Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Trump mot akademia: Vaksineskeptikere skal gi vaksineråd, og forskningsprosjekt får finansieringen tilbake. Nyheter fra 16. til 22. juni.

Forskerforum følger nyheter fra internasjonale medier om forskning og høyere utdanning under president Donald Trump.

Trump vil fjerne negative framstillingar av amerikansk historie

Manzanar National Historical Site, eit museum i tilknyting til ein tidlegare interneringsleir der japansk-amerikanarar vart haldne i fangenskap under andre verdskrigen, vart denne veka utstyrt med plakatar som oppmodar besøkande til museet om å rapportere negative framstillingar av amerikansk historie. Det skriv nettavisa SFGate. Plakatane er sett opp på ordre frå USAs innanriksminister Doug Burgum, i samband med at Donald Trump i mars underteikna ein presidentordre med tittelen «Restoring truth and sanity to American history». Amerikanske historikarar protesterte mot ordren i ei fråsegn i slutten av mars. Burgum har instruert alle nasjonalparkar og nasjonale minnesmerke om å gjennomgå alt informasjonsmateriale publikum møter, og fjerne alle framstillingar av historia som ikkje fokuserer på det amerikanske folkets store framsteg og prestasjonar, eller på det vakre og storslåtte ved landskapet. Dennis Arguelles frå the National Parks Conservation Association i California seier til SFGate at «dersom denne administrasjonen får det som dei vil, er historia om Manzanar truleg noko av det dei gjerne vil fjerne». (Publisert av Forskerforum 17.06.2025)

Kansellering av medisinske forskingsprosjekt dømt ugyldig

Ein føderal dommar avgjorde måndag at National Institutes of Health (NIH) må gjenoppta finansieringa av hundrevis av forskingsprosjekt som har fått finansieringa stogga sidan januar, skriv fleire medium. Prosjekta vart kansellerte som følgje av at Trump-administrasjonen sendte ut ei liste med ord som forskingsprosjekt ikkje lenger kunne innehalde, mellom dei «mangfald», «kvinne» og «skeiv». Dommaren konkluderte med at NIH ikkje har gitt tilfredsstillande grunngjeving for kanselleringa av prosjekta, at styresmaktene ikkje har lagt fram nokon truverdig defininsjon av «DEI», og at det var openbert at tilbaketrekkinga av finansiering var eit uttrykk for diskriminering frå styresmaktene på grunnlag av rase, kjønn og legning. Avgjerda gjeld om lag 800 av meir enn 2400 avslutta forskingsprosjekt. Dei 800 var inkludert i to søksmål som ein koalisjon av fagforeiningar og 16 Demokrat-leidde statar tok ut mot Trump-administrasjonen i april. Det er venta at administrasjonen vil anke domen. (Publisert av Forskerforum 17.06.2025)

Uro etter utnemning av nye medlemmar til vaksinekomite

Dei nye medlemmane i komiteen som gjev råd til dei amerikanske styresmaktene om kva vaksiner amerikanarar skal få tilbod om, har relativt lite ekspertise på vaksiner, skriv Science. Førre veke sa helseminister Robert F. Kennedy Jr, opp alle dei 17 medisinske ekspertane i komiteen. To dagar seinare utnemnde han dei første åtte nye medlemmane. Science har gjennomgått dei vitskaplege publikasjonane til dei nye komitemedlemmane og konkludert med at dei har medverka på 78 prosent færre vaksinerelaterte artiklar enn den opphavlege komiteen. Fire av dei åtte har ikkje publisert om vaksiner i det heile. Den nye komiteen inkluderer personlege bekjente av Kennedy, og folk som har kritisert vaksiner og folkehelsepolitikk. Tidlegare komitemedlem Paul Offit, som arbeider med vaksiner ved Children’s Hospital of Philadelphia, seier til Science at den viktigaste effekten av endringane vil vere at dei medisinske fagmiljøa ikkje kjem til å lite på råda som kjem frå den nye komiteen. (Publisert av Forskerforum 16.06.2025)

Starter EU-prosjekt for forskere i krigsrammede områder

Trump krever én milliard dollar i erstatning fra Harvard

Slovenia sikter mot forskningstoppen

Nigeria: Historisk avtale kan stanse 16 år med streiker

Russland løslater fransk forsker i bytte mot basketballspiller

Mistenkt etter drapene på Brown-universitetet i USA innrømmer skyld i funnet video

Kongressen opprettholder budsjetter til forskning

Trump mot akademia: Vil senke «moderskipet» for kunnskap om planeten. Nyheter fra desember.

Lukk meny