«Ventetida er over. Klimasaka treng å klatre raskt oppover på agendaen.»
LUKK

«Ventetida er over. Klimasaka treng å klatre raskt oppover på agendaen.»

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør

Publisert 16. november 2020 kl. 15:57

Universitetet i Oslo, ein samla universitets- og høgskulesektor og partane i lønsoppgjeret hadde sjansen. Men sjansen gjekk frå oss også denne gongen.

Eg fekk med meg eit NRK-innslag der tidlegare miljøvernministrar, frå Torbjørn Berntsen og framover, sat saman og diskuterte kvifor Noreg konsekvent ikkje har nådd eigne klimamål.

Kjetil A. Brottveit

– Det var lettare for det politiske Noreg å verte samd om målsetnadene enn om korleis vi skulle nå dei, sa Knut Arild Hareide (KrF), miljøvernminister 2004–2005.

– Og når ein hadde vorte samde om at ein ikkje kom til å klare målet, så sette ein seg berre eit noko meir ambisiøst mål, sa Bård Vegard Solhjell (SV), miljøvernminister 2012–2013.

– Litt lengre fram i tid, utfylte Hareide.

Hareide fekk i si tid statsrådsposten etter Børge Brende, som med Hareides ord tok «eit steg opp» og vart næringsminister. Miljøvern- eller klimaministeren er framleis ikkje statsråden med mest makt og prestisje. Klimaet må vike for andre omsyn.

Universitetet i Oslo hadde sjansen. Miljøsjef Øystein Liverød i eigedomsavdelinga ved UiO har sagt opp jobben for å bruke miljøkreftene sine betre andre stader.

Liverød verkar å vere ein mann med den dosen akuttheit som klimasaka treng. I eit lengre intervju med Uniforum forklårar han oppseiinga med at UiO ikkje har gjort nok for å redusere klimaavtrykket.

På detaljnivå kjem han med sin versjon av korleis og kvifor klimaarbeidet stadig må vike for andre omsyn. «Klima- og miljøstrategien skal kome i gang no, medan planen var at den eigentleg skulle ha blitt avslutta no», seier han. Liverød trekkjer fram at studentar og tilsette i årevis har spurt seg om UiO ikkje skal innføre betalingsparkering, men det har framleis ikkje hendt. Han er konstruktiv og har ei rekkje råd for å få fortgang i klimaarbeidet, til dømes å opprette ei eiga fagavdeling for berekraft, som har nok ressursar.

Ein samla universitets- og høgskulesektor hadde sjansen. Regjeringa ved Iselin Nybø, dåverande statsråd for forsking og høgare utdanning, føreslo å innføre ein klimarekneskap for UH-sektoren. Ein nær samla sektor sabla framlegget ned, og Nybø, som i mellomtida hadde teke steget opp til å verte næringsminister, måtte sjå på at etterfølgjaren Henrik Asheim meir eller mindre på direkten i Dagsnytt 18 avblåste heile planen.

Innvendingane om at sektoren er belemra med nok indikatorar og rapporteringar frå før, er forståelege, men symptomatiske. Å leggje eit press på klimasaka ovanfrå trur eg like fullt er heilt nødvendig. Kva vil Kunnskapsdepartementet gjere i staden?

Partane i lønsoppgjeret hadde sjansen. Tankegangen om «grøn tariff» har på kort tid fått eit visst fotfeste i fagrørsla. Unio, hovudorganisasjonen til Forskerforbundet, har vore aktive i å utforme ein politikk for berekraft. FN har 17 berekraftsmål, og dei gilde, fargerike nålene som mange politikarar ber i dag, symboliserer desse. Fleire av måla grip i høgste grad inn i det ein organisasjon som Unio arbeider for – som mindre ulikskap og eit anstendig arbeidsliv – men alle vil ikkje vere samde i at berekraftsmålet «Stoppe klimaendringane», er noko fagforeiningar skal vere opptekne av. Jon Olav Bjergene og Marit Gjelsvik har redigert boka Grønne tariffavtaler, som er utgangspunkt for ei sak i førre utgåve av Forskerforum.

Prinsippet i «grøn tariff» er gjerne eit spleiselag mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Økonomisk støtte til syklar/elsyklar til tilsette, færre parkeringsplassar på jobb og meir miljøvenlege jobbreiser er nokre av døma. Det er nokså lågthengande frukt, men samla sett kan fruktkjøtvekta verte stor. Medredaktør Bjergene, som er generalsekretær i Unio, skriv i eit innlegg: «Slike enkle tiltak for å redusere klimagassutslipp burde vært på plass for lengst.» Ifølgje Bjergene kunne heile utbygginga av ny E18 i Oslo-området vore overflødig dersom berre nokre få prosent hadde slutta å køyre bil til jobb.

Det finst grøne innslag frå tariffoppgjera i haust. Mellom anna har den nye hovudtariffavtalen i staten ein protokolltilførsel om at alle statlege verksemder må bidra dersom Noreg skal nå berekraftsmåla til FN. Men, i hovudsak kan vi nok oppsummere som Bjergene: «Sjansen gikk fra oss også denne gangen.»

Klimasaka treng ikkje berre press frå toppen. Til slutt vil eg oppeldne til press nedanfrå, til enkeltmenneske og organisasjonar som treng å endre eigne retningsliner.

Den sjansen skal ikkje gå frå oss.

Les også: