– Forskingsmiljøa må gjere seg attraktive
LUKK

- Forskingsmiljøa må gjere seg attraktive

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. februar 2015 kl. 09:25

- Ved å satse på verdsleiande miljø kan vi tiltrekkje oss fleire toppforskarar, seier statssekretær Haugstad. Han meiner norske forskarar i utlandet svartmålar situasjonen.

--forskingsmilj-a-m--gjere-seg-attraktive


Noreg satsar meir pengar på eliteforsking. Faksimile av Forskerforum 1/15.

Fakta
<

– Det viktigaste er å ta vare på dei beste talenta som vi allereie har. Men ja, det er ein del vi kan gjere for at Noreg skal bli meir attraktivt for internasjonale toppforskarar, seier Bjørn Haugstad, statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

I Forskerforum 1/15 vart norske toppforskarar i utlandet spurde om kva som skulle til for å flytte tilbake til Noreg. Fleire peika på at forskingsmiljøa er for lite attraktive, og at vilkåra for forsking er for dårlege og lite langsiktige. Nokre meiner også lønna er for dårleg.   

– Eg synest nok at artikkelen og forskarane som vart intervjua, svartmålar situasjonen. Ønsket om meir langsiktig planlegging var ein av grunnane til at vi la fram langtidsplanen for høgare utdanning og forsking.

– Mange som får meir!

Ifølgje Haugstad er det ei hovudprioritering i langtidsplanen å satse på verdsleiande forskingsmiljø.

– Dei 70 millionane regjeringa fordelte til fem universitet, er eitt tiltak. Dette er ei langsiktig satsing, og over ti år vil det bli 700 millionar kroner, seier Haugstad.

– Er målet å følgje Sverige, der Vetenskapsrådet løyver store summar til rekruttering av internasjonale forskarar?

– Dei siste ti åra har vi i Noreg blant anna hatt senter for framifrå forsking (SFF), og dei direkte løyvingane til kvart senter er opptil 15 millionar i året i ti år. Forskerforum viser til ein forskar ved Karolinska Institutet i Stockholm som har fått 100 millionar over ti år. Men det er ganske mange norske leiarar ved senter for framifrå forsking som har fått betydeleg meir enn dette! 

Har rikeleg handlingsrom

Haugstad forstår dei som peikar på at det ikkje er sterke nok forskingsmiljø i Noreg. 

– Når vi satsar på fleire verdsleiande miljø, vil det vere eit bidrag til å tiltrekkje oss fleire toppforskarar. Ein stor del av dette ansvaret ligg hjå universiteta og høgskulane sjølve. I det norske finansieringssystemet har dei rikeleg strategisk handlingsrom til å peike ut satsingsområde og å utvikle forskartalent. NTNU og Moser-ekteparet er eit døme på at dette lèt seg gjere.

– Gro Amdam, som forskar i USA, seier lønna er for dårleg, og at kjøpekrafta vil gå dramatisk ned i Noreg?

– Ein må tenkje på at vi har ein utbygd velferdsstat, som tilbyr mange gode dei i USA må betale for. Elles har norske universitet og høgskular liten tradisjon for å differensiere lønn, det vil seie at dei beste får dei beste vilkåra. Det er ikkje noko hinder for at eit norsk universitet kan gje godt over ein million til dei beste forskarane. Det finst nok også døme på at dette skjer. Men vi har liten tradisjon for å løfte professorar i Noreg.

– Andre vil få mindre

Men kva seier Arvid Hallén, administrerande direktør i Forskingsrådet, til toppforskarar som meiner vilkåra er for dårlege?

– Dette handlar mykje om korleis ressursane er fordelte. Når ein gjev toppforskarar gode vilkår, betyr det jo at ikkje alle andre kan ha dei same gode vilkåra. Moser-ekteparet er døme på dette. Her har NTNU gjort ei sterk prioritering, men då må andre få mindre, seier Hallén.

Han seier satsinga på verdsleiande miljø vil krevje ei sterkare prioritering av ressursane enn tidlegare.

– Det er likevel viktig å få fram at ingen land gjev meir offentlege midlar til forsking enn Noreg. Men diverre har vi låg privat finansiering frå fond, stiftingar og donasjonar, seier han.

– Ikkje toppforsking overalt

Marianne Aasen, som er forskingspolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet, reagerer på forskarane som seier det for dårlege forskingsmiljø i Noreg:

– Vi kan ikkje drive toppforsking innan alle fag og på alle institusjonar. Éin ting er kva forskarane der ute meiner, dei som er såkalla toppforskarar, kva no det er. Men ein burde greie ut nærare kvifor det kjem forskarar til Noreg, og kvifor dei ikkje kjem. Og kva forskingsmiljø har vi potensial til å bli store på? I staden blir det berre gjeve 70 millionar til nokre utvalde universitet som skal rekruttere toppforskarar, seier Aasen.

Ho meiner denne typen midlar burde vore lyste ut i ein open konkurranse.

– Vi har toppforskarar som er rekrutterte internasjonalt ved høgskulane, men som ikkje var blant dei som fekk midlar. Det som likevel er bra, er at vi no får ein langtidsplan som er meir langsiktig. Dette er det brei semje om på Stortinget.