Ta Forskerforums quiz
LUKK
Annonse
Annonse

Ta Forskerforums quiz

Av Forskerforum

Publisert 21. desember 2021 kl. 13:59

Kor mykje kan du om vaksinar og norske byar?

Svar er nedst i saka.

Vaksinar

a) Kva for vaksine vart utvikla av Jonas Salk og teken i bruk i 1955?

b) Kva er SYSVAK?

c) Kva for dyr er ordet vaksine avleidd av?

d) Alle norske barn får tilbod om MMR-vaksine. Kva for tre sjukdommar blir omfatta av denne vaksinen?

e) Kor ligg vaksinefabrikken Norvax, som det nyleg vart kjent at Forskingsrådet likevel ikkje vil støtte økonomisk?

Utdanning og karakter

a) Kva «kallenamn» hadde den tredje dårlegaste karakteren på skalaen som i si tid gjekk frå «ikke tilfredsstillende» til «særdeles tilfredsstillende»?

b) Kva er det nye karakterkravet i matte og norsk for dei som vil ta lærarutdanning og har minst 40 skulepoeng, ifølgje den nye regjeringa?

c) Kor ligg den nedleggingstruga Nordland kunst- og filmhøgskole, som kanskje skal inn under vengane til UiT Noregs arktiske universitet?

d) Kva er den høgaste fullførte utdanninga til kunnskapsminister Tonje Brenna?

Tonje Brenna Foto: LNU Foto, CC BY 2.0

e) Kva for NRK-program omtalte nyleg utdanninga i Nesna på ein måte som førte til ein mindre klagestorm til Kringkastingsrådet?

1 til 6

a) Kva for band gav ut songen «One» på albumet Achtung Baby frå 1991?

b) Kva for to vitamin løyser seg i vatn?

c) Kven er partane i det såkalla trepartssamarbeidet?

d) Kva for fire land er med i alliansen som gjerne vil bli kjend som «The Quad», og som mange ser som eit forsøk på å demme opp for kinesisk dominans både økonomisk og militært?

e) Kva heitte bandet som Michael Jackson vart med i då han var fem år gammal?

f) Kva for amerikansk region består av dei seks delstatane Connecticut, Rhode Island, Maine, Vermont, Massachusetts og New Hampshire?

Norske byar

a) Kva heiter administrasjonssenteret i Nordkapp kommune som fekk bystatus i 1996 – året før kommunelova sette krav om eit innbyggartal på minst 5000 for å kunne kalle seg by?

Kor kan ein finne dette byvåpenet?

b) I kva for by låg «Fajansen», som var landets største steintøyprodusent og blant anna laga klinkekuler kjende som mabliss?

c) Kor kan ein finne ananasbrus frå Oskar Sylte og eit byvåpen som viser ein kval og ei sildetønne?

d) Kor kjem forfattarane Ingvar Ambjørnsen og Anne Holt frå?

e) Kva for statleg tilsyn har adresse i Førde og ein sjef som heiter Hamar?

Svar:

Vaksinar

a) Poliovaksine

b) Noregs nasjonale vaksineregister

c) Ku (vacca)

d) Meslingar, kusma og raude hundar

e) I Sandefjord

Utdanning og karakter

a) Nogen

b) 3

c) I Kabelvåg

d) Vidaregåande skule

e) Nytt på Nytt

1 til 6

a) U2

b) B og C

c) Arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar og staten

d) USA, Australia, India og Japan

e) The Jackson 5

f) New England

Norske byar

a) Honningsvåg

b) Egersund

c) I Molde

d) Larvik

e) Lotteri- og stiftelsestilsynet (berre Lotteritilsynet er òg godkjent)