Ta påskequizen vår!

Av Forskerforum

Publisert 14. april 2019

Kor mykje veit du om sjakk, norske akademikarar, Det norske forsvaret og diplomati?

Diplomatix

a) Den såkalla konsulatsaka medverka sterkt til unionsoppløysinga i 1905, med Noregs statsminister i Sverige i ei viktig rolle. Kva heitte han?

 b) I kva for land var Thorvald Stoltenberg ambassadesekretær frå 1961 til 1964?

c) Kva heiter den norske toppdiplomaten som er FNs spesialutsending til Syria?

d) Kva er tittelen på det amerikanske teaterstykket som i vinter er sett opp ved Det Norske Teatret, og som handlar om fredsforhandlingane i Midtausten og den såkalla Oslo-prosessen i 1993?

e) Kva for fargar er det på diplomat-bilskilt (CD-skilt)

Akademikarar

a) Kor underviser sosiologen Trond Blindheim i marknadskommunikasjon og forbrukaråtferd?

b) Ei 76 år gammal professor emerita ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er ein pioner i forsking på idrett og kjønn, og sat i fjor fengsla i Israel etter å ha vore med på eit skip som siglde til Gaza. Kva er namnet?

c) Kva for fag er Trond Berg Eriksen ein nestor i?

d) Når det er val, dukkar Anders Todal Jenssen ofte opp i media. Kor er han tilsett som professor i statsvitskap?

Foto: Wikimedia Commons

e) Dette er endå ei professor emerita ved Universitetet i Sørøst-Norge. Ho stod i si tid bak forfattarstudiet i Bø, og nyleg vart ho nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for den siste diktsamlinga si. Kva er namnet?

Det norske forsvaret

a) Den norske overflatemarinen består blant anna av seks kystkorvettar som også blir kalla MTB-båtar. Kva står MTB for?

b) Kva var namnet på den NATO-leidde militærøvinga som gjekk av stabelen i Noreg i fjor haust?

Tidlegare forsvarsminister. Foto Wikimedia Commons

c) Ho var forsvarsminister i Bondevik II-regjeringa – kva er namnet

d) KNM Harald Haarfagre er rekruttskule for både Sjøforsvaret og Luftforsvaret. Kor ligg denne skulen?

e) Kva heitte leiren i Moss kommune der siviltenesteadministrasjonen heldt til før siviltenesta vart avvikla i 2012?

Sjakk

a) Kva språk stammar ordet sjakk frå?

b) I 1997 slo ei datamaskin den beste sjakkspelaren i verda, Garri Kasparov, i eit berømt oppgjer over seks parti. Kva var maskina kjend som?

c) Ei ungarsk kvinne, yngst av tre sjakksøstrer, var rangert som beste kvinnelege spelar i verda i 25 år, og på sitt beste som nr. 8 i verda uavhengig av kjønn. Kva heiter ho?

d) Nemn minst to av dei tre spelarane som har tapt mot Magnus Carlsen i kamp om VM-tittelen.

e) I sjeldne tilfelle kan ein sjakkamp bli avgjord i eit format der kvit får meir tid på trekka sine, men der svart vinn ved remis. Kva for ord – kjend frå Johannes’ openberring 16,16 – blir brukt om dette formatet?

SVAR:

Diplomatix

a) Sigurd Ibsen

b) Jugoslavia

c) Geir O. Pedersen

d) Oslo

e) Blå (bakgrunn) og gul (skrift)

Akademikarar

a)Høyskolen Kristiania

b) Gerd von der Lippe

c) Idéhistorie

d) NTNU

e) Eldrid Lunden

Det norske forsvaret

a)Missiltorpedobåt

b) Trident Juncture

c) Kristin Krohn Devold

d) I Stavanger

e) Dillingøy

Sjakk

a )Persisk (sjakk kjem frå «sjah»)

b) Deep Blue b) Judit Polgár

c) Viswanathan Anand, Sergej

d) Karjakin, Fabiano Caruana

e) Armageddon

  • Les også: