Kven skal betale for statistikken?
LUKK
Annonse
Annonse

Kven skal betale for statistikken?

Av Kjerstin Gjengedal og Aksel Kjær Vidnes

Publisert 1. september 2014 kl. 09:12

Høge prisar på offentlege registerdata trugar kvaliteten på norsk forsking. - Vi treng ein gjennomgang av heile systemet for statistikkhandtering, seier Marianne Aasen i Ap.

kven-skal-betale-for-statistikken-


-Vi treng ein debatt om kven som skal betale for at norsk politikk er basert på kunnskap, seier Marianne Aasen.

Fakta
<

Hans K. Hvide, professor i økonomi og finans ved Universitetet i Bergen (UiB), har lang røynsle med å bruke data frå offentlege register i forskinga si:

– Eg har nyleg vore med på å bestille eit relativt standard datasett til eit forskingsprosjekt. Basert på tidlegare erfaringar ville eit slikt datasett koste oss mellom 30 000 og 60 000 kroner. Pristilbodet vi fekk frå Statistisk sentralbyrå (SSB), var på 330 000 kroner, fortel han.

– SSB skal leggje data til rette for forsking til sjølvkost, men dette er jo monopolprising. Det undrar meg at Finansdepartementet ikkje grip inn.

Ingen budsjettauke

Norske offentlege register er unike datakjelder, og gjev forskarar høve til å studere problemstillingar som elles ville vore utanfor rekkjevidde. Men SSB, som har ansvaret for å utlevere tilrettelagde data for forsking, har nyleg auka prisane kraftig på denne tenesta.

UiB-rektor Dag Rune Olsen er mellom dei som er uroa over konsekvensane for kvaliteten på norsk forsking. I Forskerforum 6/2014 etterlyste Olsen ein prinsipiell debatt om det skal vere slik at tilgang til registerdata skal avhenge av forskaren si evne til å betale.

SSB er underlagt Finansdepartementet. Kommunikasjonssjef i departementet, Runar Malkenes, seier i ein e-post at det ikkje ligg føre planar om at staten skal ta nokon større del av kostnadane.

– SSB må prioritere sin bruk av ressursar og aktivitetar innanfor gjeldande budsjett. Det er ikkje naturleg at Finansdepartementet subsidierer data for forskingsføremål på generell basis, men departementet er oppteke av at verksemda blir driven på ein effektiv måte. Då må kostnadane reflektere ressursbruken. Kostnadskorrekte prisar gjev brukarane informasjon om dei reelle kostnadane ved å ta ut data. Det kan leggje til rette for betre avvegingar når forskingsprosjekt blir planlagde, seier han i e-posten.

Marianne Aasen (Ap), som sit i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, meiner at tida er mogen for å sjå på systemet for innsamling og utlevering av offentleg statistikk på nytt.

– Regjeringa snakkar om forenkling og innsparing i byråkratiet. Dei sparer ved å vere atterhaldne med budsjettet for SSB, og dermed må SSB dekke utgiftene ved å krevje dei inn att frå offentleg sektor, i dette tilfellet forskarane. Eg meiner ikkje det er forenklande, spesielt ikkje når det får konsekvensar for kva ein kan og ikkje kan forske på, seier ho.

Vil ha debatt

Aasen etterlyser ein grunnleggjande debatt om kven som skal bere det økonomiske ansvaret for at norsk politikk er basert på kunnskap.

– Noreg er unikt i den forstand at vi har pliktoppfyllande borgarar og bedrifter som deler opplysingar med fellesskapen, til beste for forsking og politikkutvikling. Men omfanget er blitt mykje større dei siste åra, og det er ikkje sikkert at all rapportering av data til statistikkføremål blir opplevd som relevant og god tidsbruk. Det er ein fare for at viljen til å bidra til dette informasjonsspleiselaget blir mindre dersom ikkje heile systemet får ein skikkeleg gjennomgang, seier ho.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, seier til Forskerforum at departementet vil sjå nærare på problemstillinga.

– SSB ligg under Finansdepartementet, så det må i så fall vere i dialog med dei. Vi kan ikkje påverke prisane til SSB direkte, men vi merker oss kva forskarane seier. At dette blir opplevd som fordyrande, forstår eg, seier Haugstad.

Etterspurnad gjev prishopp

Fagdirektør for Avdeling for personstatistikk i SSB, Elisabeth Nørgaard, fortel at prisauken reflekterer at etterspurnaden frå forskarar har auka kraftig dei seinare åra, i takt med at registera er blitt større, fleire og meir komplekse. SSB har sett inn fleire tiltak, mellom anna oppretta ein eigen seksjon og tilsett fleire folk til å gjere tilretteleggingsarbeidet. Men ettersom SSB sitt eige budsjett ikkje har auka, må meirkostnadane dekkast av brukarane.

– Som andre offentlege institusjonar står SSB i ein situasjon med strammare budsjett og auka effektivitetskrav. Modellen i dag er at forskarar legg inn denne utgifta som ein del av søknaden hos Forskingsrådet eller andre finansieringsinstansar. Vi har ikkje hatt nokon diskusjon om kostnadsmodellen, men er opne for ei slik drøfting. Ingen signal eg har motteke, tyder på at budsjettet vårt kjem til å auke for å ta høgde for dei ekstra utgiftene, seier ho.