Uroleg for toppforskinga
LUKK

Uroleg for toppforskinga

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. mai 2018 kl. 13:05

Korleis skal Noreg dyrke fram og vedlikehalde framifrå forskingsmiljø? Det måtte forskingsministeren svare på i Stortinget.

– Det å leggje til rette for framifrå forskingsmiljø er noko vi har jobba lenge og grundig med i Arbeidarpartiet, men det er også ei målsetting i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Når planen no er under revisjon, tykkjer eg det er eit godt høve til å løfte fram dette spørsmålet i Stortinget, seier Nina Sandberg, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Torsdag stilte ho spørsmål i Stortinget til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, om kva statsråden ville gjere for å bevare og utvikle norske toppforskingsmiljø.

Saknar satsing

Noreg har færre forskingsmiljø i verdstoppen enn land vi likar å samanlikne oss med, og vi gjer det relativt svakt på den europeiske toppforskingsarenaen ERC.

Då Kunnskapsdepartementet i fjor bestilte ein landgjennomgang frå OECD, som kunnskapsgrunnlag for revisjonen av langtidsplanen for forsking, var ein av hovudkonklusjonane at Noreg må gjere meir for å dyrke fram internasjonalt leiande forskingsmiljø og universitet.

– Sidan regjeringa har dette som mål, og no er i ferd med å revidere langtidsplanen, vil det vere bra å få høyre statsrådens oppfatting, seier Nina Sandberg. Foto: Stortinget

Nyleg gjekk fire internasjonalt leiande norske forskarar ut og etterlyste meir langsiktige rammevilkår for toppforskingsmiljøa. Dei peika på at ti års finansiering, som ein kan få gjennom ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF), gjev miljøa for korte tidsperspektiv, og at det er vanskeleg for institusjonane å vidareføre satsinga på miljøet når SFF-perioden er gått ut.

Les også: Norske universiteter trenger mer penger

– Eg trur ikkje dette berre handlar om å sikre langsiktige rammevilkår. Mange faktorar spelar inn, til dømes institusjonane sitt handlingsrom, bygg og infrastruktur, og gode og føreseielege karrierevegar. Det er mykje ein kan ta tak i, seier Sandberg.

Bad universiteta ta ansvar

Statsråd Nybø er ikkje samd i at ein manglar verkemiddel for å sikre toppforskingsmiljøa.

– For å halde seg i toppen i lengre tid, trengst det langvarig prioritering frå vertsinstitusjonen, difor må det først og fremst vere opp til dei å ta vare på miljøa. Eg meiner dei har synt seg å vere godt rusta for oppgåva. Alle universiteta har ordningar for å gje dei beste miljøa gode vilkår, og aksepten for å gjere harde prioriteringar, er blitt større, sa ho i debatten på Stortinget.

Nybø ville likevel ikkje forskuttere debatten kring den reviderte langtidsplanen, men gav uttrykk for at Stortinget kan vente ein offensiv plan til hausten.

Sandberg seier til Forskerforum at interpellasjonen ikkje er ein kritikk av norsk forsking generelt, der mykje er bra.

– Men det sviktar på eitt vesentleg punkt: Noreg lukkast ikkje godt nok med å skape framifrå forsking.

Ho hadde ønskt seg eit meir offensivt svar frå statsråden.

– Det er urovekkande at statsråden er nøgd med å trakke i gamle spor når vi erfarer at dei ikkje fører fram til mål Stortinget har sett. Mi største uro er at vi veit at Noreg står overfor store omstillingsutfordringar, der forsking og toppforsking blir nøkkelen til å lukkast. Når fleire med meg peikar på at vi ikkje greier å nå eit sentralt forskingspolitisk mål innanfor dagens finansierings- og styringssystem, hadde eg håpa på eit klarare svar og meir vilje til å ta ansvar, seier ho.

  • Les også: