Prinsipp og dilemma
LUKK

Prinsipp og dilemma

Av Forskerforum

Publisert 7. juni 2016 kl. 15:24

Skal fagrørsla støtte Ryanair for å sikre arbeidsplassane eller fly med eit anna selskap der dei tilsette er betre ivaretatt?

Lied, Ragnhild (Unio)

Vi kan ikkje underminere sentrale faglege rettar for dei tilsette sjølv om det skulle true arbeidsplassar, meiner Ragnhild Lied.

Som engasjerte tillitsvalde og fagforeiningsleiarar opplever vi somme tider at det blir stilt strenge krav til dei vala vi tar, og i nokre samanhengar blir dessa vala særleg viktige. Eg skal representere Unio utad og opptre på korrekt og forsvarleg måte. Unios omdømme skal ivaretakast, det same skal rettane til dei tilsette. Då kan det til tider vere vanskeleg å manøvrere i dette landskapet, men likevel må vi tore å ta nokre val.

Er det tale om streikebryteri, er svaret klart og enkelt: hald deg unna!

I det siste har eg opplevd fleire eksempel på at det ikkje alltid er enkelt å stå på prinsippa. Då hotellstreiken bles over landet, fekk vi i Unio ei rekkje spørsmål frå forbunda om korleis dei burde agere. Dei hadde bestilt seminar og konferansar på hotell der medlemmer av Fellesforbundet var tatt ut i streik. Skulle seminaret haldast, eller skulle dei melde frå om at seminaret vart avlyst eller utsett? Mitt råd den gongen blei: Er det tale om streikebryteri, er svaret klart og enkelt: hald deg unna! Eg oppmoda også tillitsvalde og fagorganiserte om å stille seg spørsmålet: Synest eg det vil vere greitt å passere streikevakter inn til ei bedrift som er streikeramma?

På same tid  var også Unio i forhandlingar, og nokre av våre eigne folk trong ein stad å bu. Skulle dei booke inn på eit hotell som gjekk på halv maskin? Skulle dei bruke Airbnb der eigaren kanskje ikkje betalar skatt av inntekta og utkonkurrerer dei seriøse aktørane? Det er mange dilemma, og det er fort gjort å gjere feil. Eit døme er  den profilerte LO-toppen Boye Ullmann som kjøpte pizza hos ein restaurant der hans eigne medlemmer frå Fellesforbundet var tatt ut i streik. Han la seg heilt flat, og gjekk streikevakt for å bøte på tabba. Men slikt er godt pressestoff, så vi må forsøke å ta dei rette vala – dei som ikkje blir førstesida i avisa.

Ei anna litt kinkig sak, er Rygge flyplass og Ryanair. Og særleg for fagrørsla. Om Ryanair forsvinn, forsvinn også opp mot 1000 arbeidsplassar i eit område av landet som allereie slit med høg arbeidsløyse. Mange har vore ute og kritisert regjeringa for innføringa av flyseteavgifta som Ryanair hevdar er årsaka til at dei nå forlèt Rygge. (At dei i staden flyttar delar av verksemda til Gardermoen og Torp, er ei anna side av saka.)  Samstundes kjempar Parat mot Ryanair for å sikre lønn, pensjon og andre rettar for sine medlemmer i lufta. Ryanair har vore kritisert for å betale lågare arbeidsgjevaravgift enn sine konkurrentar, for at dei ikkje har betalt feriepengar til dei tilsette, ikkje tenestepensjon og så vidare. Dei motarbeider norsk tariffbinding.

Her ser kampen ut til å stå mellom arbeidsplassar og rettar for dei tilsette. Begge kampane er enkle å forstå og innanfor dei oppgåvene fagrørsla har. Men dilemmaet oppstår når vi  må velje mellom desse interessene; satse på Ryanair for å sikre arbeidsplassane eller fly med eit anna selskap der dei tilsette er betre ivaretatt?

I dette spørsmålet har vi også fått nokre nye politiske konstellasjonar. For medan Arbeiderpartiet går for arbeidsplassane, talar no Høgre-folk om korleis Ryanair nektar dei tilsette å organisere seg og at ein  difor ikkje bør fly med dei.

Det er ikkje så lett å vite kva som er solide argument og kva som er vikarierande argument i denne saka. Men for oss som fagforeining, meiner eg vi må vere klare på at vi ikkje kan underminere sentrale faglege rettar for dei tilsette sjølv om det skulle true arbeidsplassar.