Utestengde frå pengebingen

Av Johanne Landsverk

Publisert 22. juni 2018

Færre legar søkjer seg til universitetet. Kvifor skulle dei dit, når helseføretaka tilbyr feitare lønn og større tilgang på forskingsmidlar?

I Forskerforum 5/18 uttrykte professor Anne Spurkland ved Universitetet i Oslo (UiO) bekymring over den dårlege rekrutteringa av legar som kan undervise medisinstudentane i basalfag som anatomi og fysiologi. Legane taper i konkurranse mot biologar og andre med naturfagleg bakgrunn, og mange legar vil heller ha ein betre lønna jobb ved sjukehuset. Spurkland meiner at ein av dei viktigaste grunnane til at UiO manglar legar, er at helseføretaka har mykje betre forskingsvilkår.

–­ Dei vil ikkje hit, for då mistar dei sugerøyret ned i HOD-kassa, seier ho.

Les saken her: – Vi utdannar medisinstudentar som har for dårleg medisinsk ballast 

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) gjev store forskingsløyvingar til sjukehusa gjennom dei regionale helseføretaka, og i tillegg brukar helseføretaka pengar frå eiga verksemd til forsking.

Vil forske i føretaket

Rektor Anne Husebekk ved UiT – Noregs arktiske universitet har leia ei arbeidsgruppe som skulle jobbe for meir samordning mellom universitet og helseføretak. Ho forstår Spurkland si bekymring, og meiner det vil vere vanskeleg for universiteta å rekruttere legar til forsking så lenge helseforskingsmidlar i stor grad blir administrerte gjennom helseføretaka og går til legar som er tilsette der.

– Helseføretaka har ikkje primæransvar for å utdanne medisinstudentar, og dei som er tilsette med forsking som del av stillinga, deltek i mindre grad i undervisning av studentar. Konsekvensane er at universiteta indirekte bli tappa for undervisningskapasitet, i alle fall i basalfaga, seier Husebekk, som sjølv er lege og professor.

Samtidig seier Husebekk at det er store regionale skilnader.

– Det er særleg lagt til rette for forsking ved Helse Sør-Aust. Dei legane som vel å fortsette med forsking, gjer oftast dette innanfor helseføretaket. Situasjonen er ikkje heilt den same alle stader i landet. Tilsette ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg får ikkje like gode vilkår for forsking, seier ho.

Husebekk fortel at det er ulik praksis for korleis forskingsmidlane blir fordelte ved dei ulike helseføretaka i landet.

– I Helse Sør-Aust må alle som søkjer om forskingsmidlar, vere tilsette i helseføretaket. I Helse Midt er situasjonen heilt annleis, for der blir ein stor del av forskingsmidlane kanaliserte gjennom NTNU. Bergen og Tromsø har ei slags mellomløysing, seier ho.

– UiO har ingen styringsrett

Dekan Frode Vartdal ved Det medisinske fakultet ved UiO seier det er nødvendig at delar av anatomi og fysiologifaget har undervisarar med legeutdanning. Han meiner det også er ei utfordring at legane som søkjer seg til universitetet, blir utkonkurrerte av internasjonale søkjarar.

– Ein av grunnane til at legar ikkje får stillingane, er den store internasjonale konkurransen. Fakultetet har teke tak for å løyse problemet ved at ein no i fleire stillingar krev legeutdanning, og dei som er tilsette med dette kravet, er fagleg fullt på høgd med dei andre søkjarane, seier han.

Vartdal stadfestar òg at det er lettare å få forskingsmidlar i helseføretaket.

– Dette bidreg nok til situasjonen vi har hamna i. Men vi har også hatt problem med rekruttering av medisinarar til laboratoriefaga ved sjukehusa, og der har dei tilgang til forskingsmidlar frå Helse Sør-Aust. Dette er midlar som er løyvd av HOD og dei regionale helseføretaka, og universitetet har ingen styringsrett over midlane.

Konkurrerer om ti prosent

Jesper W. Simonsen i Forskingsrådet seier helseføretaka er pålagt å drive med klinisk forsking som er nyttig for eit sjukehus, men han er open for endringar.

– Eigentleg kunne ein like gjerne ha løyvd pengane til universiteta som driv med forsking knytt til klinisk behandling, meiner Simonsen, som er områdedirektør for Samfunn og helse i Forskingsrådet.

Også Forskingsrådet lyser ut forskingsmidlar til helseforsking. Gjennom Kunnskapsdepartementet (KD) blir det løyvd om lag 400 millionar til fri helseforsking, og i tillegg løyver HOD 300-400 millionar som går til konkrete helseprogram.

– Men desse to pengesummane, der forskarar frå universitet og helseføretak kan konkurrere på like vilkår, utgjer til saman berre ti prosent av den offentlege finansieringa av helseforsking i Noreg. Den aller største delen går gjennom helseføretaka som øyremerka forskingsmidlar og grunnfinansiering, seier Simonsen.

I Helse Sør-Aust er det berre prosjekt som blir leia av tilsette ved føretaket som kan få støtte.

– Dette bør ein rette på, sidan det skapar unødvendige skilje i forskingsmiljø som i stor grad er vevde saman, blant anna ved at mange har stillingar både på sjukehuset og på universitetet, seier han.

Dekan Frode Vartdal ved UiO seier departementet har vore tydeleg på at forskingsmidlane skal gå til folk som har eit tilsetjingsforhold ved helseføretaket.

– Det er ei misforståing at dette berre skjer i Helse Sør-Aust. Det er akkurat det same regelverk som gjeld for alle helseføretak, seier han.

NTNU- tilsette får midlar

Men ved NTNU har dei ein annan praksis. Administrerande direktør Stig Arild Slørdahl ved Helse Midt-Noreg seier det ikkje er noko krav om at dei som søkjer forskingsmidlar må vere tilsette i helseføretaket.

– Forskingsprosjektet skal ha ei forankring eller eit samarbeid med helseføretaket, men mange som jobbar ved NTNU har fått løyvingar frå forskingsmidlane til Helse Midt-Noreg, seier Slørdahl, som sjølv var dekan ved Det medisinske fakultetet ved NTNU i over ti år.

Han presiserer at alle forskingsprosjekta må ha relevans for den kliniske verksemda ved sjukehuset.

– Reine basalforskingsprosjekt får ikkje støtte. Så sjølv om du er tilsett på NTNU og kan få forskingsmidlar frå helseføretaka, er det krav om at forskinga må vere forankra i kliniske problemstillingar.

NTNU og Helse Midt-Noreg har også tett samarbeid når det gjeld undervisning i basalfag.

– Mange av dei som underviser i basalfag, er legar som samtidig er tilsette i klinikken på St. Olavs hospital. Ved NTNU har nok klinikarane ei større rolle enn ved mange andre universitet.

Må jobbe med lønna

Slørdahl meiner det er eit felles ansvar å lage ordningar som kan sikre at vi får kopla legar til basalfag og undervisning. Han trur ein del av løysinga kan vere betre integrering mellom universitet og helseføretak.

– Ei anna løysing kan vere å innføre stimuleringsordningar ved lønnsoppgjer. Dei professorane som tener aller best ved universitetet kan ha ei lønn som er konkurransedyktig med lønna i helseføretaka. Men for dei unge som begynner på i ein forskarkarriere, vil det opplevast mykje meir lukrativt å jobbe ved sjukehuset, på grunn av vakter og helgetillegg. Dette er ei utfordring som både universitet og helseføretak må samarbeide om, meiner han.

Også Husebekk meiner lønn er ein viktig grunn til at færre legar vel å jobbe ved universitetet.

– Om ein lege kan velje mellom ei klinisk stilling med dobbelt så mykje lønn, skal det mykje til å motivere seg til ein universitetsstilling. Og er du stipendiat i eit helseføretak, får du mykje høgare lønn enn det universitetet kan tilby. Vi ser at desse stipendiatane sjeldan blir rekrutterte til universitetet, seier ho.

Samarbeid på toppnivå

Arbeidsgruppa for meir samordning mellom universitetet og helseføretak, som Husebekk har leia, har kome med forslag til betring. Gruppa kom blant anna med forslag til eit samarbeidsforum, som vart sett ned for ei tid sidan. Der sit representantar frå høgste politisk hald både frå KD og HOD saman med universitetsrektorar og direktørar i dei regionale helseføretaka.

– Forumet kan gje gode råd til departementa, og eg har tru på at ein kan få til godt samarbeid, seier Husebekk.