Scientist Rebellion utfordrar ideen om den nøytrale forskaren
LUKK
Annonse
Annonse

Scientist Rebellion utfordrar ideen om den nøytrale forskaren

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 23. februar 2023 kl. 13:30

Forskaraktivistrørsla Scientist Rebellion er i ferd med å gire opp aktivitetane i Noreg. Nyleg demonstrerte dei framfor Stortinget.

– Det er ei hardnakka norm at forskarrolla er nøytral, og at dersom ein skal gje uttrykk for eit verdistandpunkt, så må det skje på privaten. Ein del av målet vårt er å utfordre desse normene, seier Myranda Murray, stipendiat i biologi ved NTNU og medlem av protestrørsla Scientist Rebellion.

– Det er mogleg å ha meiningar og framleis drive objektiv og etterretteleg forsking!

Internasjonalt har Scientist Rebellion vore aktive sidan hausten 2020. Rørsla er ein avleggjar av Extinction Rebellion, som nyttar sivil ulydnad som metode for å skaffe merksemd om klima- og naturkrisa. Murray fortel at NTNU har hatt eit lokallag sidan våren 2022, som har stått bak fleire aksjonar. No er målet å utvide aktivitetane i Noreg, og eit lokallag i Oslo er under etablering.

Ope brev til rektor

I Trondheim starta engasjementet med eit digitalt foredrag av den britiske forskaraktivisten Charlie Gardner, som Forskerforum har snakka med tidlegare.

– Han snakka om kva som bør vere vår rolle som forskarar i krisa vi no ser. Noko av det første Scientist Rebellion i Trondheim gjorde, var å levere eit ope brev til NTNU-rektor Anne Borg, der vi bad universitetet revurdere mandatet sitt slik at det blir enklare for forskarar å aksjonere, fortel Murray.

Difor ønskjer rørsla å nå andre akademikarar, like mykje som politikarar og media. Murray meiner det er på tide at akademia endrar taktikk:

– Vi har trudd at dersom vi berre legg fram våre forskingsbaserte åtvaringar, så vil folk handle. Men det har ikkje fungert. Så no treng vi å få akademia til å oppføre seg på ein måte som samsvarar med krisesituasjonen vi er i, seier ho.

Murray er medforfattar på ein nyleg publisert artikkel om nettopp dette. Der skriv ho og kollegaene at aktivisme, inkludert sivil ulydnad, ikkje treng å vere eit brot med den akademiske profesjonaliteten, men snarare ei naturleg tilpassing av forskarrolla til krisetider, fordi akademisk fridom må gå hand i hand med eit ansvar for å bruke kunnskapen ein tileignar seg, til å verne om liv.

Forsiktig støtte

Men det er ikkje berre lett å rekruttere norske forskarar til aktivisme, meiner Murray. Ho fortel at Scientist Rebellion i Trondheim har fått mykje støtte frå andre forskarar til «snille» aksjonar som opprop eller markeringar på campus, men at aksjonane som inneber sivil ulydnad først og fremst tiltrekk seg stipendiatar og postdoktorar.

– Korleis er det å drive aktivisme som ung forskar i ei mellombels stilling?

– Det er ikkje heilt komfortabelt. Eg er frå Canada og er litt uroa for visumstatusen min. Og det er diskusjonar i rørsla om kva kollegaene våre vil tenkje, og om engasjementet vil påverke karrieren. Dei fleste av oss får støtte frå dei som er høgare på karrierestigen, men støtta avgrensar seg til å seie slikt som «det er bra de gjer dette!» I Trondheim har professorane og forskingsleiarane i liten grad delteke aktivt sjølve.

Førebels har altså Scientist Rebellion vore mest aktive i Trondheim, men denne våren planlegg dei å auke aktivitetsnivået. Førre veke var det fleire møte i Oslo i samband med etableringa av eit lokallag der, og dei heldt også ein demonstrasjon framfor Stortinget. Demonstrasjonen var overraskande vellukka når ein tek i betraktning det dårlege vêret, meiner Marion Grau frå oslolaget. Ho er professor i teologi ved Menighetsfakultetet og har også vore med i Concerned Scientists Norway, i tillegg til å vere pådrivar for teologanes klimaaksjon.

– Eg tykkjer det er flott at Scientist Rebellion kjem til Noreg no, seier ho.

– Problemet er å nå igjennom med forskinga. Det vi seier, er at vitskapen er overveldande, men vi har kjensla av at vi kan skrive så mykje vi vil, men likevel ikkje bli lytta til. Det gjer at ein blir tvinga til å gjere seg synleg i offentlegheita.

Ho var mellom dei som heldt appell framfor Stortinget, der ho mellom anna poengterte at vitskapens etos gjev forskarar ei moralsk plikt til å arbeide til det gode for fellesskapen.

Scientist Rebellion og Conscerned Scientists Norway held markering framfor Stortinget. Foto: Kristiina Visakorpi.

Brukar forskaridentiteten

Akkurat som Extinction Rebellion, tek Scientist Rebellion i bruk sivil ulydnad for å få merksemd.

– Men vi prøver å utnytte effekten av at vi nettopp er forskarar, at vi ikkje er kven som helst. Extinction Rebellion vart i starten ofte avfeidd som uvitande og utan tyngde, dei vart banaliserte. Scientist Rebellion kan ikkje avfeiast på same måten, seier Grau.

– Kva seier de til dei som meiner forskarar skal vere objektive og halde seg til å levere faktakunnskap?

– Vi ønskjer jo eigentleg berre at omverda forheld seg objektivt til det som er forskingskonsensus, og handlar på bakgrunn av det. Men kva nyttar det med faktakunnskap, forskarar har gått ut med åtvaringar og opprop gong på gong til ingen nytte. No er mange fortvilte, seier Grau.

Denne veka inviterte oslolaget til digitalt informasjonsmøte, og Grau er rimeleg nøgd med oppmøtet, og spesielt med at også humaniora og samfunnsvitskapane var representerte. Men ho deler Murrays oppfatting av at nordmenn er vanskelege å trekke ut i gatene.

– Om det har med tillit til at styresmaktene gjer det beste for oss, eller om det er at mange har nær tilknyting til oljebransjen, veit eg ikkje, men det er eit ork. No prøver vi nye måtar. For meg er det enkelt å engasjere meg i dette fordi det går hand i hand med forskinga mi, men det imponerer meg at stipendiatar og postdokar aksjonerer, når det er lett å tenkje at dei set karrierene sine på spel. Men mange av dei kjenner det som dei ikkje har noko val.

I medielogikkens vald

Alle som har sett den ferske filmen Ellos eatnu – La elva leve, veit at sivil ulydnad treng mediemerksemd for å ha effekt. Kva tenkjer medlemmane i Scientist Rebellion om å gjere seg avhengige av medias velvilje?

Murray fortel at den første aksjonen ho var med på, var blokkering av trafikken til og frå oljeterminalen på Sjursøya i Oslo i fjor vår, ein aksjon som var målretta mot nettopp den bransjen som bidreg mest til klimaendringane.

– Aksjonen varte i to veker, og aksjonistane blokkerte tankbilane som frakta olje, mange blei arresterte og gjorde store personlege offer – men fordi media ikkje var der, fekk ingen vite om det. Så ja, media er viktige i sivil ulydnad, sjølv om det er eit tankekors at ein må forstyrre stadig meir for å få merksemd.

Ho peikar på at ved historiske kampanjar som har gjort bruk av sivil ulydnad, slik som borgarrettsrørsla og kampanjar for stemmerett, så har aksjonistane fått hjelp av det faktum at det har vore tydeleg akkurat kva for ei lov dei protesterte mot.

– I denne saka er ikkje det så tydeleg. Difor er media viktig: Skal vi mobilisere massane, må ein samtale settast i gong, og då må folk kunne lese om det ein stad, seier ho.

Les også: