Frå tekking til forståing
LUKK
Annonse
Annonse

Frå tekking til forståing

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 8. september 2017 kl. 12:34

Politikarspråket rommar forsking. Skal vi ta steget til forståing?

Eg skriv dette i slutten av august, og så langt har ikkje forskingssfæren vore ein viktig del av valkampen. Alt tidleg i sommar var det tydeleg kva dei største partia ynskte å profilere seg på. Ap har peika ut fire hovudtema, medan Høgre slår til med fem. Båe satsar på arbeid og helse som vinnarsaker. Ap framhevar i tillegg klima og kunnskap, medan Høgre vil vinne diskusjonar om skule, veg og tryggleik. Eg trur ikkje eg er aleine om å kjenne att ferdiglaga ordremser om «fleire unge i arbeid» (Ap) eller «tidleg innsats» (Høgre).

Sjekkar ein valkampsidene til desse partia på nettet, lèt det seg gjere å finne noko om forsking og høgare utdanning. Blant Aps fire overskrifter er altså kunnskap, og på sjetteplass av punkta i denne kategorien står det at partiet vil «sikre frie og uavhengige universiteter og høyskoler i hele landet som kan gi studentene forskningsbasert undervisning av høy kvalitet, som er relevant og tilpasset et moderne kunnskapssamfunn.» Hjå Høgre må ein leite litt meir. For å finne denne sektoren, må ein gå via «skule»-kategorien, som ved hjelp av eit par klikk utvidar seg til å omfatte «forsking» òg. Då får ein løn for strevet, for der står det beint ut: «Vi vil øke investeringene i universiteter og høyskoler, og satse på kunnskap og forskning.»

Les også: Hva mener partiene om forskning og høyere utdanning? Her er oversikten.

Forsking og høgare utdanning må finne seg i å vere sekundær i valkampen og den politiske debatten elles. Feltet er til dømes sekundært til skule, som i dømet frå Høgre-nettsida. Politikken for forsking og høgare utdanning kan dessutan vere variantar av større – iallfall målt i medieomtale – politiske problemstillingar. Dei «venleg, men bestemt» politisk styrde fusjonane av universitet og høgskular har ein klår parallell i politidistrikt- og kommune-samanslåingane. Den heftige bruken av mellombelse tilsettingar i akademia er eit slags vedheng til den kjende «trygge arbeidsplassar-problemstillinga» i allmennmedia. Men det finst òg døme på at generelle trendar aktualiserer forskinga. Falske nyhende/alternative fakta-debatten munnar ut i ein sterk etterspurnad etter det sikre, uhilda, forskingsbaserte. Erkjenninga av at store samfunnsspørsmål som klima og migrasjon krev forskingsbasert politikk er òg aukande. Samfunnet kan krevje noko tilbake av sektoren, til dømes nok utdanna sjukepleiarar eller nok kunnskap om klimaet. Kunsten er å dirigere passeleg mykje, og i rett retning.

Éin grunn til at politikkfeltet vårt ikkje tronar øvst på dagsordenen er mykje semje. Ein lokkar ikkje veljarar til seg ved å understreke alle likskapar med nabopartiet, til og med den fjerne naboen. Og kor mange forskarveljarar er det eigentleg å hente, samanlikna med lærarar, butikkmedarbeidarar og sjølvstendig næringsdrivande? Eg har like fullt ein ikkje-forskingsbasert observasjon om at politikkfeltet klatrar i viktigheit. Det finst døme på politiske debattar om forsking og høgare utdanning, og det finst etter kvart ei rekkje politikarar som skjøner seg nokså godt på feltet. Eg får inntrykk av at mykje vellukka lobbyisme må ha funne stad. Partia har skjønt at dei må tekkast forskarane, for ikkje å tale om universitetsrektorane. Vokabularet er på plass, og mange, til og med Frp, seier dei rette tinga om at forskinga skal vere uavhengig, bla bla. I eit forsøk på å synleggjere det som finst av politiske motsetnader om forsking, har vi stilt ni parti dei same spørsmåla. Desse sakene har vi publisert parti for parti på Forskerforum.no.
I hovudsaka denne månaden freistar vi å gå fundamentalt til verks i spørsmålet om akademias sjølvstende, og om aksepten frå politikarane er djup eller grunn. Det skal dei ha, Høgre, dei har auka løyvingane til forsking og høgare utdanning jamt og trutt den siste perioden. Dei overordna tala er upåklagelege. Spørsmålet er om kvart enkelt institutt og kvar enkelt forskar merkar opprustinga i form av eit betre spelerom for undervising og forsking, som alltid er god, og stundom er lysande, slik vi vil ha det.
Godt val!

Les også: