– Viktig møteplass for universitets- og høgskulesektoren
LUKK

- Viktig møteplass for universitets- og høgskulesektoren

Av Johanne Landsverk

Publisert 21. august 2015 kl. 11:17

Kva har kommunane med forsking å gjere? Det visste ikkje Marianne Aasen (Ap) heller før Arendalsveka.

--viktig-m-teplass-for-universitets--og-h-gskulesektoren


– Under Arendalsveka får vi tid til dialog og meiningsutveksling, seier Marianne Aasen (Ap).

--viktig-m-teplass-for-universitets--og-h-gskulesektoren


– Det er viktig å markere seg under Arendalsveka. Vi fekk sett på dagsorden at kommunane kan og bør samarbeide meir med akademia, seier Petter Aaslestad.

Fakta
<

– Eg har stor tru på Arendalsveka som ein politisk verkstad. Her er politikarar og ulike organisasjonar samla på eit lite område, og vi kan diskutere viktige saker på ein uformell måte, seier Petter Aaslestad, leiar i Forskerforbundet. 

Arendalsveka, som er ein møtestad for næringsliv, politikarar og interesseorganisasjonar, vart i august arrangert for fjerde gong i sørlandsbyen Arendal. 

Kommunar på dagsorden

Aaslestad trekkjer særleg fram eit debattmøte, som Forskerforbundet arrangerte saman med arbeidsgjevarorganisasjonen Abelia.

– Forskingsprogrammet til EU Horisont 2020 opnar for at kommunar og fylkeskommunar kan delta om dei finn samarbeidspartnarar i eit forskingsmiljø. Vi fekk sett på dagsorden at kommunane kan og bør samarbeide meir med akademia. Dette har vi også spelt inn til partia som ei viktig valkampsak for Forskerforbundet, seier Aaslestad.

Forskerforbundet arrangerte også eit debattmøte i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonen Tekna. 

– I debatten ønskte vi å rette søkjelyset på behovet for fleire utdanningsplassar. Universitet og høgskular må rustast opp til å ta i mot alle dei som seinare skal jobbe i kommunane, seier Aaslestad.

– Må gjere oss synlege

Arendalsveka er også blitt ein viktig møtestad for universitet- og høgskulesektoren. Ein av dei som deltok i år, var rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen. Som leiar for forskingsutvalet i Universitets- og høgskulerådet (UHR), var han med på å arrangere konferansen Kompetanse for fremtidens Norge.

– Det viktigaste for oss i universitet- og høgskulesektoren, er å gjere forsking og høgare utdanning synleg for politikarane. Eg deltok for første gong i fjor, og skjønte då at Arendalsveka er noko utdanningsinstitusjonane bør vere med på. Så i år arrangerte UHR, Forskingsrådet og NIFU eit seminar i samarbeid med Universitetet i Agder. Eg deltok også i eit debattpanel der vi tok opp spørsmålet om norske universitet og høgskular er gode nok i den globaliserte forskings- og utdanningsverda, seier Olsen. 

Han fortel at svært mange politikarar var til stades. .

– Alle dei politiske partia er samla her i Arendal, og veldig mange organisasjonar, som ønskjer å bli synelege. Då er det viktig for UH-sektoren å vere til stades og gjere oss synleg for politikarane, meiner han.

Viktige dialogmøte

Marianne Aasen, forskingspolitisk talsperson for Ap, deltok også i debattpanelet saman med UiB-rektoren.

– Arendalsveka er ein viktig møteplass, ein arena for meiningsutveksling og gode idear. Det er dialogen og dei sosiale møta mellom politikarar, institusjonar og organisasjonar som er så spesielt for Arendalsveka, meiner Aasen.

Ho seier det er sjeldan politikarar får så mykje tid saman som i Arendal.

– Eg møter dei same menneska på Stortinget og i Oslo-gryta, men då er det mykje meir hektisk, og ein får ikkje ro til den gode dialogen.

– Men kva nytt kom det ut av debattane?

– Vi politikarar kjenner jo institusjonane og dei fleste tema frå før. Men det som var heilt nytt i år, var å knyte kommunesektoren opp mot forsking. Vi har mange forskarar i Noreg som kan mykje om problema i kommunane, men det er veldig sjeldan eg har vore på ein arena med dette som tema. Det er denne typen nye koplingar som er så interessante, seier ho.