forskingssemester. Få fagmiljø har tidlegare lagt til rette for dette, og strategien vil kunne resultere i meir og betre forsking.

I tillegg satsar planen på å prioritere kvinner til toppkompetanse, få fleire FoU-aktive gjennom kollegarettleiing, auke internasjonal deltaking, sikre interne produksjonspoeng for formidling, og auke finansieringa av FoU-stipend. Desse og andre tiltak vil gje meir, og ikkje mindre, FoU-aktivitet i åra som kjem (jf. www.hivolda.no/nyn/hivolda/forsking-og-utvikling/strategiplan-fouog www.hivolda.no/nyn/hivolda/hogskulen-i-volda/nyhendearkiv/?&displayitem=4407&module=news).

Overskriftene på dei to notisane – «Mister forskningstid» og «Frykter negativ spiral i Volda» – er såleis svært misvisande. Når det blir sitert at «de faglig ansatte skal søke om individuelle ressurser til FoU-arbeid», er det feil. Ingen slik søknadsprosess vart foreslått for styret eller vedteken. Derimot ser vi av same nummer av Forskerforum at dette er vanleg andre stader: «alle må søkje om tid, så i praksis har vi ikkje fast FoU-tid» (Høgskulen i Buskerud, s. 8). I Volda er det nok å levere plan og rapport for arbeidet. Det blir litt paradoksalt å sjå at medan andre får stort (og velfortent) positivt oppslag for at dei «Oppmodar til å ta doktorgrad», får høgskulen vår negativ vinkling med same strategi og betre ordningar for forskarane.

Ressursane er avgrensa hjå oss som ved andre høgskular. Men forsking og utvikling er avgjerande for å fremje utdanningskvaliteten og for heile tida å auke kompetansen mellom dei tilsette. Vi ser også at vilkåra for FoU er viktige i konkurransen om «dei gode hovuda». Difor satsar vi mykje på at dei tilsette får rammer for vidareutvikling og kompetanseopprykk.

Mai-nummeret av Forskerforum fortel mellom anna korleis det vert lagt til rette for kompetanseheving ved høgskulane i Buskerud og Hedmark. I Volda har vi satsa mykje på eigne stipendiatprogram (for tida eitt i didaktikk og eitt i velferdsforsking), og vi har i fleire år skipa til førstelektorkurs med rettleiing. Fagtilsette som vert tekne opp i doktorgradsprogram utan å vere stipendiatar, får i alt tre årsverk til prosjektet gjennom ein femårsperiode. I tillegg får dei driftsmidlar på same vilkår som stipendiatane.

Som Forskerforum rapporterer frå eitt av fakulteta i Tromsø har også Høgskulen i Volda gjennom mange år tildelt interne FoU-poeng i tillegg til dei som gjev utteljing frå departementet. Sidan det nasjonale «teljekantsystemet» berre løner kvalifisert vitskapleg produksjon, har vi funne det tenleg å gje honnør og budsjettutteljing også for populærvitskapleg formidling og kunstnarleg aktivitet.

Bruken av kategoriane i Cristin og kalkuleringa av poeng kan nok diskuterast og justerast, men prinsippet om å premiere ei større breidd av FoU er viktig for oss. Formidling til mange fleire enn det vitskaplege lauget har vore og vil vere viktig for høgskulen.

Mange trendar i tida peikar mot sentralisering og større einingar. Samstundes stadfestar nyare gransking at høgskulane i distrikta er heilt avgjerande for rekrutteringa til mange yrke i regionane dei tilhøyrer (K. Gythfeldt og K. Heggen, Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner?, HiOA Rapport 2012 nr. 5). For å halde på og vidareutvikle posisjonen vår skal og må FoU-fana haldast høgt. Og vi må vakte oss for å skape falske motsetnader mellom primæroppgåvene undervisning, forsking og formidling. Godt samverke mellom desse er suksessoppskrifta – i alle fall for Høgskulen i Volda!