Universiteta treng knuff frå samfunnet rundt. Men vert det for mykje relevansmas, må dei òg knuffe tilbake.
LUKK

Universiteta treng knuff frå samfunnet rundt. Men vert det for mykje relevansmas, må dei òg knuffe tilbake.

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 14. mai 2021 kl. 11:50

Sterke krefter, internasjonalt og nasjonalt, ynskjer ikkje berre tettare kontakt mellom høgare utdanning og arbeidsliv, men å bruke pengar som pressmiddel.

«Hold tidsånden på en armlengdes avstand.» I ei bok om Bob Dylan* er dette eitt av musikarens «ti bod». Boda er ikkje formulerte av Dylan sjølv, men meint som komprimerte lærepunkt frå kunsten hans. Bodet fell meg inn då eg les denne tidsåndande setninga: «I en omskiftelig verden er evnen til å være med på å utvikle nye løsninger og ta disse i bruk på en fornuftig måte en viktig kjernekompetanse for studenter på vei ut i arbeidslivet.» Slik språkbruk må ein tole om ein skal forstå kva styresmaktene tenkjer om måla for universitet og høgskular. Setninga er henta frå den nye stortingsmeldinga om arbeidsrelevans i høgare utdanning.

Eit fleirtal på Stortinget av Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet gjekk i fjor saman om å krevje at arbeidsrelevans skal inn i finansieringsmodellen for universitet og høgskular. Meir konkret: Det skal løne seg for institusjonane å utdanne folk som får relevant arbeid etterpå.

Denne mekanismen er ikkje med i stortingsmeldinga, men er utsett til eit anna politisk løp, nemleg ei varsla samla utgreiing om finansiering av høgare utdanning. Dermed var brodden ute av akkurat denne meldinga, men når det seinare kjem til pengar, indikatorar og tilhøyrande rapporteringskrav, vil medvitet og motstanden auke.

Det kan trengast, for sterke krefter, internasjonalt og nasjonalt, ynskjer ikkje berre tettare kontakt mellom høgare utdanning og arbeidsliv, men å bruke pengar som pressmiddel. I hovudsaka i dette nummeret tek Forskerforum nærleiken til arbeidslivet opp til diskusjon. Vi møter kunsthistoriestudentar, som prisar at studiet har gjeve dei høve til praksis. Gjennom arbeidet ved eit galleri har dei øva seg på å formidle kunnskap på ein jordnær måte. Dette kan eg støtte. Det høyrast rett og slett tiltalande ut.

Studentgruppa vil ha meir arbeidsrelevans. Kven elles? Lat oss ta spranget opp til internasjonalt nivå: OECD fann i ei undersøking i 2018 at norske studentar klarar seg bra på arbeidsmarknaden etterpå, men tilknytinga til arbeidslivet undervegs i utdanninga kunne ha vore betre. Dirk van Damme i OECD uttalar seg nyansert i den nemnde saka: «Universitetet må forsvare sin autonomi og bestemme hva de mener er viktig, men kjennskapen til arbeidsmarkedet bør bli mer nøyaktig.»

Politikarane, regjeringa og Kunnskapsdepartementet dansar rundt relevansen. Det same gjer LO og NHO. Dei to hovudmotstandarane har funne kvarandre i denne saka, og dei veit kor arbeidsrelevansen skal stå: i sentrum. I fem år har LO og NHO arbeidd for ein felles plan om temaet. «Vi mener at universitetet og arbeidslivet bør samarbeide meir. Universitetene, studentene og arbeidslivet ønsker det», seier Julie Lødrup frå LO i den same saka.

Dersom vi utvidar perspektivet ei aning, ligg spørsmålet om arbeidsrelevans snublande nær det som har vorte heitande «sentral dimensjonering av utdanning», altså at styresmaktene ut frå kva arbeidslivet treng kan avgjere kor mykje vi skal ha av ulike utdanningar og kven som skal tilby dei. Danmark har gått langt i denne retninga under store protestar frå matunyttige fag og personar. For kva kan eit slikt prinsipp kollidere med? Retten universiteta og høgskulane har til å undervise i det dei kan best eller ut frå breiare kriterium enn «arbeidsrelevans»: forvalting og vidareutvikling av kunnskapsarven. Ikkje minst kan det kollidere med retten studentane har til å forfylgje eigne interesser utan å vite kva yrke dei skal ha. Ein skal ikkje sjå bort frå at dei til og med går rundt med ei indre glo om å verte gagns menneske.

Stortingsmeldinga omtalar den «omskiftelege verda» som noko høgare utdanning må tilpasse seg. Ein kan like godt argumentere for det motsette. Jo lettare og raskare samfunnet endrar seg, jo tyngre og seinare bør universiteta og høgskulane halde att.

Eller gå vidare i ei anna retning. Med armlengdes avstand.

*Robert W. Kvalvaag og Geir Winje (red): A God of Time and Space: New Perspectives on Bob Dylan and Religion, Cappelen Damm Akademisk, 2019.

Les også: