Forskarar bør fordele forskingsmidlane sjølve, meiner to forskarar frå Nederland og Belgia. Kanskje blir forslaget deira prøvd ut i praksis.
scheffer-marten
– Set du alle pengane på nokre få hjernar, går du glipp av variasjonen, seier Marten Scheffer. Foto: privat

– Systemet der forskingsmidlar blir fordelte etter evalering av prosjektsøknader har fungert bra lenge, men no er det blitt for omfattande og tungrodd, og det må endrast, seier Marten Scheffer til Forskerforum.

Scheffer er professor ved Wageningen University & Research i Nederland. Han har greidd kunststykket å få forskingsfinansiering til å bli ei nasjonal nyhendesak. Det har han gjort med eit forslag om å la forskarane finansiere kvarandre.

Går enormt med tid

– Sjølv har eg lite å klage over. Eg er ein av dei som får mykje pengar med dagens system. Det gjev meg fridomen til å peike på svake punkt i systemet, forklarer han.

Scheffer forskar på akvatisk økologi og har fått både ERC Advanced Grant og den nederlanske Spinoza-prisen, som har gjeve han fleire millionar euro til å forske for. Likevel meiner han at ein er langt forbi punktet der systemet må byggast om.

– Forskarar brukar utruleg mykje tid på å skrive søknadar. Eg ser folk omkring meg som har gode idear, men strevar men å få pengar. Og evne til skaffe finansiering er jo blitt eit kriterium for å få vitskaplege stillingar. Dermed må ein sende fleire søknadar, som igjen gjev lågare sjanse for utteljing sidan det blir mindre tid til å jobbe med vitskap. Søknadane skal også evaluerast, og det er forskarar som gjer den jobben. Så det er enormt med tid som går med i maskineriet som skal fordele forskingspengane, seier Scheffer til Forskerforum.

Kritikken veks

Uro over at søknadsskriving tek tid frå produktivt vitskapleg arbeid, blir uttrykt frå stadig fleire hald. European University Association estimerer at den låge utteljingsgraden i Horisont 2020 gjer at mellom 1,3 og 2,7 milliardar euro går med til å skrive søknadar som ikkje når opp, ofte trass i høg score i evalueringane. Her heime tok forskarane Thomas Hylland-Eriksen, Stein Tønnesson og Thomas Hegghammer opp den same problemstillinga i Aftenposten tidlegare i år. No er NIFU, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, i gang med ei undersøking av kor mykje tid forskingsinstitusjonar brukar på å søke midlar frå Forskingsrådet.

Spørsmålet er korleis vi kan vite kven det er lurast å satse på.

Styresmakter forsvarer gjerne søknadssystemet med at konkurransen om midlar hjelper forskarane til å skjerpe tanken for å kome opp med dei beste ideane. Scheffer er til dels samd i det.

– Problemet er at det er blitt for mykje. Og systemet har dessutan bieffektar: Mesteparten av pengane går til nokre få personar, som meg. Det er ei veldig skeivfordeling. Set du alle pengane på nokre få hjernar, går du glipp av variasjonen, og det er uråd å seie kvar den neste gode ideen vil oppstå. Eg vil sjølvsagt gjere det beste eg kan med pengane, men det kan jo finnast andre der ute som ville ha gjort noko betre. Studiar finn ingen korrelasjon mellom rangering av prosjektsøknadar og forskarane sin produktivitet i etterkant, seier han.

«Visdomen til dei mange»

Saman med den belgiske kollegaen Johan Bollen, som forskar på informatikk og sosiale nettverk ved Indiana University i USA, har han lansert ei enkel løysing: Dropp søknadane. Gje pengane til folk, ikkje til prosjekt.

– Sjølvsagt vil somme bruke pengane betre enn andre. Spørsmålet er korleis vi kan vite kven det er lurast å satse på. Det beste vi kan gjere, er å bruke «visdomen til dei mange», seier Scheffer.

Ideen, som dei kallar SOFA (Self-Organized Fund Allocation) går ut på at ein først gjev eit likt beløp til alle forskarar. I neste steg må forskarane gje ein viss del av midlane vidare til ein annan forskar dei meiner fortener finansiering. Det kan gjerast ved hjelp av ein digital plattform der ein kan leggje inn automatiske avgrensingar, til dømes slik at ingen kan gje pengar til slektningar, tidlegare studentar, forskarar i same forskingsgruppe, eller forskarar ein sjølv har fått pengar frå. Bollen har testa ei simulering av systemet for å sjå korleis det kan fungere.

Fare for overseljing

– Så kan ein også repetere dette steget slik at alle som får pengar, må gje vidare ein del av det dei får. Dermed vil dei største mottakarane også bli dei største donorane. Og ein kan velje å legge inn optimaliseringsalgoritmar og korreksjonsfaktorar, slik at ein kan korrigere for kjente mekanismar som at menn får meir enn kvinner, forklarer Scheffer.

Ein treng ikkje eingong stanse ved forskarsamfunnet, meiner han. Det er ingenting i vegen for at også folk utanfor akademia kan vere med på å fordele pengane gjennom det same systemet.

– Det ville vere ein transparent måte å sikre samfunnsengasjement på. Og det ville oppmode forskarane om å kome ut av elfenbeinstårnet og snakke om forskinga si.

Dei som er middelaldrande, briljante forskarar i dag, var ikkje det som unge.

– Forskarar blir allereie i dag skulda for å overselje forskinga si for å hevde seg i konkurransen om midlar. Vil ikkje dette berre forsterke den mekanismen?

– Det er sjølvsagt ein risiko. Men folk tar ulike avgjerder – heldigvis. Somme vil gje pengar til kreftforskaren som stadig er på tv, men går du for hardt ut, risikerer du også å skuffe og irritere folk. Og somme vil aktivt velje å støtte meir ukjente forskarar med gode idear.

For mange vil inn

– Kva med unge forskarar som ikkje har skaffa seg eit stort nettverk?

– I dag er det fleire som vil inn i ein forskarkarriere enn det er plass til. Vi kan ikkje gjere så mykje med det. Men er du først innanfor, vil vårt system i det minste sikre deg ei stabil basisløyving.

Scheffer meiner det er eit problem at ein i dag prøver å selektere ut dei beste hovuda på eit veldig tidleg stadium i karrieren.

– Det legg eit veldig press på dei unge. Dei som er middelaldrande, briljante forskarar i dag, var ikkje det som unge. Vi fekk tid på oss til å prøve oss fram og til å vekse. Er dei som gjer det best tidleg i tjueåra, nødvendigvis dei same som vil gjere det best tjue år seinare? Det kan vi ikkje vite.

Skal teste alternativ

Etter at Scheffer og Bollen presenterte systemet sitt, er dei blitt møtt med stor interesse både frå media og frå folkevalde i Nederland. Det nederlandske forskingsrådet NWO har ei stund vore i samtalar med styresmakter og institusjonar om moglege måtar å redusere tida forskarane nyttar til å skrive søknadar på. Sist juni vedtok parlamentet at det skal settast i gang pilotprosjekt for alternative finansieringsmåtar, og SOFA er mellom ideane som blir vurderte.

– I NWO har vi lenge diskutert korleis vi kan gjere dette betre. Vi vurderer alternative løysingar, men det er for tidleg å seie kva vi landar på. Scheffers system er veldig interessant og noko vi vurderer sterkt. Men det er også mange andre alternativ, seier pressekontakt i NWO, Olivier Morot.

Budsjettet til NWO gjev i dag rom for å støtte 25 prosent av søknadane som kjem inn.

– Så vi kan ikkje berre flytte ein stor del av eit allereie trongt budsjett over til ein uprøvd fordelingsmekanisme som vi ikkje kan vere sikre på om vil fungere. Dessutan er vi svært opptekne av at forskingskvaliteten må sikrast også med eit alternativt system, seier Merot.

NWO skal utvikle moglege alternativ over dei neste månadane, i dialog med det nederlandske Utdannings-, kultur- og forskingsdepartementet og med institusjonane.

 

  • Erik Døving

    Endeleg eit godt forslag.