Sjølv i akademia finst eit liv utanom jobben. Men kva slags liv?
LUKK

Sjølv i akademia finst eit liv utanom jobben. Men kva slags liv?

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 31. mai 2024

Nokre brukar fritida til å flykte frå jobben og seg sjølv. Andre nyttar høvet til å jobbe meir.

− Vil du spele single?
− Eg kan ikkje spele single i dag, eg har eit øydelagt kne.

Lyden av raske fottrinn og smell av fjørballar mot racketar gjallar mellom veggene i idrettshallen på Studentsenteret i Bergen. Vi er på trening med badmintongruppa til universitetets bedriftsidrettslag, ei av dei mest stabile og aktive gruppene i idrettslaget.

− Badminton er ein teknisk idrett, og meir kondisjonskrevjande enn tennis. Ballen kan få ein fart på nesten 500 kilometer i timen, så ein små springe fort på små flater. Det blir som intervalltrening, seier leiar Liv Kristiane Bugge. I arbeidstida er ho rådgjevar ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Mindre organisert idrett

Følgjer ein kunnskapssektoren gjennom media, skulle ein kanskje tru at tilsette ved universitet og høgskular ikkje har fritid. Eller glede i livet. Men når vi leitar litt, finn vi nokre som i det minste har litt av det første, og der finn dei gjerne mykje av det andre. Slik er det i alle fall for badmintonspelarane på Studentsenteret.

− Eg har spelt det sidan eg var ung, det er liksom «min» idrett, seier Pascal Dietzel, professor i kjemi.

− Det første eg såg etter då eg kom til UiB, var kvar eg kunne spele badminton.

Bugge fortel at dei ikkje treng å rekruttere aktivt. Den som leitar, finn.

− For ein del tilsette som kjem frå land der sporten er meir kjend, er dette gjerne det første dei gjer i lag med andre når dei kjem til Bergen, seier ho.

Det er ikkje berre at eg får ein pause frå jobben, eg får ein pause frå meg sjølv. Du tenkjer ikkje på anna enn å vinne den ballen.

Liv Kristiane Bugge

I bedriftsidrettslaget møtest både vitskapleg og teknisk-administrativt tilsette. Dei har fleire aktivitetar, frå klatring til skyting, men nokså få registrerte medlemmar: 112, ifølgje siste årsrapport. Curling- og bowlinggruppene vart lagde ned i fjor, og skigruppa ligg i dvale. Til samanlikning har UiB meir enn 4200 tilsette. Aktivitetar der ein bind seg til å møte opp til ei fast tid kvar veke, er blitt mindre populære med tida, trur badmintonspelarane.

− Badmintongruppa har eit stabilt medlemstal sjølv om det er litt gjennomtrekk fordi folk har mellombelse stillingar og dreg vidare. Men eg trur nok det er blitt meir treningsstudioaktivitet, moderne menneske er kanskje meir opptekne av fleksibilitet, seier Bugge.

− Kollegaene mine på instituttet joggar, dei driv ikkje lagidrett, seier Dietzel.

– I single prøver ein gjerne å presse motstandaren bakover på bana, slik at han ikkje rekk fram når du brått slår ein kort ball, seier Pascal Dietzel. Foto: Paul S. Amundsen

Unnataket, fortel han, er den årlege aktivitetskampanjen Sykle til jobben, arrangert av Bedriftsidretten.

− I fjor var det laget vårt som vann ved UiB, vi får sjå om vi greier å forsvare tittelen no når årets aksjon tek til.

At vaksne driv mindre organisert idrett enn før, er ein generell trend, fortel idrettssosiolog og NTNU-professor Arve Hjelseth.

− Ikkje fordi dei trenar mindre, men fordi dei er aktive andre stader enn i idrettslaga. Den tradisjonelle idrettsrørsla, med faste treningar og dugnadar og slikt, er i stor grad ei barne- og ungdomsrørsle, som vaksne er engasjerte i i eigenskap av å vere foreldre, seier han.

Kva ønskjer vi oss av fritidsaktivitetane våre? Noko «heilt anna», ifølgje badmintonspelarane.

− Eg kan kome på trening med hovudet fullt av bekymringar, og når eg kjem ut, er eg ein heilt annan stad, seier Bugge.

− Det er ikkje berre at eg får ein pause frå jobben, eg får ein pause frå meg sjølv. Du tenkjer ikkje på anna enn å vinne den ballen.

Den yngste i gruppa, Aleksandr Popov, stipendiat i informatikk, er samd. Han spelte badminton som tenåring i St. Petersburg og har teke det opp att i Bergen.

− Det hender ein jobbar 10–12 timar om dagen, kanskje ikkje på kontoret, men i hovudet: Du tenkjer på forskinga di og på alt som må ordnast når du kjem til Noreg som innvandrar. Badminton er meditativt. Det er enkle algoritmar: Du slår ballen og prøver å rekne ut korleis han vil bli slått tilbake. Eg er alltid lukkeleg når eg går frå treninga, seier han.

Det hemmelege orkesteret

Denne saka starta rett nok ikkje med idrett. For lenge sidan fanst det ein ung student og journalistspire som spelte fiolin i Universitetets symfoniorkester i Bergen (USO). Vi øvde på Studentsenteret og spelte for alle dei nye studentane på immatrikuleringssamlinga i Grieghallen kvar haust.

Så vidt eg hugsar, var det ei allment akseptert sanning at det var tilsette og studentar frå Det medisinske fakultetet som dominerte universitetsorkestera. Førestillinga var ikkje heilt utan rot i røyndomen. To gonger, i 1993 og 2010, har forskarar kartlagt den kulturelle aktiviteten til norske legar gjennom Legekårsundersøkelsen, ei regelmessig spørjeundersøking i regi av Legeforskningsinstituttet. Ved siste undersøking oppgav 58 prosent av respondentane at dei kunne spele eit instrument, og 21 prosent at dei øvde regelmessig, noko som ikkje berre er langt høgare tal enn for folk flest, men også høgare enn for andre akademikarar. Fleire legar oppgav å delta aktivt i orkester, kor eller andre musikkgrupper i 2010 enn i 1993, trass i at respondentane i mellomtida var blitt både yngre og meir mangfaldige.

Strykarane i Universitetets symfoniorkester brukar ein laurdag formiddag til ekstraøving. Ruth Murgatroyd (t.v.) i samtale med Margje Post. Foto: Paul S. Amundsen

Og forskarane fann ein signifikant positiv samanheng mellom høg kulturell aktivitet, god eigenopplevd helse og kor tilfreds ein var med jobben og med livet generelt.

Eit halvt liv seinare er det ikkje nokon legedominans å spore i USO Bergen, men orkesteret finst framleis, sjølv om immatrikuleringsfesten er ein saga blott og det knapt finst spor etter orkesteret på nettsidene til UiB. Orkesteret er ope for alle som vil spele symfonisk musikk på amatørnivå i Bergen, og som greier å finne ut kvar det øver. Hemmeleghaldet er likevel ikkje ein medviten strategi.

− Eg fekk vite om orkesteret då det gjekk ut ein e-post til alle UiB-tilsette tidleg i år der dei søkte etter medlemmar, seier Ruth Murgatroyd, som er overingeniør ved Universitetsmuseet.

Ho svara på e-posten. No speler ho på ein lånt cello, sidan hennar eigen vart igjen heime i England då ho kom til Noreg for sju år sidan.

− Eg sakna å vere i orkester. Eg er jo litt rusten, men det har vore godt å oppdage kor mykje som sit i muskelminnet. Som cellist må ein ofte lese fleire ulike nøklar, og eg var litt nervøs for det, men det går faktisk veldig bra. Men eg har mista den harde huda på fingertuppane. Den må byggast opp att, seier ho.

Også for henne er det viktig at orkesterøvingane er noko heilt anna enn jobben.

− I orkesteret kan du ikkje tenkje på noko anna enn musikken. Det blir ein liten tilfluktsstad.

– Eg har mista litt av flyten i dei åra eg ikkje har spelt, men det går betre for kvar veke, seier Ruth Murgatroyd. Foto: Paul S. Amundsen

Pause frå seg sjølv

Kvifor er denne «pausen frå seg sjølv» som både badmintonspelarar og musikarar opplever, så essensiell? Tyske Stefan Kölsch er professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi ved UiB, men opphavleg fiolinist. Han forskar på kva musikk gjer med hjernen, kjenslene og kroppen, mellom anna i behandling av personar med Alzheimers sjukdom. Dagen etter møtet med Forskerforum skal han reise til Wien for å delta på eit symposium arrangert av det austerrikske selskapet for musikk og medisin.

− Medan eg er der, skal eg spele trio i lag med ein cellist og ein pianist. Det gler eg meg veldig til, eg har øvd kvar dag i vekevis, seier han.

− For meg er musikken veldig viktig, det gjev meg balanse, avspenning og lukke.

I forskinga si har han sett at den «ut av deg sjølv»-opplevinga musikken kan gje, er direkte helsebringande.

− Når du gjer noko som ikkje krev full merksemd, byrjar tankane dine å vandre. Og ofte er desse tankane negative. Dei kvernar rundt den fæle eksen, uro for framtida eller opplevingar som har vore traumatiserande, seier Kölsch.

− Det er først dei siste 10–20 åra vi verkeleg har byrja forstå kor usunne slike negative tankar er. Dei heng saman med auka risiko for hjarte- og karsjukdommar og betennelsestilstandar. Då kan musikk tilby ein veg ut.

− Eg har sagt til kona at dersom eg nokon gong blir dement, må eg få med meg fiolinen på sjukeheimen, seier hjerneforskar Stefan Kölsch. Foto: Gert Mothes

Men det er ikkje nok berre å ha musikk på i bakgrunnen, ein må vere aktivt engasjert.

− Til dømes ved å synge til musikken eller telje takter medan ein pustar – det fungerer bra for meg. Eller danse. Vi har nettopp publisert resultat som viser at når folk som blir utsette for smerte, lyttar til musikk og slår takta samstundes, opplever dei ein mykje større smertereduserande effekt enn om dei berre lyttar.

Han fortel om ein pilotstudie dei har gjort på personar med schizofreni som er plaga av ubehagelege røyster i hovudet.

− Når dei lyttar til musikk og tel takter, blir språk- og minnefunksjonane i hjernen aktiverte, slik at det ikkje blir plass til negative tankar. Til og med personar med posttraumatisk stressyndrom kan bruke dette til å skru av flashbacks og skuldkjensle, seier han.

Fellesskap og konkurranse

Pausen frå seg sjølv kan ein få berre ved å lytte aktivt til musikk åleine med øyrepluggane sine. Men ein annan helsebringande effekt – fellesskapskjensla – krev at ein oppsøker eit orkester, ein lagidrett eller noko tilsvarande.

− Det å vere del av ei gruppe er eit veldig sterkt menneskeleg behov, og det kan raskt tilfredsstillast ved å synge, spele eller røre seg til musikk i lag med andre, seier Kölsch.

Også for badmintonspelarane på Studentsenteret er utbytet dei får på treninga, større enn berre den fysiske aktiviteten. Å springe åleine i fjellet er ikkje det same, hevdar dei.

− Tidlegare har eg budd i Serbia, og der spelte eg fotball, vi hadde eit lag og deltok i turneringar, fortel informatikkstipendiaten Popov.

− Der lærte eg kor viktig det er for meg både å vere ein del av eit lag og å konkurrere. Eg er veldig konkurranseorientert. No øver eg meg på ikkje å la kjenslene styre meg. Eg likar at badmintonspelarar kan ta spelet seriøst, men utan å late sinnet ta overhand, slik du kan sjå i tennis, til dømes. Det er ein aristokratisk sport, seier han.

Takk for kampen! Aleksandr Popov, Ingunn Vie Skare og Pascal Dietzel er bitre konkurrentar på bana, men gode vener utanfor. Foto: Paul S. Amundsen

Ingen av dei speler berre for kosen. Dei vil vinne.

− Vi fører ikkje statistikk, men vi tel poeng, og det er mykje prestisje knytt til det. Eg trur kanskje dei som speler på konkurransenivå, er meir opptekne av å spele godt når dei er på trening, medan vi er veldig opptekne av å vinne den ballen, det settet, den kampen, seier Liv Kristiane Bugge.

Klassespørsmålet

Sist Statistisk sentralbyrå publiserte tal om kva slags fritidsaktivitetar nordmenn driv med, i 2012, brukte folk med høg utdanning i noko større grad tid på konkurranseidrett og trening enn folk med låg utdanning. Men bruk av reiskap, som ein racket, er også eit kjenneteikn ved overklasseidrett, fortel Arve Hjelseth.

− Tradisjonelt har overklassen drive med idrettar der du ikkje kjem i kontakt med andres kroppssveitte, seier han.

Danske tilstander
Les også:
Danske tilstander

Rett nok har det vore endringar dei siste tiåra, peikar han på. Golf er blitt ein norsk folkesport, medan arbeidarklasseidretten bryting nesten har forsvunne. Men klasse og kulturell kapital er framleis det som i størst grad avgjer kva akademikarar brukar fritida si på.

− Akademikarar har mykje kulturell kapital, og dei er nok eit sjikt som er opptekne av å delta i aktivitetar som har overføringsverdi til andre felt, både for seg sjølve og borna sine. Det er ein samanheng mellom skuleprestasjonar og deltaking i organisert idrett. Idrett handlar om disiplin, konsentrasjon og evne til å sette seg mål, og det er ein logikk eg trur i større grad appellerer til folk med kulturell kapital, seier Hjelseth.

Jobben som hobby

Men ikkje alle har behov for å gjere noko heilt anna i fritida. Ingjald Pilskog, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, er ein av dei som på sett og vis har jobben som hobby. Og ikkje på den måten at helgene må brukast til å skrive artiklar.

− Eg har alltid meint at når eg har fått høve til å tileigne meg så mykje kunnskap, så har eg eit moralsk ansvar for å dele det vidare, seier han.

– Vi ser at folk er interesserte i forsking, men det er aldri nok tid til å formidle det, seier førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Ingjald Pilskog. Foto: Kjerstin Gjengedal.

Pilskog har bakgrunn i fysikk og kjemi, som leia vidare til geovitskap og no til forsking på berekraftsomgrepet parallelt med undervising i fysikk, geofag og klimakrise. Men når arbeidsdagen er over, lagar han podkast for den gamle arbeidsplassen sin, Bjerknessenteret, eller han arrangerer offentlege debattmøte om populærvitskap og om universiteta si rolle i samfunnet. Det byrja med at han vart rekruttert til Forum for vitskap og demokrati, eit debattforum ved UiB.

− Eg byrja i forumet då eg var tilsett i Norce, og då var det ein del av jobben. No kan eg ikkje rekne dette arbeidet inn i arbeidstida, men eg har halde fram med det fordi eg meiner det er viktig, seier han.

Vi er her berre ei kort tid, og då må eg gjere det eg tykkjer er viktig.
Ingjald Pilskog

Forumet arrangerer møte om tema som er viktige for sektoren, frå finansiering og demokratisk styring ved universiteta til forskarens rolle i samfunnsdebatten. Seinare vart Pilskog også hanka inn som medlem i Selskapet til Vitenskapenes Fremme, som rettar seg meir mot eit allment publikum.

− Vi vil skape merksemd rundt god og viktig forsking som skjer i Bergen, få det ut til folk. Vi veit at mange er interesserte. Og eg må vedgå at eg er skuffa over kor lite og dårleg forskingsjournalistikk vi har her i landet, seier han.

− Må gjere noko viktig

Engasjementet har vakse etter kvart som han har lært meir, fortel Pilskog. Gjennom ei skrivegruppe for unge klimaforskarar oppdaga han at populærvitskapleg skriving var eit handverk det gjekk an å lære seg.

− Det opna døra til generell vitskapsformidling, ikkje berre å formidle sjølv, men også leggje til rette for at andre kan gjere det. På Bjerknessenteret hadde dei kurs i å lage podkast. Det var jo ikkje så vanskeleg. Så byrja eg å ta opp møta i Forum for vitskap og demokrati og publisere dei. No går mykje av tida mi til slike aktivitetar.

Når han ein sjeldan gong vil sleppe vekk frå seg sjølv, speler han rollespel med kameratar. Men med jobb og små barn er det ikkje ofte dei greier å finne tid til det lenger.

− Og eg likar å gå tur eller padle kajakk, men det er ikkje det eg prioriterer. Eg skulle gjerne gjort meir formidlingsarbeid. Vi er her berre ei kort tid, og då må eg gjere det eg tykkjer er viktig.

I idrettshallen tek Pascal Dietzel ein pust i bakken mellom kampane. Han tykkjer det er bra at bedriftsidrettslaget tilbyr eit høve til å treffe folk han ikkje omgåst til dagleg.

− Det trur eg er veldig sunt for ein organisasjon, seier han.

Og når ein først har funne sin gjeng, blir ein der gjerne. Dietzel peikar ut ein av pensjonistane på bana, som er midt i ein kamp. Han har slutta å forske, men speler framleis badminton.

− Eg har ofte tapt når eg har spelt single mot han. Ein blir ikkje raskare med alderen, men ein får meir erfaring, seier Dietzel.

Tilbyr institusjonen din organiserte fritidsaktivitetar for tilsette?

Elisabeth E. Borhaug, personal- og organisasjonsdirektør, Universitetet i Søraust-Noreg

– Vi har eit velferdsutval på kvar av våre åtte campus som organiserer aktivitetar. Det kan vere alt frå yoga kvar veke til kurs i kajakkpadling. Mi oppleving er at dei blir godt mottekne, og at deltakinga er god.

Jan Petter Stenberg, personal- og organisasjonsdirektør, NMBU

– Vi har eit bedriftsidrettslag som tilbyr ulike aktivitetar for tilsette. Dessutan har vi eit kor som tilsette deltek i, men eg har ikkje kjennskap til andre aktivitetar som er organiserte rundt NMBU.

Gro Adsen Sokn, HR-direktør, Universitetet i Stavanger

– Vi har eit bedriftsidrettslag med ulike aktivitetar, dei har nettopp starta med frisbeegolf og turorientering. Og vi har eit kor, og ei populær kunstforeining som kjøper inn og loddar ut kunst til medlemmane.