Treng omkamp om arbeidslivsrelevans
LUKK
Annonse
Annonse

Treng omkamp om arbeidslivsrelevans

Av Gunnar Skirbekk, professor emeritus i vitskapsfilosofi ved Universitetet i Bergen

Publisert 9. oktober 2020 kl. 15:27

I det moderne, kriseramma samfunnet må full-skala, høgkvalifiserte universitet få gode og frie rammevilkår, meiner Gunnar Skirbekk.

Fleirtalet på Stortinget, ved opposisjonspartia Frp, Ap og Sp, lanserte i vår eit forslag om «kompetansereform» i form av eit nytt finansieringssystem for statlege universitet og høgskular. Sitat: «Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være: Relevans for arbeid etter endt studium, ulike opplegg for videreutdanning, og opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør og som kan tas i kombinasjon med jobb.» Framlegget vart vedtatt den 15. juni.

Krava frå ei verd i krise

Tankegangen er i utgangspunktet grei nok: Ein går ut frå at vi i stigande grad vil få eit arbeidsliv prega av ny teknologi og rask teknologisk utvikling, innanfor ramma av ein globalisert kapitalisme – eit omskifteleg og konkurranseutsett arbeidsliv som krev fleksibilitet og kompetanseheving i form av omstilling og livslang læring. Stilt overfor desse utfordringane er det eit politisk ansvar å ta grep som gjer det lettare for folk å komme i arbeid og å stå i arbeid. Eitt grep kan då vere å legge til rette for utdanningsløp som er tilpassa krava i det nye arbeidslivet – derfor, eit forslag om «kompetansereform» i form av eit nytt finansieringssystem for høgare utdanning.

Men er det berre endringar i arbeidslivet som krev kompetanseheving og oppdatering? Kva med andre endringar og utfordringar i moderne kriseramma samfunn? Slik som klimaendringar og andre naturrelaterte utfordringar – saman med aukande sosio-økonomiske skilnader, i statar og mellom statar, svekking av demokratiske og rettsstatlege institusjonar, spreiing av «fake news» og forvitring av den opplyste offentlege sfære, og geopolitiske spenningar med fare for militære konfrontasjonar. Kort sagt, er det berre i arbeidslivet at det er behov for kompetanseheving og oppdatering?

Svaret gir seg sjølv. Også som samfunnsborgarar i ei verd i krise, og som statsborgarar i kriseramma moderne og vitskapsbaserte demokrati, er vi konfronterte med behov for kompetanse og oppdatering. Og igjen er institusjonane for utdanning og opplysning viktige – kvar institusjon for seg, men også samspelet mellom dei. Her kjem nokre poeng som fortener meir merksemd i denne samanhengen.

Skilnader mellom institusjonar

Det nye finansieringssystemet, med arbeidslivsrelevans som tildelingskriterium, skal gjelde for alle statlege institusjonar for høgare utdanning. Men er det slik at alle institusjonar for høgare utdanning driv med det same – eller, at dei bør prøve å drive med det same? Eller, ville det vere meir fornuftig med ei viss differensiering, ut frå dei oppgåvene som kvar institusjon er best skikka til å utføre? Og i så fall, bør finansieringssystemet differensierast tilsvarande?

Svaret gir seg sjølv: Før ein på politisk hald fattar eit endeleg vedtak for ei ny styrings- og finansieringsordning for statlege universitet og høgskular, er det nødvendig å differensiere mellom ulike utdanningsinstitusjonar – særleg mellom fleirfaglege og forskingsbaserte universitet, med hovudvekt på omfattande og sjølvkritiske fagstudium, på den eine sida, og institusjonar som i større grad er retta inn mot praksisnær yrkesutdanning, på den andre – i begge tilfelle, uavhengig av om dei kallar seg universitet eller høgskule.

Vedtaket om ny «kompetansereform» er uklart på dette avgjerande punktet. Derfor bør dette rettast opp når ein på politisk hald skal lansere eit nytt styringssystem for alle statlege universitet og høgskular, truleg våren 2021.

Kva skal vi med universiteta?

Det som blir kalla «universitet», kan vere så mangt. Men om vi held oss til fagleg sterke, forskingsbaserte universitet, med eit mangfald av ulike fag, er det eitt (tre-ledda) spørsmål som bør stillast: Kva er det slike universitet kan, som er viktig, og som dei kan betre enn alle andre? Her er eit tentativt svar, med utgangspunkt i eit par sentrale poeng:

Kva er det forskarane ved full-skala høgkvalifiserte universitet faktisk gjer? Dei er openbert engasjerte i svært forskjellige aktivitetar. Somme arbeider i lab, andre i bibliotek, eller på sjukehus, eller gjer feltarbeid av eit eller anna slag, og så vidare. Men det er éin aktivitet som er felles for alle disiplinane ved eit slikt universitet: doktordisputasen, ideelt sett ein open og opplyst diskusjon, i eit felles søk etter betre argument. Derfor må deltakarane i denne typen akademisk aktivitet vere opne for (og interesserte i) relevante motargument, retta mot eins eigne påstandar: Eit felles argumentativt søk etter betre grunnar, bort frå mindre gode grunnar, idet ein er open for motargument, også om eins eigne føresetnader – dette er dét som forskarane ved akademiske høgkvalitetsuniversitet har felles. Negativt uttrykt, kva emnet enn måtte vere, og kva disiplin det enn måtte vere, «argumentofobi» er bannlyst.

Sant nok, doktordisputasane er spesielle hendingar ved spesielle høve. Men ettersom doktordisputasane er felles for alle akademiske disiplinar ved desse universiteta, er det å kunne arrangere og delta i slike diskusjonar noko som er felles for dei alle. Dei er alle i stand til å diskutere og argumentere på denne måten.

Må sjå utover disiplinen

Neste poeng: I moderne vitskapsbaserte og kriseramma samfunn er det eit påtrengande behov for slike diskusjonar og gjensidige læringsprosessar, innanfor og mellom ulike vitskaplege perspektiv. Derfor, av denne grunn, bør dei ulike disiplinane arrangere og kultivere denne typen diskursiv aktivitet, som innslag i deira ordinære verksemd, ved høgt kvalifiserte, full-skala universitet.

Dessutan, i ei kompleks moderne verd bør studentundervisninga ved full-skala universitet, med eit mangfald av ulike disiplinar og perspektiv, vere prega av at det (grunnleggande sett) er to ting studentane bør lære: lære eit fag, ein modell, og lære at modellen ikkje er realiteten! Med andre ord, dei skal opplærast i ein disiplin, men samtidig lære at denne disiplinen aleine ikkje fattar alt som går føre seg. Økonomane ser noko, og sosiologane, eller psykologane, ser noko anna, om det «same» – og så vidare. Kort sagt, for å vite kva ein veit, må ein vite kva ein ikkje veit. Derfor, i ei kunnskapsmessig pluralistisk og kompleks verd bør vitskapsfolk og ekspertar vere medvitne om deira eigne føresetnader og begrensningar – og også om føresetnader og begrensningar for andre (nærståande) disiplinar.

Søking etter betre argument

Ved fullskala universitet, med «alle» vitskaplege disiplinar, kan denne typen innsikt vere lettare å tileigne seg enn ved universitet med berre eit fåtal disiplinar, eller ved frittståande forskingsinstitusjonar med berre éin eller få disiplinar – lettare, fordi kollegaer frå andre disiplinar er «overalt», ved eit slikt full-skala universitet.

Det å vere medviten om eins eigne føresetnader (og begrensningar) er ei avgjerande innsikt, ikkje berre i akademia, men i moderne samfunn generelt, ettersom dette er samfunn som på ulikt vis er avhengig av heile skalaen av ulike (og ofte konkurrerande) disiplinar og disiplinbaserte ekspertgrupper. Kort sagt, ettersom vi menneske ikkje er utstyrte med «Guds auge», som ser alle tinge frå alle perspektiv på same tid, så inneber medvitet om kunnskapsmessig perspektivisme og mangfald at «alle» disiplinar trengst for at vi skal kunne hanskast som best vi kan med dei ulike kunnskapsrelaterte utfordringane i komplekse moderne samfunn. Derfor er det å gå inn for naturvitskap og teknologi, og samtidig sjå bort frå samfunnsvitskapar og humaniora (eller omvend!), ein kunnskapsmessig «anomali». Det å vere kunnskapsmessig «halvmoderne», i denne forstand, det er noko vi bør unngå!

I den grad moderne full-skala og høgkvalifiserte universitet har eit potensial både for å fremje eit felles diskuterande søk etter betre argument, der ein tar motargument på alvor, og for eit refleksivt og sjølvkritisk medvit om ulike kunnskapsmessige perspektiv og føresetnader (og begrensningar), eins eigne så vel som dei andres, så bør desse universiteta vere i stand til å spele ei viktig rolle i moderne vitskapsbaserte risikosamfunn.

Komplekse samfunn treng fagkritikk

Med dette potensialet for argumenterande resonnement, og med gode vilkår for å kunne reflektere over ulike kunnskapsmessige føresetnader og begrensningar, bør full-skala og høgkvalifiserte universitet vere i stand til å utføre denne typen sjølvkritisk fagkritikk og kvalitetskontroll, som på avgjerande vis trengst i komplekse vitskapsbaserte og kriseramma samfunn. Og slike universitet kan dette betre enn andre.

Konklusjonen er klar: Slike universitet bør få arbeide under andre rammevilkår, styringsmessig og finansielt, enn éin-faglege og få-faglege utdanningsinstitusjonar, uavhengig av om dei blir kalla universitet eller ikkje.

Når ein på politisk hald skal vedta nye styrings- og finansieringsformer for statlege universitet og høgskular, må vi som statsborgarar i eit moderne vitskapsbasert samfunn kunne forvente at dei ansvarlege politikarane og dei ansvarlege politiske partia tar omsyn til dei poenga som det blir vist til her.

Ein lengre versjon av denne kronikken vart publisert i Uniforum 4. september.

Les også: