Uverdige lønnsvilkår for pensjonistar?
LUKK

Uverdige lønnsvilkår for pensjonistar?

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. januar 2017 kl. 11:30

Pensjonerte forskarar er svært billig arbeidskraft for universitetet.

 

738948.jpg

– Svært mange av dei eg snakkar med og som jobbar på pensjonistlønn, er veldig nøgde, seier Ole Petter Ottersen.

Fakta
<
Forskerforum skreiv i nr. 9/16 om pensjonistar ved Universitetet i Oslo (UiO) som underviser like mykje som før, men til svært låg timelønn (sjå faktaboks). Er det for lett å utnytte pensjonistane, som er billige i drift, men som tilfører institusjonane pengar?


191 kroner timen

Øyvind Grøn er professor emeritus ved ingeniørutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), og ein svært produktiv forskar og formidlar.

– Eg var eineforfattar på tre av dei seks vitskaplege artiklane eg hadde på trykk i 2016, og som kvar gav om lag 40 000 i inntekt til høgskulen. HiOA har også ei formidlingsordning, så ingeniøravdelinga fekk 1500 kroner for kvar av dei 130 populærvitskaplege artiklane eg skreiv og dei 28 foredraga eg heldt i 2016. Ingeniørutdanninga har nok drege inn 300 000 på meg berre i fjor, seier Grøn.

Sjølv får han 191 kroner i timen for å undervise, og ingenting for artiklane.

– Eg får godtgjort tre timar for kvar førelesing, men det er jo veldig smått, seier Grøn, som i tillegg til professorstillinga ved HiOA også var professor II ved UiO, med ansvar for eit masterstudium i relativitetsteori.

– Eg søkte om å få stå i jobb etter fylte 70, men fekk avslag begge stader, også på ein søknad om toarstilling ved HiOA. Ingeniørutdanninga hadde jo fått meg gratis i ei toarstilling, for forskinga og formidlinga mi ville ha meir enn betalt den stillinga.

Tilbodet UiO gjev pensjonistane, inneheld mykje meir enn lønn.

Faste reglar i staten

Professor Bernt Hagtvet ved UiO reagerer sterkt på pensjonistvilkåra.

– Såkalla pensjonistlønn er eit overgrep, uttalte Hagtvet til Forskerforum. Etter at han fylte 70, fekk han tilbod om å undervise på bachelornivå ved Institutt for statsvitskap ved UiO, men til det han kallar «slavelønn». Han meiner det er uverdig å bli bydd slike vilkår.

Rektor Ole Petter Ottersen ved UiO viser til at staten har eigne retningslinjer for pensjonistlønn.

– Eg kan ikkje gå inn på kva einskildpersonar seier, men svært mange av dei eg snakkar med og som jobbar på pensjonistlønn, er veldig nøgde, seier Ottersen.

Han seier UiO som statleg institusjon har plikt til å halde seg til reglane på dette området.

– Staten har valt likebehandling av pensjonistane, som får utbetalt ei fastlagd timelønn. Lønna er ikkje er stor, men kjem på toppen av ein, for dei fleste, god pensjon.

– Men dette er billig arbeidskraft for UiO?

– Det gjev ikkje eit korrekt bilete av situasjonen, for tilbodet UiO gjev pensjonistane, inneheld mykje meir enn lønn. Seniorane får som oftast tilgang til infrastruktur, som arbeidsplass, utstyr og administrative støttetenester.

– Blir billigare

Steinar Holden, som er instituttleiar ved Økonomisk institutt ved UiO, har fleire pensjonistar i jobb ved instituttet.

– Eg har vanskeleg for å sjå at vilkåra skulle vere uverdige. Det er ei frivillig sak om ein vil fortsetje å undervise, meiner han.

Holden er einig i at instituttet sparer pengar på å nytte seg av pensjonistar:

– Ja, det blir billegare for instituttet. Men det er ikkje difor vi har spurd enkelte om å fortsetje utover aldersgrensa, men fordi dei er dyktige forelesarar, og fordi dei gjerne vil.

– Ein del pensjonistar tilfører instituttet mykje pengar i form av publikasjonspoeng? 

– Ja, instituttet får noko inntekter. Det er jo ingen forskarar som får publikasjonspengar sjølve.

Holden trur likevel pensjonistane ved instituttet synest dei har gode vilkår.

– Men prinsippet om likebehandling blir trekt for langt. Det er stor forskjell på arbeidstakarar, ikkje minst i den aldersgruppa. Det burde vere mogleg å la arbeidstakarar som jobbar like godt som før, få lov å fortsetje i stillinga, eller i ei redusert stilling, utan at dette fører til at også arbeidstakarar som fungerer dårlegare, får forsetje, seier han.

– Fortrenger ikkje unge

Heller ikkje Forskerforbundet ser pensjonistlønn som utnytting.

– Nei, dette heng jo saman med pensjonsspørsmålet som er forhandla fram, så lønna er lovregulert. Tener pensjonistane meir, vil dei få avkorting i tenestepensjonen, seier Petter Aaslestad, leiar i Forskerforbundet. Han meiner kvar einskild må ta stilling til om dei vi jobbe vidare under desse vilkåra.

– Men mange jobbar fullt, og tek opp plass for dei yngre?

– Nei, pensjonistlønn utgjer eit så lite beløp at institusjonane likevel har økonomi til å tilsetje yngre krefter. Pensjonistane vil ikkje fortrenge nye som vil inn, meiner Aaslestad.

 

LES OGSÅ: