Politisk styring av akademia
LUKK
Annonse
Annonse

Politisk styring av akademia

Av Per Halse, førsteamanuensis og tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda

Publisert 3. mars 2017 kl. 15:18

Målet er er klart: Institusjonane for høgare utdanning skal verte kunnskapsfabrikkar.

Universitet og høgskular har ein lang tradisjon for å vere sjølvstyrte – på godt og vondt. Etter kvart kom det inn styremedlemer utanfrå som supplerte og inspirerte kompetansen i institusjonane. Men Kunnskapsdepartementet er ikkje nøgd med det. Det sitjande regimet synest å meine at fagfolk og leiarar i akademia ikkje skjønar sitt eige beste.

Departementet vil den tradisjonelle styringsmodellen til livs. Ordninga med at studentar og tilsette vel ein rektor som også er styreleiar, vert no sett som unormal. Regjeringa vil helst ha tilsett rektor og ekstern styreleiar oppnemnd av Kunnskapsministeren.

Per Halse

Per Halse

Kunnskapsfabrikkar

Den nye «normalmodellen» gjev politisk leiing meir direkte hand på rattet. Og styringsmålet er klart: Institusjonane for høgare utdanning skal verte kunnskapsfabrikkar. Målstyringa frå næringslivet med vekt på kvantitet, samtidsrelevans og profitt skal trumfe akademisk fridom og institusjonelt sjølvstende.

For å nå måla vil departements-leiinga ikkje berre sikre seg lojale styreleiarar, men overprøver også institusjonane sine framlegg til nye styremedlemer.

Eg var fast medlem av styret for Høgskulen i Volda frå 2007 til 2015; frå 2011 som rektor og styreleiar. I den første fireårsperioden var det ein avgjerande styrke for styrearbeidet at ein av dei eksterne medlemene var frå UH-sektoren, nemleg seniorrådgjevar Per Eivind Kjøl ved NTNU.

To menn frå det private næringslivet

I åra frå 2011 til 2015 vart det opplevt som ein alvorleg mangel at ingen av dei faste eksterne styremedlemene kjende sektoren frå innsida. Det problemet framheva eg fleire gonger i dialog med departementet, og kandidatlista me sende inn for den nye perioden inneheldt fleire solide namn frå universitet og høgskular.

Les også: Derfor vil Frank Aarebrot ha valgt rektor: Vil ikke ha blårussen inn på universitetet

Lukkelegvis nemnde Kunnskapsdepartementet  i 2015 opp professorane Endre Brunstad (fast) og Rune Krumsvik (vara) frå Universitetet i Bergen. Dei har verkeleg vore ressurspersonar for styret. Det korkje høgskuleleiinga eller departementet hadde føresetnader for å sjå den gongen, var at begge desse to år seinare har vorte kalla til professor-II-stillingar i Volda.

Dermed trongst det supplerande oppnemningar. På nytt sende styret inn namn på fleire gode kandidatar, og tre av fire på lista var frå universitets- og høgskulesektoren. Stor var difor overraskinga då det vart kjent at ministeren prioriterte to menn frå det private næringslivet.

Les også: Kva skal ein med demokratiske organ ved universiteta om det meste blir styrt frå toppen?

Eg kjenner ikkje dei nye styremedlemene. Det er all grunn til å tru at dei er gode folk som vil regionen vel og som vil bruke ressursar på å setje seg inn i drifta av høgskulen. Poenget mitt er det skuffande i at departementet ikkje unner Høgskulen i Volda det beste, nemleg eit styre der også eksterne medlemer frå vår eigen sektor er med.

Fusjon einaste alternativ? 

Ein kan lure på kva signal departementes-leiinga ynskjer å sende med dette. Skal det vere ein smekk på fingrane for at Høgskulen i Volda enno eksisterer med eige styre? Tenkjer Kunnskapsdepartementet at me ved «åleinegang» bør reduserast til ein kostnadseffektiv fagskule for lokalt næringsliv? Og at einaste alternativet for verkeleg akademisk samkvem og utveksling er å fusjonere med eit universitet?

Vår svært røynde høgskuledirektør fyller 70 år og har varsla avgang til sommaren. Onsdag 8. mars skal styret avgjere om ein vil følgje dei interne råda om å halde fram med vald rektor, eller om også Høgskulen i Volda skal innordne seg under den nye «normalmodellen».

Les også: Akademikerne har begynt å snakke om sex. Kanskje er det på tide at vi begynner å snakke om makt? 

I mørke stunder har eg fundert på om dei siste oppnemningane kan henge saman med den saka. Ved ikkje å lytte til organisasjonen, men i staden å sjølv plukke styremedlemer utanfor akademia, er vel vona å få eit styre med sterkare lojalitet oppover enn nedover?

Prioriteringa av næringslivsrøynsle framfor sektorkompetanse og presset for å få oppnemnd styreleiar i staden for vald rektor, kan sjåast som to sider av same saka.

Til dess eg måtte verte overtydd av betre argument tolkar eg stoda slik: Statsråd Torbjørn og den andre Bjørn-en i Kunnskapsdepartementet har sett seg klare mål for universitet og høgskular, og for å nå dei raskast mogleg vil dei sjølve ha labbane tungt på rattet.

Dette innlegget vart først publisert i Khrono.

Les også: