Redaktør Allkunne

Allkunne er eit tverrfagleg redigert digitalt oppslagsverk på nynorsk. Allkunne med to fast tilsette er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum, som også eig og driv tre språk- og litteraturmuseum, tre festivalar og åtte andre nettstader. Nynorsk kultursentrum har 20 fast tilsette og ventar inntekter på om lag 33 millionar i 2018.

Redaktør Allkunne

Her er sjansen for ein kunnskapsformidlar med ambisjonar og godt språk. Redaktøren fører vidare Allkunne som eit tverrfagleg, påliteleg og redaksjonelt sjølvstendig opp-slagsverk på nynorsk, og leier det daglege administrative arbeidet.
Allkunne held til i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Stillinga er ledig frå 1. november.

Fullstendig utlysingstekst på www.aasentunet.no og fleire opplysningar hos direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 / 906 16 727.

Søknadsfristen er måndag 6. august.

admin@aasentunet.no | allkunne.no