Røynde forskarar vert kasta på dør. Kor er Ola Borten Moe når vi treng han?
LUKK
Annonse
Annonse

Leiar:

Røynde forskarar vert kasta på dør. Kor er Ola Borten Moe når vi treng han?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 13. september 2022 kl. 12:42

Når forskingsperioden er over, finst det eit smutthol for arbeidsgjevar til å seie opp faste tilsette.

«Får du eitt av dei store EU-stipenda, er karrieren sikra.» Setninga er henta frå ingressen til ei sak i Forskerforum i 2018. Artikkelen handla om korleis det er mogeleg å kome gjennom det tronge nålauga som skal til for å få forskingsfinansiering frå EU. Ei av kjeldene var May-Britt Tessem, tydeleg ein kreftforskar av høg klasse. Ho hadde fått eit såkalla Starting Grant frå ERC, det europeiske forskingsrådet, ein sum på svimlande 17 millionar. Tessem fekk stipendet for å leite etter biologiske markørar som kunne gje betre diagnostisering av prostatakreft. Ho hadde nådd opp mot mange odds. Sjå og lær.

Fire år etterpå må vi bite i oss den ingressen. Tessem er på ny ei viktig kjelde i bladet, denne gongen i reportasjen om forskarar som lever med trugsmålet om at finansieringa og tilsettingsforholdet tek slutt. Sidan saka vår frå 2018 har ho halde fram som ho stemnde. Så seint som i år har ho fått ny finansiering frå EU, men i det stadig meir konkurranseprega forskaryrket, treng ikkje ein gong dette å vere nok. Det ligg an til at ho får varsel om oppseiing frå NTNU om eit halvt år.

Tessem går dessverre inn i rekka av forskarar som er truga av oppseiing eller som alt har slutta. Før i år har Forskerforum mellom anna intervjua Kristian Starheim og Ingrid Eftedal. Kreftforskaren Starheim publiserte artiklar i topptidsskrift og hadde fleire forskingsopphald i utlandet bak seg. Han var dyktig til å nå opp i konkurransen om forskingsmidla, men til slutt vart jaget og uvissa for belastande. Han kom NTNU i forkjøpet og sa i fjor opp stillinga sjølv. Og så var det Eftedal, som har vorte sjølve personifiseringa av fenomenet, og hadde fortent ein betre grunn til å verte akademisk kjendis. Eftedal, som har forska på helsa til nordsjødykkarar, vart i vår sagt opp av NTNU for andre gong. Som Eftedal sa i eit intervju med Forskerforum i vår: Det vanlege er å gå stille ut. Heldigvis valde ho annleis denne gongen, og kom med denne nådelause domen: «Vi har bygget opp et system som svikter forskeren. Det er altfor vanlig at mennesker og fagfelt forsvinner ut. Den kompetansen som samfunnet har brukt millioner på å bygge opp – så god råd har vi – forsvinner.»

Det er ikkje heilt tilfeldig at NTNU går att i fleire av desse sakene. Saman med Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen ligg dei på topp når det gjeld tilsettingar av typen «fast eksternt tilsette». Dette er folk som er tilsette med ekstern finansiering, og ikkje vert synlege som mellombels tilsette i statistikken. Når perioden er over, finst det eit smutthol for arbeidsgjevar til å seie opp. Stillingstypen vert òg kalla «fast mellombels tilsette», denne absurde nemninga som òg er omtala i språkspalta. Ein kan knapt løfte fram det paradoksale ved praksisen betre enn Guro Elisabeth Lind, leiaren i Forskerforbundet gjorde i Khrono: «Vi har fått tilbakemeldinger fra flere medlemmer som har fått fast kontrakt i den ene hånda og oppsigelse i den andre.»

I likskap med «fast mellombels»-kategorien har det den siste tida auka på med postdoktorar. Båe stillingstypane gjev på kort sikt mykje og god forsking og fleksibilitet til institusjonane. Samtidig er det eit stor sløseri for både arbeidsgjevar og storsamfunnet at røynsla og kompetansen dei byggjer opp, forsvinn. På individnivået er problema openberre – ein manglande langtidshorisont for livet. Problemet vert skjerpa av at stillingstypane har lite eller inga undervising, og dette går ut over sjansane til å oppnå ei forjetta professorstilling.

Vi nærmar oss eitt år med den nye regjeringa. Ein av dei fyrste lovnadene til statsråd Ola Borten Moe i fjor haust, var at graden av mellombelse tilsettingar i akademia skulle ned på nivå med resten av arbeidslivet i løpet av fire år. Dersom ein ikkje lykkast med tydelege styringssignal, som i tildelingsbrev til universiteta og høgskulane, kunne det kome «kjipare innstrammingar», varsla Borten Moe.

Institusjonane ynskjer fleksibilitet, men saman med både storsamfunnet og forskarane er dei tente med langsiktige og trygge tilsettingsforhold. Kva vil Borten Moe gjere for å setje desse omsyna i høgsetet?

  • Les også: