Store endringar for små bibliotek
LUKK

Store endringar for små bibliotek

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. november 2016 kl. 11:00

Mange er spente på kvardagen når fleire små bibliotek skal bli eitt stort universitetsbibliotek.

– Det er ikkje bestemt kven som blir ny bibliotekdirektør ved NTNU. Sjølv skal eg slutte, seier noverande direktør Lisbeth Tangen. Foto: Nils Eikeland/NTNU

– Det er ikkje bestemt kven som blir ny bibliotekdirektør ved NTNU. Sjølv skal eg slutte, seier noverande direktør Lisbeth Tangen. Foto: Nils Eikeland/NTNU

– For dei små biblioteka som skal inn i ei større eining, blir det utfordrande. Men det vil nok også bli positivt reint fagleg, seier Lisbeth Tangen, bibliotekdirektør ved NTNU.

Etter alle fusjonane er mange bibliotekarar spente: Korleis vil det gå når høgskulebiblioteka skal inn i større universitetsbibliotek? Vil dei «forsvinne» eller bli integrerte i storbiblioteket?

Tangen fortel at organiseringa av universitetsbiblioteket ved NTNU ikkje er klar etter fusjonen med Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST), Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund.

eggen-ingrid-privat

– Det er litt uro for at vi berre blir eit underbruk av Bodø, seier Ingrid Eggen.

Men det som er klart, er at NTNU berre får eitt universitetsbibliotek og éin leiar:

– Det blir ein bibliotekdirektør, som alle må rapportere inn til. Men så spørst det korleis ein skal organisere seg når det gjeld Gjøvik og Ålesund, og korleis tidlegare HiST skal innlemmast i det nye universitetsbiblioteket.

Størst endring for HiST

Tangen trur det blir størst endring for gamle HiST.

– Dei andre to er så langt unna, så dei må utføre oppgåvene der dei er. Men ved HiST skal biblioteka inn i noko større. Korleis dette vil sjå ut, er ikkje avklara.

Ho seier at heilt uavhengig av fusjonar vil den største utfordringa for NTNU-bibliotekarane framover bli at store delar av litteraturen er digital.

– Dette vil måtte medføre store endringar i måten vi jobbar på. Vi ser dette allereie i dag. Ved høgskulane, som hovudsakleg har studentar på bachelornivå, legg dei meir vekt på boksamlingar, medan universitetsbiblioteket ved NTNU har mykje meir digitalt materiale. Så det blir ei utfordring framover å balansere dette, slik at alle studentane og forskarane får eit godt tilbod, seier Tangen.

Ved NTNU er det sett ned ei gruppe som skal sjå på omorganiseringa av bibliotektenestene, og eit forslag skal leggjast fram 1. desember.

Det er litt uro for at vi berre blir eit underbruk av Bodø, fordi dei der er så store.

– Identitet er viktig

Også ved Nord universitet blir det snart ny organisering av bibliotektenestene. Etter at Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) og Høgskolen i Nesna vart slått saman med Universitetet i Nordland, skal åtte bibliotek bli til eitt universitetsbibliotek.

– For oss bibliotekarar har fusjonsprosessen vore fylt av praktisk arbeid. Alt går veldig fort, og det har vore lite tid til å dei store tankane om framtida, seier spesialbibliotekar Ingrid Eggen ved Nord universitet. Ho har vore tilsett ved tidlegare HiNT, og har mellom anna delteke i ei gruppe som driv med strategiarbeid for det nye universitetsbiblioteket.

– Mange arbeidsgrupper har vore i sving det siste året for å førebu samanslåing av databasar og få til felles rutinar for biblioteket.

Eggen seier biblioteka har svært ulik storleik, men også forskjellig kultur:

– Noko av det viktigaste framover er kultur- og identitetsbygging. Høgskolen i Nord-Trøndelag vart danna av fire mindre høgskular for tjue år sidan, og eg veit kor lang tid det tok oss den gongen å bli ein høgskule. Det er også litt uro for at vi berre blir eit underbruk av Bodø, fordi dei der er så store samanlikna med oss som kjem inn.

Eggen trur likevel fusjonen vil føre med seg ein del positivt:

– Vi får mange nye kollegaer, og opplevinga så langt er svært positiv. Men det kan bli vanskelegare å få til ting når organisasjonen blir tyngre. Eg er også spent på kor lang avstand det blir til nærmaste leiar, kvar personalleiinga skal sitte, og om vi får fagleg leiing på kvart einskild bibliotek.

– Meir tungrodd

Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT) har fleire års erfaring med fusjon. Erlend Kristensen er spesialbibliotekar og koordinator for Altabiblioteket ved UiT. Han seier det er ei stund sidan Høgskolen i Finnmark fusjonerte med UiT, så endringane er ikkje lenger like tydelege.

– Men vi fekk «fri» frå ein del arbeidsoppgåver som vi før hadde lokalt her ved biblioteket. Det gjeld for eksempel forhandlingar om lisensavtalar og forvaltning av eit institusjonelt arkiv. Også mottak og katalogisering er sentralisert, fortel Kristensen.

Han seier det i dei fleste samanhengar er inspirerande å vere del av eit større fagmiljø.

– Men ein del ting kan vere meir uoversiktlig og tungrodd enn før.

Biblioteket hadde tidlegare ein lokal bibliotekleiar, som no er erstatta av ein koordinator.

– Den lokale koordinatoren har leiaransvar, men ikkje personalansvar. Personalleiinga er ikkje til stades i det daglege, og dette kan nok av og til opplevast som utfordrande, seier Kristensen.