Velmeint, men tungt om lærartrivsel
LUKK

BOKMELDING

Velmeint, men tungt om lærartrivsel

Av Av Lars Nyre

Publisert 7. februar 2013 kl. 09:36

Emosjonelle forhold er mykje viktigare for skulearbeidet enn administrasjon og målstyring.

velmeint--men-tungt-om-l-rartrivsel

Fakta
<

Læraren bør ikkje ha distanse til elevane, slår denne boka fast. Læring handlar om trivsel og om meistring av kommunikasjonen med elevar, medlærarar og foreldre. Desse emosjonelle forholda er mykje viktigare for skulearbeidet enn administrasjon og målstyring.

Skolen som arbeidsplass er skriven av eit engasjert ektepar som begge er seniorforskarar ved NTNU Samfunnsforsking. Kvardagen for læraren i Noreg på 2010-talet vert drøfta utifrå motivasjonen for å verta lærar, vilkåra for trivsel i møte med faglege utfordringar, takling av personleg belastning, og strukturelle tiltak for at lærarar skal verta verande i yrket.

Boka er ganske HMS-orientert, men ho kviler heldigvis tungt på ei intervjuundersøking med 36 lærarar. Dei uttalar seg fargerikt om kvardagen i klasserommet, og dette hjelper til å gjera temaet for boka meir interessant enn det kunne vorte med ei reint omgrepsmessig tilnærming.

Skolen som arbeidsplass er inspirert av læringsteorien til den amerikanske psykologen Albert Bandura. Sosialpedagogikken frå John Dewey, Paolo Freire og andre vert ikkje brukt i det heile tatt, og dette er interessant. Den sosial-kognitive teorien om læring dreier seg i stor grad om «self-efficacy» eller «meistringsforventning». Skaalvik og Skaalvik forklarer omgrepet slik: «Mennesket tenderer til å søke situasjoner og aktiviteter somdet tror det vil mestre og unngå aktiviteter som det ikke føler seg sikker på at det vil beherske».

Forfattarane bruker gode sitat frå informantane, blant anna om «autentiske meistringserfaringar». Slike meistringserfaringar kan oppstå etter meir eller mindre tilfeldige engasjement som vikar. Eitt døme på det er vikarlæraren som fekk tillit hjå ein tidlegare lærar, og etter vikariatet hadde sterk tru på at ho kunne meistra dette yrket på lengre sikt. Slike erfaringar er svært verdifulle, fordi dei kan motivera unge menneske til å ta lærarutdanning.

Forfattarane har ei konstruktiv haldning til læraryrket, og boka kan sikkert hjelpa både lærarar og rektorar til å organisera arbeidsflyten sin betre. Forfattarane er oppriktig engasjert i å forbetra vilkåra for personleg kontakt mellom lærarar, elevar og foreldre, og all ære til dei for det.

Men boka har nokre skjønnheitsfeil. Forfattarane er for avhengige av sitata frå informantane sine, og bruker dei ganske kritikklaust. Stadig vekk er det halvsideslange sitat, og gjerne to–tre etter kvarandre utan kommentar. Her gjer Skaalvik og Skaalvik den klassiske feilen å tru at sitata forklarer seg sjølv, men det gjer dei jo ikkje. Forfattarane burde ha dyrka sitt eige verdibaserte argument systematisk gjennom boka, i staden for stadig å overlata ordet til informantane.

Skolen som arbeidsplass er prega av ein kald, administrativ skrivestil. Boka har så mange punktlister og oppramsingar at den raude tråden forsvinn, og engasjementet for det dei skriv om, skin berre glimtvis gjennom. I praksis er det berre folk med sterke faglege behov som vil orka å lesa boka til endes. Sjølv om Skaalvik og Skaalvik har ein god kommunikasjonsteori til grunn for synspunkta sine, så klarer dei ikkje å kommunisera han.