Kva skal vi med emeritus og emerita?
LUKK

Kva skal vi med emeritus og emerita?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 15. desember 2021 kl. 10:29

Eg meiner orda altså, ikkje personane.

Kan vi ikkje berre seie «tidlegare» eller «pensjonert» professor? Nei, eg får ikkje dei to kvalifiserte språksynsarane våre heilt med på at emeritus og emerita er overflødige ord.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Kristiansen: Eg har aldri tenkt at eg sjølv skulle verte emerita eller emeritus, men eg tykkjer det er ærerike titlar. Nestorar som deler av kunnskapen sin har gjort seg fortente til titlane.

Fakta
I språkspalta har vi fast hjelp av to terminologar, som uttalar seg berre på vegner av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.
Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

– Korleis brukast orda i dag?

Kristiansen: Dei vert brukt mykje på nettsidene til universiteta om dei som er pensjonerte, men framleis aktive fagleg. Helge Dyvik og Gunnstein Akselberg er to døme frå instituttet mitt. Dei forskar eller formidlar framleis og tilhøyrer miljøet, ikkje som tilsette, men som fagpersonar. Titlane er ikkje for professorane som berre dreg på hytta eller jobbar i hagen når dei vert pensjonistar.

– Trengst orda fyrst og fremst på nettsidene til universiteta?

Kristiansen: Det er iallfall ein stad å vere synleg, med kontaktinformasjon òg. I korpus (databasar over språkbruk i mellom anna litteratur og media, journ.mrk.) er emeritus desidert mest brukt saman med professor, pave og biskop. Sjeldnare døme er etnolog emeritus og navigator emeritus.

– Og eg har sett at fyrsteamanuensisar og dosentar kallar seg emeritus og emerita. Men titlane kling gamaldags, så er orda i tilbakegang?

Kristiansen: Nei, og eg var ikkje klar over at dei er såpass mykje i bruk enno. Når eg ser i Språkbanken – Nasjonalbiblioteket sine tekstkorpus – har det faktisk vore ein auke i bruken av emeritus frå 1990 til 2010. Fram til 2013 er det eit lite fall, og etter dette finst det ikkje data der.

– Kva kjem orda av?

Våge: Emeritus kjem frå latin og er sett saman av preposisjonen «ex» – ut – og «meritus» – meritt, påskjøning, teneste. I Fremmedordbog frå 1902 står det om emeritus: «udtjent, som paa grund af alder eller svagelighed er afgaaet fra sit embede». Når det gjeld kva tid ordet kom i bruk, peikar kjeldene i ulike retningar: tilbake til romerske soldatar eller fyrst til nylatin på 1600-talet med om lag same tyding. Så har ordet vandra over til det vitskaplege og det geistlege området. Internasjonalt har emeritus vore i bruk i akademia sidan slutten av 1700-talet og i Noreg frå 1800-talet. Forma emerita kom til Noreg på 1980-talet.

Og der må vi stoppe. Det er ein tilbakevendande diskusjon om «emeritus» skal dekkje båe kjønn eller om kvinner skal vere «emerita». Språkrådet skriv på heimesidene at det ifølgje latinkjennarar ikkje er korrekt latin å byte ut -us med -a for kvinner. Professor er eit hankjønnsord på latin, og etter vanleg bøying er endinga dermed -us. Ein kan samanlikne, som Språkrådet gjer, med samanstillinga «ei lita professor», noko som vil skurre for mange nynorskbrukarar. Emerita-forma har like fullt fått eit visst fotfeste, blant latinforskarar òg, og båe formene står i ordbøkene. Men på heimesidene til Universitetet i Oslo kan ein lese: «UiOs språkforum har etter en lengre diskusjon konkludert med at det grammatisk korrekte for en kvinnelig pensjonert professor er: professor emeritus

Våge: Om UiOs språkforum ikkje vil bruke professor emerita, er dei på ville vegar. Rett nok kan ein skilje mellom grammatisk og biologisk kjønn, men her er dei på kollisjonskurs med faktisk språkbruk. «Professor emeritus» blir oppfatta som eit ord med samanfallande grammatisk og biologisk kjønn, og det har gjeve opphav til «professor emerita» for kvinner. «Emerita» er no normert av Språkrådet og fått oppføring i ordbøkene! Ein interessant parallell er ord som til dømes «talsmann» og «formann». Sjølv om det vart hevda at «mann» her kunne syne til både kvinne og mann, så vart det ikkje oppfatta slik av språkbrukarane. Men i motsetnad til å skape eit eige ord for kvinner («talskvinne», «forkvinne»), har ein gått for kjønnsnøytrale alternativ («talsperson», «leiar»). Problemstillinga kan altså løysast på ulikt vis. Poenget mitt er at orda må tilpasse seg røyndomen vi lever i.

– Sjølv om bøyinga vert feil?

Kristiansen: Ja, det er ikkje slik at latinen må stå spikra. Eit prinsipp vi som jobbar med ordbøker fylgjer, er å sjå på kva som vert brukt. Norsk er norsk, latin er latin. Og norsk hentar frå andre språk.

– I Forskerforum har vi ikkje vore konsekvente på dette. Folk føretrekkjer det eine eller det andre, og det er vanskeleg å ikkje lytte til det. Skal det vere opp til kvar enkelt?

Kristiansen: Tradisjonelt har professoren vore ein mann. Derfor kan eg skjøne eit ekstra behov for å signalisere kjønn for kvinner ved å bruke emerita.

– Vi treng ein periode der vi markerer at «uttente» professorar kan vere kvinner før vi går over til ein sams, kjønnsnøytral tittel?

Våge: Ynsket om å kalle seg emerita er legitimt. Men eg har lurt på om vi skulle ha bytt om på rekkefylgja – til emeritusprofessor, som kunne ha fungert betre i løpande tekst. Professor emeritus eller emerita – det vert noko som ein signatur, ord som passar best i ein tabell. Emeritusprofessor er lettare å bruke. Ein må nesten kunne latinske bøyingsmønster for å skrive professor emeritus i fleirtal, om ein ikkje vil følgje den normerte bøyinga, då.

– Så favoritten din er eit nytt alternativ?

Våge: Ja.

Les også: