Irmelin Kjelaas får framleis på pukkelen for å skrive radikalt bokmål
LUKK

Irmelin Kjelaas får framleis på pukkelen for å skrive radikalt bokmål

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 10. mars 2023 kl. 14:45

– Eg har prøvd meg på å skrive «ei låt – låta». Eg kan ikkje skjøne at det ikkje skal vere lov, seier Irmelin Kjelaas.

I førre spalte var emnet radikalt bokmål i akademiske tekstar. Kvifor kan eit slikt språk vekkje negative reaksjonar? Irmelin Kjelaas er fyrsteamanuensis i norskdidaktikk ved NTNU. I 2017 slo ho eit slag for talemålsnær bokmål i ein kronikk i Forskerforum. Ingressen var: «Åssen skrive akademisk? A-endinger og talemålsnær bokmål må også ha sin plass.» Dei faste språkekspertane Marita Kristiansen og Ole Kristian Våge står over denne gongen, for her er Kjelaas sjølv.

– Kva reaksjonar fekk du den gongen?

– I ekkokammeret mitt av språkvitarar og nordiskfolk var det ikkje så vanskeleg å få støtte. Det eg skreiv, var som musikk i deira øyre. Men i kommentarfelt og trådar her og der var det mange fornøyelege kommentarar om at språket mitt var uestetisk, og at eg høyrdest ut som ein gamal AKP-ar på 1. mai.

– Du skreiv om ei fagfellevurdering av ein vitskapleg artikkel. Du fekk kritikk for det radikale bokmålet ditt. Opplever du framleis slikt?

– Ja, slike tilbakemeldingar kjem framleis. Ein som språkvaska ei bok eg var medforfattar av, skreiv eksplisitt at språket mitt var stygt. Eit døme på kommentar var: «De radikale formene i dette kapitlet er veldig forstyrrende, men ikke rettet.» Det viste seg at vedkomande ikkje hadde så godt belegg for alle innvendingane. Eg trur at når ein skriv markert, vert det stilt høgare krav til å vere konsekvent i val av former. Dersom ein skriv eit meir moderat bokmål, har eg inntrykk av at toleransen er større, til dømes for å skrive «en bok – boka» i staden for dei meir konsistente bøyingane «ei bok – boka» eller «en bok – boken».

– Kva tykkjer kritikarane dine er særleg stygt ved språket ditt?

– Jo meir markert, dess styggare. A-ending i fleirtal av substantiv (universiteta) er visst verre enn i bunden form eintal (boka). Ein del trur det er feil!

– I dømet med språkvaskaren: Tok du kampen?

– Ja, eg let aldri slikt passere. Etter at eg skreiv den kronikken i Forskerforum, fekk eg på eit vis eit grunnlag for å vere endå sikrare i det eg meiner.

– Men dersom du får innvendingar mot former som ikkje er normerte – gjev du deg då?

– Linja mi er talemålsnær, og eg er litt anarkist med haldninga om at eg eig språket sjølv. Eg skriv konsekvent «i morra», og eg har prøvd meg på «ei låt – låta». Det er meiningslaust at ein ikkje kan skrive det.

– Er du like anarkistisk i akademiske tekstar?

– Nei, dette gjeld skriving i meir uformelle samanhengar. Eg føyer meg stort sett dersom noko eg skriv akademisk, ikkje «er lov».

– Radikalt bokmål er lite utbreidd og kanskje endå mindre i akademiske tekstar. Trur du akademikarar som eigentleg har eller sympatiserer med ei slik språkføring, legg band på seg?

– Ja, vi er sosialiserte inn i ein måte å bruke språket på, og det er moderat eller konservativ bokmål som gjeld. Folk opplever at det talemålsnære høyrest uakademisk ut. Eg ser det att hjå studentane. Ein del av dei vrir språket sitt frå det moderate til det konservative, ikkje berre i bøyingsformer, men i ordval, formuleringar og setningsstruktur. Nokre vert meir omstendelege og «pompøse». Eit slikt språk er fjernt for dei, men dei oppfattar det nok som ei norm.

– Vi kjenner iallfall til éin verknad kronikken din fekk. Tidsskrift for den norske legeforening la om praksisen slik at alle normerte former vart tillatne: bein, boka og trøtt – ikkje berre ben, boken og trett.

– Det er svært bra. Eg trur òg teksten hadde noko å seie for etableringa av Foreninga for radikalt bokmål, der eg sjølv har vore i styret. Som det står på heimesida, jobbar vi for «språklig frihet og vil at a-endinger, diftonger og andre radikale og talemålsnære bokmålsformer skal få økt anerkjennelse».

– I språkspalta sist hadde Ole Våge ein tanke om at radikalt bokmål gjer personen bak teksten meir synleg, medan idealet gjerne er at forskinga skal kome an på metoden, ikkje personen. Vekkjer det gjenklang?

– Eg trur han er inne på noko. Det tradisjonelle idealet er at forskinga skal vere objektiv og verdinøytral, og at ho dermed ikkje skal ha eit tydeleg forskar-/forfattarsubjekt. I min tradisjon legg ein til grunn at inga forsking eller forskar er objektiv. Dermed er det heller ikkje problematisk at forskarsubjektet er synleg – kanskje heller tvert imot. Det er etterretteleg å gje til kjenne at det finst eit forskar-eg som har forska og skrive fram det som vert formidla. Slik sett er det uproblematisk å ha ei språkleg form som signaliserer dette.

– Kan du tenkje at dei radikale formene dine vert støy som kjem i vegen for innhaldet?

– Nei. Eg kjenner til haldninga med at forma liksom bør vere nøytral for at teksten skal vere gjennomsiktig. Men eg har ingen røynsler med at rullegardina går ned og folk ikkje får med seg innhaldet når dei les tekstane mine. Eg har brukt den kronikken eg skreiv med masterstudentane mine i norskdidaktikk. Ei kommenterte noko eg tykte var klokt: Ved at forma er meir markert, tek teksten og rykkjer i ein litt, og ein vert meir vaken og merksam på det som står der. Ein kan ikkje løyne seg bak det sjølvsagde når ein skriv slik. Når ein møter den vanlege, umarkerte og «korrekte» forma, er det lettare å godta glatt det som står der.

  • Les også: