Større gjennomslag med samarbeid
LUKK

Større gjennomslag med samarbeid

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 11. februar 2014 kl. 13:52

Noreg er ein attraktiv samarbeidspartnar i forsking, men bør samarbeide meir med Asia, konkluderer ny rapport.

st-rre-gjennomslag-med-samarbeid


– USA og Europa vil alltid vere interessante for oss, men vi må tenkje på kva tid vi bør sjå etter andre moglegheiter, seier Arvid Hallén.

Fakta
<

Det er Forskingsrådet som har bestilt analysen, som baserer seg på vitskaplege publikasjonar i databasen Scopus. Analysen er utført av det kanadiske firmaet Science-Metrix. Resultata vart presenterte på ein konferanse fredag 7. februar.

Må ut av Europa

Direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, peika i si innleiing på at internasjonalt forskingssamarbeid gjer norsk forsking meir synleg, og gjev norske forskarar tilgang til ekspertise og infrastruktur som ikkje finst heime. Forskingsrådet satsar sterkt på internasjonalisering gjennom mellom anna Horisont 2020, og vil la samarbeid gjennomsyre alle støtteordningane rådet disponerer.

– Vi må også sjå utanfor Europa. I 2012 investerte for første gong dei ti største asiatiske forskingslanda samla meir i forsking enn USA gjorde. USA og Europa vil alltid vere interessante for oss, men vi må tenkje på kva tid vi bør sjå etter andre moglegheiter, sa Hallén.

Samarbeid gjev gjennomslag

Globalt hadde USA, Kina, Storbritannia, Japan og Tyskland størst forskingsproduksjon i perioden 2003-2012, viser rapporten frå Science-Metrix.  Kina, India og Spania hadde den største auken i produksjonen. Den største gjennomslagskrafta av forsking, målt etter siteringar, finn ein i den engelskspråklege verda (USA, Canada og Storbritannia), medan dei fire største landa på det europeiske kontintentet sto for den største auken i gjennomslagskraft, saman med Kina.

Som universitet har vi ei moralsk plikt til å delta i den globale samfunnsutviklinga.

58 land er med i undersøkinga. Mellom desse ligg Noreg på 31. plass når det gjeld forskingsproduksjon, men justerer ein for folketal rykker vi opp til ein 7. plass. Til liks med mange andre små land ligg Noreg godt over verdsgjennomsnittet når det gjeld internasjonalt samarbeid, og samarbeidet løner seg: Publikasjonar der ein av forfattarane er tilsett ved ein norsk institusjon, blir i gjennomsnitt sitert meir enn dobbelt så mykje som verdsgjennomsnittet. Generelt blir internasjonale sampublikasjonar sitert meir enn publikasjonar der forfattarane er frå same land, og berre ein liten del av dei ekstra siteringane kan forklarast med at artikkelforfattarane siterer seg sjølve.

Kina seglar opp

Dei største samarbeidspartnerane våre er USA, Storbritannia, Sverige og Tyskland. Rapporten legg vekt på at det er naturleg og kostnadseffektivt å samarbeide med land som står ein kulturelt og språkleg nært, men tilrår at Noreg også bør vurdere strategiske samarbeid med land som Singapore, Sveits og Australia for å oppnå enno høgare gjennomslag for forskinga vi produserer. Kina blir også trekt fram som ein aktør i sterk utvikling som Noreg bør halde eit auge med, med tanke på å innleie samarbeid på dei felta der det kan falle naturleg.

Science-Metrix har også sett spesielt på nokre forskingsfelt der Noreg ligg langt framme, først og fremst innan polarforsking, klima og miljø, akvakultur og marin forsking, og kjem med framlegg til land og institusjonar som eignar seg for samarbeid innan desse felta.

Må vite meir om humsam-fag

Artikkeltilfanget som ligg til grunn for rapporten, kjem overvegande frå dei naturvitskaplege og biomedisinske faga. Éric Archambault frå Science-Metrix la i presentasjonen sin vekt på at analysen berre er basert på bibliometriske indikatorar og difor ikkje bør vere det einaste styringsverktøyet når ein skal utarbeide strategiar for internasjonalt samarbeid. Samstundes gjev vitskaplege publikasjonar tilgang til mykje informasjon om kva for land og institusjonar som samarbeider, og kva fagfelt dei som merkar seg ut. Archambault tilrådde at ein gjer meir for å studere den vitskaplege produksjonen og gjennomslaget innan humaniora og samfunnsvitskap.

– Vår analyse dekkjer ikkje heile kompleksiteten i systemet og bør ikkje nyttast til å fordele pengar. Men det kan tene som grunnlag for ein open diskusjon om kva forskingssamarbeid kan tene til, sa han.

Utdannar for internasjonalisering

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen kommenterte at UiB ser på samarbeid både som eit verkemiddel og som eit mål i seg sjølv.

– Som universitet har vi ei moralsk plikt til å delta i den globale samfunnsutviklinga. Vi er opptekne av at når våre internasjonale studentar reiser heim att, blir dei ein del av vårt globale kontaktnettverk. Det er viktig for oss å tenkje igjennom korleis vi best kan gjere nytte av dei ulike verktøya for internasjonalisering, sa han.

Kva tyder resultata for oss?

Viserektor for forsking ved Høgskulen i Gjøvik, Morten Irgens, peika på at makrotala i rapporten no må fordøyast hos kvar einskild institusjon.

– Vår rolle har endra seg dramatisk dei siste ti åra, frå rein undervising til mykje meir forsking. I denne fasen har vårt fokus først og fremst vore på nettverksbygging, og mindre på artikkelproduksjon. I tillegg har vi sett at nesten 30 prosent av våre publikasjonar anten ikkje er registrert i Scopus, eller er feilregistrert. Vi må diskutere kor representative desse tala er for oss, og korleis denne typen analyser slår ulikt ut for små og store institusjonar, og for profesjonsfag versus disiplinfag, meinte han.