Klimaforskarar: – Ikkje aktuelt å bli med i Scientist Rebellion
LUKK
Annonse
Annonse

Klimaforskarar: – Ikkje aktuelt å bli med i Scientist Rebellion

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 16. mars 2023 kl. 11:06

Nokre forskarar vel å bli klimaaktivistar. Men tre tidlegare Natur og Ungdom-toppar har gått motsett veg.

– Neineineineinei, seier Elin Lerum Boasson på spørsmål om ho har vurdert å engasjere seg i forskaraktivistrørsla Scientist Rebellion. Rørsla er ein akademisk avleggjar av Extiction Rebellion, og er i ferd med å auke aktivitetsnivået sitt i Noreg, som Forskerforum har skrive om tidlegare.

Boasson er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO), forskar på klima- og energipolitikk og har vore hovudforfattar i FNs klimapanel. Ho er også tidlegare leiar i Natur og Ungdom (NU) og har vore med på sin del av sivil ulydnad på vegner av miljøet. Det angrar ho ikkje på.

– Men eg tenkjer at sivil ulydnad er den svake parts verkemiddel, ein siste utveg for dei som er stemmelause. Vi som er akademikarar, og særleg eg som er professor, har sterk autoritet og godt høve til å få mi stemme fram om eg ønskjer det, seier ho.

– Det er ikkje rett for meg å drive med det

Scientist Rebellion tek i bruk sivil ulydnad for å få merksemd om klima- og miljøkrisa. Det er eit verkemiddel dei deler med NU, som i tillegg til tradisjonelle former for organisasjonsarbeid også lenkar seg fast til anleggsmaskiner og bygningar. Sist såg vi dei i aksjon i Olje- og energidepartementet, som dei okkuperte i lag med samiske aktivistar for å protestere mot styresmaktene si handtering av saka om vindmøllene på Fosen.

– Eg er på ingen måte mot ikkje-valdeleg sivil ulydnad, det har ei kjempeviktig rolle i demokratiet. Men det er ikkje rett for meg å drive med det, seier Boasson.

Ho peikar på at sivil ulydnad er mest effektiv når det blir brukt som siste utveg i ein pågåande politisk prosess.

– Det gjer at dei aksjonane vi har sett no, i Fosen-saka, har hatt ein enorm effekt på den offentlege debatten. Men dei meir symbolske aksjonane som Extinction Rebellion har drive med, har ikkje ført til det same i det heile.

Boasson er også usamd med dei som hevdar at å bruke forskaridentiteten som aksjonist, gjev aksjonane større tyngde når kunnskap åleine ikkje fører til politisk handling.

– Nei, eg trur det er ekstremt viktig at vi som driv kunnskapsproduksjon kan snakke med alle. Eg er heilt samd i at ein ikkje skal vere naiv positivist når det gjeld kva ein kan oppnå med kunnskap, men det er demokratisk valde organ som må finne dei beste løysingane, det er ikkje vår rolle. I akademia kan du styre forskingsfront og kunnskapsutvikling og påverke korleis kunnskapen blir tolka av dei som bestemmer. Vi må ikkje forveksle det med ein rett til å bestemme, seier ho.

– Som forskarar har vi mange moglegheiter til å nå ut med kunnskap, seier Elin Lerum Boasson. Her frå lanseringa av ein delrapport frå FN sitt klimapanel i 2022. Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg har andre kanalar å engasjere meg gjennom

Ho får støtte av Bård Lahn, også tidlegare NU-leiar og no postdoktor ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO. Der skal han forske på førestillingar om framtida i norsk oljepolitikk.

– Eg er ikkje involvert i Scientist Rebellion, nei. Ikkje fordi eg meiner forskarar ikkje burde engasjere seg aktivt i samfunnsdebatten, men meir fordi eg tykkjer eg har andre kanalar å engasjere meg gjennom, seier han.

Lahn har også delteke i sivil ulydnad tidlegare og vil ikkje utelukke at det kan skje igjen om det blir nødvendig, men han deler Boassons syn på kva som gjer det til eit effektivt verkemiddel.

– Eg er van med å tenkje på sivil ulydnad som noko ein bruker når ein har jobba med eit større saksarbeid over tid gjennom tradisjonelle kanalar som høyringar og politisk påverking, og det ikkje har ført fram. Sjå på Fosen-saka, der har ein til og med teke saka til Høgsterett, og likevel må ein aksjonere. Å skape forstyrringar berre for å få merksemd, er mindre effektivt, trur eg.

Han har likevel forståing for dei som meiner aksjonar må til fordi verda ikkje har tid til å vente på dei langsame formelle prosessane. Men det er ikkje berre forskarar som er utolmodige, peikar han på.

– Eg er ikkje involvert i Scientist Rebellion, nei, sier Bård Lahn. Foto: UiO

– I politiske prosessar, som eg også har arbeidd med, er ein ofte ivrig på å få vite kva forskinga seier, fordi ein ønskjer seg eit fagleg grunnlag. Og så blir svaret gjerne at no skal vi først forske i tre år, og så skal vi publisere. Det er heilt klart eit problem dersom det er den einaste typen kunnskap forskingsverda kan levere. Men eg trur forskarar har mange høve til å bruke og kommunisere kunnskapen sin, også utanom dei litt langdryge prosessane.

At forskarar ikkje skal aksjonere fordi dei har ei slags nøytralitetsplikt, er derimot eit synspunkt han ikkje har forståing for. Han trur ei eventuell rolleblanding fort vil bli avslørt ved at forskinga blir metodisk svak eller usystematisk.

– Men at ein ikkje skal kunne drive forsking og samtidig vere aktivistisk og engasjert, det tykkjer eg er uttrykk for eit litt gamaldags syn på vitskapen som kunstig distansert frå samfunnet. Tvert imot meiner eg at å vere engasjert i eit spesifikt spørsmål kan vere viktig for å drive god forsking, i alle fall for min del – engasjementet mitt har gjort at eg vil finne ut meir, problematisere mine eigne oppfattingar og gå meir i djupna, seier Lahn.

Reddar verda med rapportar

Aase Kristine Lundberg ved Nordlandsforskning forskar på legitimitet og medverknadsprosessar ved bruk og vern av naturressursar. Ho meiner også at hennar miljøengasjement har vore viktig for forskinga hennar.

– Eg er meir eller mindre oppvaksen i miljørørsla, seier Aase Kristine Lundberg ved Nordlandsforskning. Foto: Anne Lise Norheim/AYF

– Eg er meir eller mindre oppvaksen i miljørørsla og har gjort alt frå å dele ut løpesetlar til å lenke meg fast til gravemaskiner. Men no har eg ikkje det same behovet for å overtyde folk. Eg er meir interessert i å forstå, kvar ligg makta bakom dei ulike argumenta, kva er det som gjer at nokon får gjennomslag og andre ikkje. Den gongen ville eg vinne debattane, det treng eg ikkje no, seier ho.

Lundberg har kontor i Oslo og fekk med seg Scientist Rebellion-demonstrasjonen framfor Stortinget.

– Men no vil eg heller finne andre måtar å vise støtte på. Så kan ein spørje, er det fordi eg er blitt gamal og reaksjonær? Men eg meiner at den måten eg kan bidra på no, er ved å bruke forskinga mi til å seie noko om maktstrukturane i debatten. Det er slik eg kan prøve å oppnå endring. Det er ikkje slik at eg er blitt ein som berre observerer nøytralt på avstand. Eg seier som ein kollega, at vi reddar verda med ein rapport om gongen. Når ein jobbar ved eit forskingsinstitutt kjem ein jo tett på politikken.

At det finst andre forskarar som meiner dei kommuniserer betre ved å aksjonere, er greitt, tykkjer ho. Lundberg trur heller ikkje deltakarane i Scientist Rebellion treng å frykte for forskarkarrieren.

– I alle fall i instituttsektoren vil ein jo svært gjerne ha engasjerte forskarar som kan bidra til offentleg debatt, og eg kan ikkje tenkje meg at det er annleis på universiteta, seier ho.

– Det er berre ikkje rett at ingenting skjer

Bård Lahn vonar Scientist Rebellion også hugsar på å problematisere kva posisjon vitskapen skal ha.

– Eg skjønar at dei nyttar slagord som «lytt til forskinga», for klimakrisa er godt vitskapleg dokumentert, og vi veit at det blir gjort forsøk på å så tvil om kunnskapen. Men Fosen-saka er eit godt døme på at det er politiske, ikkje vitskaplege, løysingar som trengst. Vi veit vi treng fornybar energi, men det kan vere vanskeleg å bygge ut når ein samstundes skal ta andre omsyn. Forskarar må passe seg for å gje seg sjølve ein for opphøgd posisjon. Det er ei utfordring eg oppfattar som mykje viktigare enn det med rolleblanding, seier han.

Elin Lerum Boasson forstår fortvilinga til naturvitskaplege forskarar som studerer artar som er i ferd med å bli utrydda, og opplever at vegen frå kunnskap til praktisk politikk er uendeleg lang.

– Samstundes forskar eg på klimapolitikk, og det er berre ikkje rett at ingenting skjer. Det har aldri skjedd så mykje politisk som no, seier ho.

– Men dette handlar også om korleis makt er fordelt i samfunnet. Eg meiner vi treng mykje meir kunnskap om korleis ein kan endre samfunnet og få folk med på det, for dagens aksjonar er jo eit teikn på at ein del prosessar ikkje har vore gode. Det kan vi forske på, men så må det vere opp til demokratisk valde organ kva dei vil gjere med det.