Her slutta 43 prosent av studentane undervegs: – Ser veldig stygt ut
LUKK
Annonse
Annonse

Her slutta 43 prosent av studentane undervegs: – Ser veldig stygt ut

Av Johanne Landsverk

Publisert 27. november 2020 kl. 09:35

Ved HF-fakultetet ved Universitetet i Oslo sluttar 43 prosent av bachelorstudentane undervegs. Nifu-forskar er kritisk til systemet.

Ingen andre universitet slit meir med gjennomføringsgraden og fråfall enn Universitetet i Oslo (UiO). Tal frå 2019 publisert av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser at problemet ikkje er like stort ved alle institusjonane.

Blant universiteta kjem Universitetet i Agder best ut. Der gjennomførte 55,69 prosent av studentane bachelorgraden på normert tid, og 22, 64 prosent har slutta i løpet av den treårige utdanninga.

Ved Universitetet i Oslo (UiO) har berre 34,61 prosent gjennomført på normert tid.

UiO ligg også på topp når det gjeld fråfall. Sidan 2016 har 36,11 prosent av bachelorstudentane slutta undervegs (sjå fakta nedst i saka).

– Ikkje bra for omdømmet

Ved UiO skil Det humanistiske fakultetet (HF) seg ut med eit fråfall på heile 43,38 prosent. Prodekan Gunn Enli seier dette er eit problem HF-fakultetet har strevd med i svært mange år.

– Fråfallstalet ser jo veldig stygt ut, og det er ikkje bra verken for omdømmet vårt eller økonomien. Men forklaringa er at mange studentar ikkje planlegg å ta ein grad, seier Enli.

Ho seier at det bak fråfallsstatistikken eigenleg er skjult vidareutdanning til personar som er i jobb men som treng fagleg påfyll.

– Ei anna stor gruppe er studentar som ikkje heilt veit kva dei skal bli og som ombestemmer seg i løpet av første studieår. Dei som fell frå, gjer det gjerne tidleg i løpet, seier Enli.

HF-fakultetet har jobba med tiltak for å få ned fråfallet.

– Fakultetet har prøvd over 120 tiltak. Men ingen av tiltaka ser ut til å ha verka. Dei har i alle fall ikkje gjeve gjennomgripande eller varige resultat, fortel Enli.

–Tapar fakultetet pengar?

–Ja, vi mistar studiepoeng for dei som fell frå, og vi tapar pengar på dei som ikkje tek bachelorgraden. Styresmaktene vil jo at studentane skal ta ein grad.

Les også: Akademia: Dette ser arbeidsgiverne etter når de skal ansette

Verre for disiplinfag

Mange av disiplinfaga ved HF fører ikkje til eit bestemt yrke.

– Så det vi jobbar mykje med, er å gjere studiane meir arbeidsrelevante. På den andre sida er det ikkje sikkert at alle som studerer ved HF treng ein full grad, seier Enli.

Direktør Seunn Smith-Tønnessen ved Universitetet i Agder (UiA) seier det er stor forskjell på profesjon- og disiplinfag.  

– Samanlikna med UiO har UiA fleire profesjonsutdanningar som lærar- og sjukepleieutdanning, og der er gjennomstrøyminga gjerne høg, seier UiA-direktøren.

Tapar pengar på systemet

Elisabeth Hovdhaugen er forskar ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu), og har jobba mykje med fråfall i høgare utdanning. Ho er kritisk til finansieringssystemet slik det er i dag.

– Den nye finansieringsordninga, der institusjonane får pengar for gradar, rammar fakultet der studentar begynner på eitt program, og deretter byter til eit anna, seier Hovdhaugen. 

– Dei fleste av studentane sluttar ikkje heilt, men begynner på eit anna studium, seier Elisabeth Hovdhaugen ved Nifu.

Talla frå DBH som er vist til her, gjeld gjennomføring av treårig bachelorutdanning på same institusjon.

– Problemet er at om ein student begynner ved HF, men byter til ein annan institusjon, blir dette registrert som fråfall ved HF. Lærestadene tapar dermed pengar. 

Ho meiner det er ei forventning frå styresmaktene om at alle studieløp skal følgje ei rett linje.

– Men vi har visst sidan før innføringa av Kvalitetsreforma i 2003 at mønsteret i liten grad ser slik ut for mange universitetsstudentar ved generelle bachelorstudium.

Hovdhaugen seier det er begrensa med forsking på kva type tiltak som fungerer mot fråfall.

– Det universiteta kunne gjort for å få meir kunnskap, var å stille eit par spørsmål til studentane ved registrering, for eksempel om dei har som mål å fullføre ein grad, meiner ho. 

Les også: Humanister sliter mest med å få relevant heltidsjobb

Betre ved høgskulane

I perioden 2016-2019 hadde høgskulane størst gjennomføringsgrad. Kunsthøgskulane ligg på topp med 77 prosent gjennomføring på normert tid og berre 11, 6 prosent fråfall. Av dei statlege høgskulane er det tidlegare Høgskulen i Bergen, tidlegare høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda som kjem best ut. Der er gjennomføringsgraden ved bachelorutdanninga mellom 61 og 58 prosent, og fråfallet på 20-27 prosent.

Gjennomføring av treårig bachelorgrad (på same institusjon uavhengig av studieprogram) i tidsrommet 2016-2019

Kjelde: DBH
  • Les også: