Scientist Rebellion set bind for augo på kjende statuar for å få merksemd om klimasaka
LUKK

Scientist Rebellion set bind for augo på kjende statuar for å få merksemd om klimasaka

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 15. mai 2023 kl. 13:03

Bodskapen er at styresmaktene lukkar augo for alvoret i den siste rapporten frå FNs klimapanel. Men har slike aksjonsformer effekt?

– Eg deltok ikkje på det internasjonale møtet der denne ideen kom opp, men han vart møtt med entusiasme og sett i verk med ein gong, fortel Salomé Bourg, postdoktor i biologi ved NTNU og medlem av protestrørsla Scientist Rebellion.

Rørsla har brukt dei siste søndagsmorgonane til å setje bind for augo på kjende statuar i bybiletet i Trondheim og Oslo. Det same har skjedd i titals andre byar over heile verda. Bodskapen er at styresmaktene lukkar augo for alvoret i den siste rapporten frå FNs klimapanel (IPCC) og ikkje handlar raskt nok for å kutte klimagassutslepp.

Men er verkeleg nokre statuar med bind for augo det som skal til for å få fart på sakene?

– Det fine med denne aksjonen er nettopp at det krev lite innsats. Kven som helst kan vere med, samstundes som det er lett å skape merksemd og rekruttere nye deltakarar. Så langt har vi vore ute fire søndagar på rad, og fleire har slutta seg til oss kvar gong, seier Bourg.

Er målet då først og fremst å rekruttere fleire medlemmar til Scientist Rebellion?

– Nei, målet er å skape merksemd om IPCC-rapporten og få styresmaktene til å handle. Med denne aksjonen viser vi at vi står samla, sjølv om vi aksjonerer på ulike kontinent.

Sist veke følgde Scientist Rebellion i Trondheim opp aksjonane med ein protestmarsj gjennom Trondheim sentrum, som enda med at tre demonstrantar vart arresterte etter å ha skapt hindringar for trafikken.

Lågterskelaksjon

Scientist Rebellion er ein systerorganisasjon av Extinction Rebellion og nyttar aksjonar – både lovlege offentlege markeringar som statuekampanjen og aksjonar som inkluderer sivil ulydnad – for å skape merksemd om klima- og naturkrisa. I førre nummer av Forskerforum sa postdoktor ved Universitetet i Oslo og tidlegare leiar av Natur og Ungdom, Bård Lahn, at spesielt sivil ulydnad fungerer best når det er ein del av eit konkret saksarbeid der påverknad gjennom vanlege politiske kanalar ikkje har ført fram. Ifølgje Lahn er det å skape forstyrringar berre for å få merksemd truleg mindre effektivt.

Masterstudent Rita Obrist frå Scientist Rebellion set bind for augo på statuen av Peter Wessel Tordenskiold i Trondheim. Foto: Scientist Rebellion

Bourg fortel at statueaksjonen berre er éin av fleire framstøytar for Scientist Rebellion, og at dei også arbeider gjennom andre kanalar.

– Eg forstår spørsmålet om i kva grad statueaksjonen peikar på noko konkret mål. Vi prøver å skaffe merksemd om IPCC-rapporten, som ikkje handlar om eitt spesielt tiltak, men trekkjer fram mange ulike tiltak som kan setjast i verk, men som samfunnet vel å la vere å iverksetje, seier ho.

– Som forskarar ønskjer vi endring på mange plan, og vi er også involverte i internasjonale prosessar med meir spesifikke mål. Men dette er ei aksjonsform der vi kan auke merksemda med minimalt med innsats.

Vil endre oljeøkonomien

De nyttar slagordet «lytt til forskinga». Men forskinga kan ikkje fortelje kva som er rett, til dømes når utbygging av fornybar energi kjem i konflikt med naturmangfald eller urfolksrettar?

– Det vi seier, er at styresmaktene må lytte når forskinga fortel at det trengst handling. Men vi seier ikkje at forskinga gjev enkle og eintydige svar. Ulike stader vil ha sine spesifikke spørsmål, og vi seier ikkje at vi har alle svara, men at vi treng at fleire folk arbeider med å finne dei, seier Bourg.

– Med statuekampanjen kan vi skape merksemd med minimalt med innsats, seier Salomé Bourg. Foto: NTNU

– I Noreg er til dømes ei av dei største utfordringane at økonomien er sentrert rundt oljeproduksjon, og at oljebransjen sysselset mange menneske som det kunne vore meir bruk for andre stader. Vi må tenkje på korleis vi kan slutte med det, og korleis vi kan fase ut utdanning av arbeidstakarar til denne bransjen.

Dette er eit tema Scientist Rebellion i Noreg arbeider med, og her kjem det eit program om få veker, ifølgje Bourg.

Ingen statuar kom til skade

Både i Noreg og internasjonalt har klimaaktivistar fått mykje negativ merksemd i samband med forstyrrande aksjonar som trafikksperringar og ikkje minst markeringar på kunstmuseum. I fjor haust prøvde ein student og ein tilsett ved NTNU å lime seg fast til Edvard Munchs måleri «Skrik» på Nasjonalmuseet i Oslo. Dei vart nyleg dømde til bøter i Oslo tingrett.

Til samanlikning har statuekampanjen så langt berre fått positiv merksemd i Noreg, fortel Bourg.

– Dette er jo ikkje skadeverk, berre eit bind for augo. Vi er ute tidleg på søndagane og er ikkje i vegen for nokon medan vi held på. Fleire er blitt med for kvar gong, og mange har teke kontakt og sagt at dei tykkjer det vi gjer, er bra. Eg veit at i nokre andre land har aksjonistane fått bøter, men i Noreg har vi så langt ikkje fått negative tilbakemeldingar, seier ho.

Les også: