Ola Borten Moe brasar inn i romet og tek ikkje særeigenheiter i sektoren for gitt.
LUKK
Annonse
Annonse

Ola Borten Moe brasar inn i romet og tek ikkje særeigenheiter i sektoren for gitt.

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 28. november 2021 kl. 22:12

Eg oppfattar at Borten Moe hellar mot at denne sektoren er som andre sektorar. Dei der særeigenheitene er oppskrytte.

Ola Borten Moe (Sp), den nye ministeren for forsking og høgare utdanning, talte på Forskerforbundets Forskningspolitisk seminar 9. november. Eitt av emna var alle dei tidsavgrensa tilsettingane ved universitet og høgskular. Dersom ein held stipendiatar og åremålsstillingar utanfor, er om lag 12 prosent mellombels tilsette.

– Eg ser ingen grunn til at andelen mellombels tilsette skal vere særleg høgare her enn i arbeidslivet elles, sa Borten Moe, som vil ha universiteta og høgskulane ned på dette nivået, om lag åtte prosent.

– Og no kjem målformuleringa, sa han og bygde opp forventningane:

– Målet mitt er å nå dette i løpet av dei neste fire åra.

I kva ljos skal vi elles tolke utsegna? Framlegget mitt til nøkkel ligg i noko statsråden nemnde i ein debatt seinare under arrangementet.

– Ein kan sjå på sektoren forsking og høgare utdanning som ein særeigen sektor til dømes med autonomi og fagleg fridom. Eller ein kan tenkje at sektoren liknar på andre delar av samfunnet. Sanninga ligg kanskje mellom der ein stad.

Eg oppfattar at Borten Moe, iallfall inntil han eventuelt får slipa kantane, hellar mot at denne sektoren er som andre sektorar. Dei der særeigenheitene er oppskrytte.

Døme 1: Spreidd utdanning. – Universiteta er ein del av staten, seier Borten Moe i eit intervju med Forskerforum . Samanhengen er ein diskusjon om kor sjølvstendige universiteta skal vere, ikkje minst er bakteppet: Skal dei vere så sjølvstendige at dei kan leggje ned Nesna? Den nye statsråden minner om at dei fleste universitet og høgskular i landet er oppretta av politikarane. Dermed bør nedlegging òg vere ei sak for styresmaktene og ikkje for styra ved institusjonane.

Døme 2: Språk. Bruken av engelsk framfor norsk i forsking og høgare utdanning skal vere fagleg og strategisk grunngjeve. I dag har ein ikkje funne balansen, understreka Borten Moe på seminaret. Forskarar skal ikkje ty til engelsk berre som ein del av ein generell trend eller på grunn av at dei ikkje kan norsk. Forsking og høgare utdanning er offentleg finansiert, og då skulle det berre mangle at ein gjev tilbake til samfunnet, sa Borten Moe. Han har òg i mange andre samanhengar – til blanda mottaking i ein engelskglad sektor – lagt vekt på at vi bør dyrke og utvikle det norske fagspråket.

Døme 3: Økonomi. På forskingspolitisk seminar gjorde Borten Moe det tidleg klart at hard prioritering vert nødvendig framover, og meir enn før. Han viste mellom anna til eldrebylgja. Medan vi no har fire yrkesaktive bak kvar pensjonist, vil det i framtida vere berre to. Dermed vil inntektene minke, utgiftene auke og det vert hardare kamp om ressursane. Det må denne sektoren òg finne seg i. Her må eg òg nemne saka om Forskingsrådet og den såkalla «fellesløft»-utlysinga. Då 39 prosjekt hadde fått tilslag, hadde ikkje Forskingsrådet, som rekna med å få pengar til dette gjennom statsbudsjettet, noko å dele ut likevel. Dermed ba Borten Moe Forskingsrådet om å oppdrive midla frå ein annan stad i budsjettet.

Mange vil finne tilnærminga til Borten Moe trugande. Det er òg noko forfriskande ved blikket. Han nektar å ta sjølvforståinga til mange av aktørane i sektoren for gitt og framstår nærast medviten naiv eller utanforståande i møtet med den. Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, slutta seg ikkje på strak arm til målet om åtte prosent mellombels tilsette. Han viste mellom anna til den harde internasjonale konkurransen universiteta opererer i og meinte talet burde liggje noko høgare. Borten Moe, derimot, tek utgangspunkt i det nasjonale, og meinte det høge nivået på mellombelse tilsettingar i stor grad er eit spørsmål om kultur og leiing.

Korleis vil han nå målet? Han tenkjer å nytte seg av fyrste sjanse, som er å ta opp temaet i tildelingsbreva til institusjonane før jol. – Dersom det ikkje lykkast, kjem det til å kome kjipare innstrammingar i forskrift og regelverk i neste omgang.

Ein kan spørje seg kvifor Borten Moe legg hovudet på blokka på denne måten, men at det kjem drahjelp frå toppen, styrkar vona for dei mange som lever med ei uviss jobbframtid. Og éin ting er visst, som Guro Elisabeth Lind, leiaren i Forskerforbundet, smatt inn med på seminaret: Målformuleringa til Borten Moe, den har vi no opptak av.

Les også: