UiB-redaktør kalla inn til rektor
LUKK

UiB-redaktør kalla inn til rektor

Av Forskerforum

Publisert 22. mars 2018 kl. 11:49

Redaktør og styreleiar vart kalla inn til rektor ved UiB for å forklare seg etter eit oppslag i På Høyden.

Sist veke omtalte På Høyden ein rapport om psykologklinkkane ved Universitetet i Bergen (UiB). Denne veka vart både redaktør Dag Hellesund og styreleiar Jan Heiret, kalla inn til møte på rektors kontor. Til stades var også assisterande direktør Tore Tungodden og dekan ved Det psykologiske fakultet, Bente Wold, som var intervjua i saka.

– På møtet hevda rektor at dekanen ved fakultetet, Bente Wold, ikkje har sagt det ho er sitert på i saka i På Høyden. Han gav uttrykk for at saka ikkje var etterretteleg, seier Dag Hellesund, som sjølv intervjua Wold og skreiv den omstridde saka i På Høyden.

– Det er klart i strid med Redaktørplakaten og demokratiske spelereglar når eigar grip inn på denne måten for å gi korreks til redaktøren for noko dei meiner er feil, seier Hellesund til avisa.

Rektor Dag Rune Olsen avviser at han har handla i strid med lova eller Redaktørplakaten.

– Dette handlar om at ein tilsett kjente seg forulempa i ei sak i På Høyden. Då er det naturleg at eg som overordna representant for arbeidsgivar ønsker å finne ut av det. Eg har ei legitim interesse av å ta vare på dei tilsette. Vi ønskte å høyre redaktørens syn på saka. Eg har ikkje prøvd eller ønskt å påverke redaksjonelle prioriteringar eller vegval, seier Olsen.

Avisa På Høyden ved UiB har vore redaksjonelt uavhengig sidan 2011.