«Statsråden ser ikkje ut til å forstå at forsking vert utførd av den enkelte forskaren»
LUKK

«Statsråden ser ikkje ut til å forstå at forsking vert utførd av den enkelte forskaren»

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 28. november 2018 kl. 14:22

Leiar: Det Iselin Nybø framførde var så lite lydhøyrt for kva slags aktivitet forsking er og kva vilkår forskarane har, at eg nesten må bruke Trygve Slagsvold Vedum-vendingar om livsfjerne politikarar inne i Oslo.

Eg kunne ikkje kome på Forskningspolitisk seminar, så eg prøvde å få overføringa på nettet til å verke medan eg fylgde med på emneknaggen #forskpol18 på Twitter og utveksla raske e-brev med redaksjonsmedlemmer som var til stades. Kva er viktig? Kva er nytt? Kva sa forskerforbundleiaren? Forskingsministeren? Ei av twittermeldingane skilte seg ut i to-the-point-heit. Der har eg vinkelen min, tenkte eg.

Redaktør i Forskerforum Kjetil A. Brottveit

I ettertid har eg lese innlegg, sett filmopptak og fått oversyn over kva som vart sagt på det årvisse seminaret til Forskerforbundet. Det vart halde i Oslo 12. november, og i år var den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning eit naturleg utgangspunkt. Planen gjeld for dei neste ti åra, og peikar ut ein del overordna satsingsfelt. Overskrifta for seminaret var Rom for kvalitet, kreativitet og risiko? Slik var emnet presisert: «Den nye langtidsplanen skal legge grunnlaget for forskning som kan løse de store samfunnsutfordringene og skape framtidens arbeidsplasser. Er vi rigget for disse oppgavene? Er det nok rom for kreativitet, langsiktighet og risiko i norsk forskning? Tenker vi stort nok og tør vi nok?»

Petter Aaslestad, leiar i Forskerforbundet, var fyrste talar. Han problematiserte tilhøvet mellom høge forskingspolitiske ambisjonar og eit pressa forskarliv. Aaslestad understreka at risikoen i forsking, som langtidsplanen føreset, ikkje kan plasserast hjå den enkelte forskaren. Arbeidsvilkår og løn må vere tilpassa risikoviljen. Eller spissformulert slik: – Jeg skal bidra til å løse klimakrisen, (og det vil jeg gjerne) men jeg skal gjøre det på en midlertidig kontrakt og seks måneders finansiering.

Neste talar var Iselin Nybø, minister for forsking og høgare utdanning. Ho stussa over spørsmåla i seminarteksten:

– Er det nok rom for kreativitet, langsiktighet og risiko i norsk forskning? spør dere. Tenker vi stort nok og tør vi nok? Jeg mener svaret på det, er et rungende ja. Ja til kvalitet. Ja til kreativitet. Ja til risiko.

Nybø fortalde detaljert om millionane til spesielle satsingar i planen – kvalitet i høgare utdanning, teknologiløft og stimulering av forsking i næringslivet. Ho grunngav oppramsinga slik: – Alt burde ligge til rette for kreativitet, langsiktighet og risiko i norsk forskning.

Denne sekvensen kom mot slutten av talen:

– Synes dere at vi ikke er rigget for å produsere forskning som kan bidra til å løse store samfunnsutfordringer? Skal man da bare la være å prøve?

Synes dere at det ikke er rom for kvalitet? Skal man da bare slå seg til ro med middelmådighet?

Synes dere at politikken ikke er dristig nok? Skal man da bare koble fra og sysle med sitt?

Til det kan jeg ikke svare annet enn:

Hvis ikke dere, hvem?

Hvis ikke nå, når?

Eg forstår at Nybø ikkje kunne omstille seg frå manuset fem sekund etter å ha høyrt Aaslestad, og han har då heller ikkje nokon fasit. Men det ho framførde var så lite lydhøyrt for kva slags aktivitet forsking er og kva vilkår forskarane har, at eg nesten må bruke Trygve Slagsvold Vedum-vendingar om livsfjerne politikarar inne i Oslo. Her fanst ikkje det minste forsøk på å gå inn i problemstillingane seminaret prøvde å reise.

Men så var det denne twittermeldinga. Professor Bjørn Stensaker, med styring av undervisingsinstitusjonar som eitt av spesialfelta, var henta inn som ein slags ekspertkommentator til seminaret. Etter at Stensaker hadde kome med observasjonane sine om fyrste del av seminaret, sende Forskerforbundet ut denne meldinga: «Langtidsplanen skal gi langsiktighet i norsk forsking, men har forskerne den same muligheten til å planlegge langsiktig?, spør Bjørn Stensaker.» Så der stal Bjørn Stensaker vinkelen min, tenkte eg. Nei. Det er eg som stel hans.

Til slutt vil eg gjere stas på Petter Aaslestad, som har berre nokre veker att som leiar av Forskerforbundet. Bladet markerer det med eit intervju med oppsummeringar etter seks år i vervet. Han har òg skrive ei ekstra lang avskilsspalte bak i bladet.

Kva slags leiar er det som no sluttar? Iallfall er det ein leiar som innleidde Forskningspolitisk seminar med å bruke karakterane i Hedda Gabler til å kaste ljos over omgrepet akademisk fridom. Eg let Aaslestad få dei siste orda: – Den akademiske friheten er som kjent ikke et slentrende «gjør det du helst vil» – den akademiske friheten er en forpliktelse til å følge store tanker helt til the bitter end.

  • Les også: