Riksantikvaren: Unngår oppseiing, men fortsatt nedbemanning
LUKK
Annonse
Annonse

Riksantikvaren: Unngår oppseiing, men fortsatt nedbemanning

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. april 2019 kl. 14:28

Riksantikvaren skal ikkje seie opp fast tilsette i nær framtid. Men mange er bekymra.

– Det har vore stor uro i mange avdelingar, og fortsatt er det uklart kva som skjer med jobbane våre på lengre sikt, seier Hege Sejnæs Eilertsen. Ho er seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren, som er eit direktorat under Klima- og miljødepartementet.

For ein månads tid sidan fekk dei tilsette hjå Riksantikvaren beskjed om at fleire stillingar ville bli lagde ned i samband med at mange oppgåver skal overførast til dei nye fylkeskommunane.

Les også: Fleire mistar jobben

Kjente seg lurt

Som følgje av ABE-reforma (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma) har det vore årlege kutt i driftsbudsjettet til Riksantikvaren sidan 2015, og dette skulle bli løyst ved naturleg avgang.

Eilertsen seier mange difor kjende seg lurt då beskjeden om oppseiingar kom.

– Mange hadde lenge hatt ei kjensle av at strategien med naturleg avgang ikkje fungerte som ønskt, seier ho.

Sjølv var ho ikkje veldig redd for å bli oppsagt.

– Eg jobbar med kyrkjer, og dette ansvaret skal førebels ikkje flyttast ut til regionane. Men slik situasjonen vart framstilt, skulle vi ha ein gjennomgang av kompetansen til alle tilsette, og eg har ikkje jobba så lenge her. Andre kan ha lengre ansiennitet på feltet, seier Eilertsen.

Har funne midlar

No har Klima- og miljødepartementet likevel funne midlar for å hindre oppseiingar i direktoratet i næraste framtid.

– Departementet vil gje økonomisk støtte til Riksantikvaren i ein overgangsperiode, slik at vi unngår oppseiingar, seier riksantikvar Hanna Geiran til Forskerforum.

– Ingen vil bli sagt opp som ein del av flytting av oppgåver i samband med regionreforma. Men det vil bli nedbemanning med naturleg eller frivillig avgang over nokre år, seier ho.

Les også: Dette bør du tjene


– Slapp med skrekken

Lokal tillitsvald for Forskerforbundet Bjørn-Håkon Eketuft Rygh er glad for at ingen blir sagt opp.   

– Vi slapp med skrekken foreløpig, men vi er likevel urolege for framtida, seier Bjørn-Håkon Eketuft Rygh. Foto: Johanne Landsverk

– Vi slapp med skrekken denne gongen. Vi får behalde omstillingsmidlane eit par år, men det blir fortsatt nedbemanning ved naturlig avgang, og slik har det vore heilt sidan 2015, seier han.

– Vi hadde difor håpa at pengane som no er tilført skulle bli faste midlar på budsjettet. Elles vil vi fortsatt leve i uvisse om bemanninga framover, seier Rygh.

Fortsatt bekymring

Eilertsen er verneombod ved kulturminneavdelinga hjå Riksantikvaren. Ho seier mange fortsatt er bekymra over det som skjer.

– Mange oppgåver i avdelinga blir flytta ut, og det er usikkert kva for oppgåver vi vil sitje igjen med her. Folk lurar også på kva det betyr at det ikkje blir oppseiingar så lenge omorganiseringsprosessen varer. For kva skjer etterpå, når oppgåvefordelinga til regionane er ferdig? spør ho.

Fakta:

Riksantikvaren:

  • er eit direktorat for kulturminneforvaltning og fagleg rådgjevar for Klima- og miljødepartementet i utviklinga av den statlige kulturminnepolitikken
  • får endra oppgåver når ein større del av ansvaret på kulturminneområdet i 2020 blir flytta til fylkeskommunane
  • har i dag 140 fast tilsette

Les også: