Presset på musea held fram
LUKK
Annonse
Annonse

Presset på musea held fram

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. februar 2012 kl. 09:21

Kulturdepartementet tvingar fram færre og større museumseiningar. Nokre få har greidd å stå utanfor, enn så lenge.

presset-p--musea-held-fram

Fakta
<

 

– Utgangspunktet var at vi skulle bli ei underavdeling til Maihaugen, og det likte både administrasjonen og museumsstyret dårleg. Difor trekte vi oss frå forhandlingane med Maihaugen, seier Svein Olav Hoff, direktør ved Lillehammer Kunstmuseum. Museet er av dei få som har greidd å stå imot presset frå Kulturdepartementet om å gå inn i ei større museumseining.

– Det er nok framleis krefter i departementet som ønskjer samanslåing, men vi har fått munnleg signal frå statsråden om at Kulturdepartementet ikkje vil forfølgje saka, i alle fall ikkje no, seier han.

– Men mange andre museum har protestert høglydt mot samanslåing med andre, utan å vinne fram. Korleis klarte de det?

– Vi argumenterte vel godt for oss. Ein skal ikkje skryte av seg sjølv, men Lillehammer Kunstmuseum er eit veldrive og godt fungerande museum med god økonomi. Så vi klarer oss godt på eiga hand, seier Hoff, som ser på saka som eit avslutta kapittel.

Vart ikkje einige

Også Sørlandets Kunstmuseum, som er kunstmuseum for begge Agder-fylka, har fleire gonger sagt nei til å slå seg saman med Vest-Agder-museet og Agder naturmuseum og botaniske hage.

– Det har vore eit sterkt press frå departementet om å slå musea saman, og styret har difor jobba intenst for å sjå om det var grunnlag for å fusjonere, men det var det ikkje, seier Stein Devik, styreleiar ved Sørlandets Kunstmuseum.

– Kva er grunnen til museet har greidd å stå utanfor?

– Éin ting er at museet ikkje hadde lyst, men like viktig var det at politikarane i Aust-Agder og Vest-Agder fylke ikkje klarte å finne ut av det med kvarandre. Hadde dei politiske bakmennene på Sørlandet vore einige om å slå saman Sørlandets Kunstmuseum med Vest-Agder-museet, hadde det nok blitt slik, meiner Devik.

Kan bli aktuelt på nytt

Men statssekretær Lubna Jaffery i Kulturdepartementet lovar ingenting.

– Per i dag er ikkje Lillehammer eller Sørlandets kunstmuseum del av større museumseiningar, men vi kan ikkje utelukke at det vil skje ting som gjer spørsmålet om konsolidering (sjå faktaboks) aktuelt på nytt, seier Jaffery.

– Kulturdepartementet har likevel ingen planar om å redusere eller fjerne tilskottet til museum som no inngår i det nasjonale museumsnettverket, sjølv om det i ein del tilfelle vil vere ønskjeleg at desse finn vegen inn i større einingar.

Berre eitt museum i fylket

Kulturdepartementet går stadig lenger i å redusere talet på museumseiningar, og i fleire fylke er det snakk om å ende opp med éin stor institusjon. I Aust-Agder fylke ønskjer departementet seg eitt museum i staden for fire, og to av dei er villige til å diskutere samanslåing, nemleg Setesdalsmuseet og Agder kulturhistoriske senter i Arendal.

– Førebels er vi heilt i starten på ein prosess for å finne om dette kan vere bra for begge partar, seier dagleg leiar Anna Stella Karlsdottir ved Setesdalsmuseet.

– Kjenner de dykk pressa av departementet til å fusjonere?

– Dette må få vere opp til kvart einskild museum. Det er også avhengig av kor stort museet er i utgangspunktet. Musea skal ha ein viss storleik for å greie å innfri alle oppgåvene vi er pålagde i dag, som til dømes gjenstandsforvaltning, formidling og forsking, seier ho.

– Opplever det som tvang

Også Norsk Teknisk Museum og Norsk Maritimt Museum i Oslo er pålagde av departementet å greie ut om det er grunnlag for konsolidering, fordi Maritimt Museum er i ein vanskeleg driftssituasjon. Ellen Lange, tillitsvald i Forskerforbundet ved Teknisk Museum, fortel at lokallaget diskuterte samanslåing i desember.

– Då var stemninga klart negativ. Det er vanskeleg å sjå kva vi kan vinne på konsolidering, og det opplevast som om vi blir brukte til å redde Maritimt Museum. Presset frå departementet tyder på at dei viser lite forståing og respekt for institusjonane, seier Lange.
– Tvingar departementet fram ei samanslåing?
– Vi opplever det som tvang, for vi er ikkje spurde.

Generalsekretær Tron Wigeland Nilsen i Museumsforbundet seier mange museum er fusjonerte som følgje av «frivillig tvang».

– Det er greitt av musea får høve til å slå eg saman, men vi er imot tvang. Heile føresetnaden for museumsreforma var at dette skulle vere frivillig, seier han.