– Uheldig fryktkultur i Arkivverket
LUKK

– Uheldig fryktkultur i Arkivverket

Av Johanne Landsverk

Publisert 15. mai 2018 kl. 06:49

Sp-politikar Kjersti Toppe meiner det har utvikla seg ein fryktkultur i Arkivverket. Men fleire av dei tillitsvalde er ueinige.

– Eg har fått telefonar frå tilsette som er svært fortvila, og som ikkje eingong vågar å seie namnet sitt i telefonen. Det kan vere tilsette i statsarkiva som er redde for å miste oppgåver, eller som ikkje vågar å uttale seg til leiinga om omstillingsprosessen. Eg har eit klart inntrykk av at det har utvikla seg ein uheldig fryktkultur i Arkivverket, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp).

Ho har engasjert seg i saka rundt omorganiseringa i Arkivverket, som består av Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv. Dei siste to åra har det storma rundt etaten, som blant anna har gått over til fjernstyrt leiing og ei omfattande omlegging av rolla til statsarkiva i regionane.

Ein del av bakgrunnen er at Arkivverket skal bruke meir ressursar på å digitalisere arkivmateriale, og hadde behov for ei større omstrukturering av ressursane. Blant dei tilsette har det vore ulike meiningar om omorganiseringa, og mange er positive. Men mange ansatte i Arkivverket har vore uroa over tap av fagleg kompetanse, og Forskerforum har snakka med tilsette ved ulike statsarkiv som kjenner seg utrygge og misnøgde med arbeidssituasjonen.

Ansatte i Arkivverket redde for «kjeft»

Toppe meiner at det ho kallar fryktkultur, må sjåast i samanheng med omstillinga i Arkivverket.

– Når folk ringer og seier at dei er veldig redde, så gjer det inntrykk. Eg kjenner dette igjen frå omstillingar i helsevesenet. Det er ein ukultur som er i ferd med å breie om seg i arbeidslivet, og det bekymrar meg at det er så tydeleg i ein liten organisasjon som Arkivverket. Eg har sagt ifrå til Riksarkivaren at eg har denne oppfatninga, seier ho.

Ein av dei tilsette som støttar Toppe, er Jo Rune Kristiansen Ugulen, som er lokal tillitsvald for Forskerforbundet ved Statsarkivet i Bergen.

– Fryktkulturen er heilt klart til stades, og det er frykteleg synd at det har blitt slik. Men eg veit lite om omfanget utover det at det er høgst reelt ved fleire av arbeidsstadene i etaten, seier Ugulen.

– Kva er dei redde for?

– Det er ikkje så lett å seie, og det er kan også vere eit element av irrasjonalitet i frykta – utan at det gjer sjølve frykta mindre reell. Men inntrykket mitt er at dei er redde for straffereaksjonar på eitt eller anna nivå. Til dømes «kjeft» frå leiaren sin, eller at dei kan bli fråtekne interessante arbeidsoppgåver.

Vil bruke privatnummer

Yngve Nedrebø, som er statsarkivar i Bergen, synest det er ille om ein statleg organisasjon som Arkivverket har så lita takhøgd at tilsette ikkje tør å ytre seg om det dei meiner.

– Eg har opplevd fleire gonger at tilsette som ringer til meg, ber om å få ringe meg opp att på sitt private nummer. Dei vågar ikkje å snakke på jobbtelefonen. Den siste gongen det skjedde, var ganske nyleg, seier Nedrebø.

– Redselen og fryktkulturen har blitt tydelegare etter leiarskiftet, seier Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen. Foto: Johanne Landsverk

Han har også fleire døme på at tilsette ikkje vågar å sende ting via e-postadressa dei har på jobben, men bruker privat e-post.

– Dette kunne også skje under den tidlegare leiinga, men redselen og fryktkulturen har blitt tydelegare etter leiarskiftet, meiner han.

– Så kva reaksjonar er dei redde for?

– Nokre er redde for å bli kalla inn på teppet. Og dette veit vi jo har skjedd, seier Nedrebø.

Vart kalla inn på teppet

For ikkje lenge sidan vart det sendt eit brev til leiinga med fleire faglege spørsmål om skanning av gamle branntakstprotokollar. Mange var uroa over om protokollane blir godt nok tekne vare på av Arkivverket, og brevet var underskrive av 30 personar.

– Fleire av dei som skreiv under, vart kalla inn på teppet av næraste leiar, der dei fekk høyre at dette var uakseptabelt, seier Nedrebø.

– Dei fekk beskjed om å ta opp slike spørsmål «i linja», det vil seie via næraste overordna, og ikkje direkte til leiinga. Poenget er at då skal næraste overordna kvele sakene der, så dei ikkje kjem vidare, seier han.

Espen Andersen, som er hovudtillitsvald for Forskerforbundet i Arkivverket, var ein av dei som skreiv under på brevet.

– Dette teiknar ikkje noko godt bilete av debattklimaet i Arkivverket. Vi burde kunne diskutere fageleg spørsmål og uttrykke meiningane våre utan å vere redde for reaksjonar, seier han.

Ikkje kjend med fryktkultur

Også Andersen har høyrt om frykt blant tilsette i Arkivverket, men vil likevel ikkje kalle det ein fryktkultur.

– Det har ikkje kome nokon direkte til meg, men sist veke fekk eg besøk av ein tilsett som kunne fortelje om folk som er redde for å seie ifrå til leiinga. Eg vil ikkje seie at fryktkultur er eit dekkande ord for å beskrive situasjonen i Arkivverket, men nokon kan nok oppleve det som ubehageleg å fremje kritiske synspunkt, seier Andersen.

Jon Sandven, som er hovudtillitsvald i Norsk tenestemannslag (NTL) ved Arkivverket, seier han ikkje kjenner til nokon fryktkultur i organisasjonen.

– Om nokre av dei tilsette opplever dette, må vi ta det på alvor. Men eg har ikkje høyrt nokon bruke ordet fryktkultur om etaten, og eg har heller ikkje høyrt at folk er redde for å seie kva dei meiner, seier Sandven.

Bent Vangli er hovudtillitsvald for Akademikerne ved Arkivverket, og han er einig med Sandven.

– For meg er dette ukjent. Vi har hovudsakleg medlemmer i Arkivverket i Oslo, så eg veit ikkje om det kan ha noko å seie. Men eg har vel heller oppfatta at takhøgda er stor i Arkivverket.

Toppe meiner på si side at dei mange telefonane er påfallande.

– Eg kan jo håpe at eg tek feil, men eg har sett liknande fryktkultur i helsevesenet. Det er ganske spesielt at dei tilsette ringer til meg, men kanskje kan det synast tryggare enn å ta opp ting innanfor systemet.

Synest det er trist

Forskerforum har spurt om å få eit intervju med riksarkivar Inga Bolstad om denne saka, men ho har nekta å la seg intervjue. Gjennom ein kommunikasjonsrådgjevar har ho sendt eit kort svar til Forskerforum: «Først vil eg seie at eg synest det er trist å høyre at nokre tilsette i Arkivverket meiner vi har ein fryktkultur i etaten. Dette er noko vi sjølvsagt ser alvorleg på, men eg oppmodar også Forskerforum om å kontakte dei fire hovudtillitsvalde for å få eit meir nyansert bilete av saka».

  • Les meir: