Frå artiklar til aksjonar: Jonas Kittelsen ønskjer fleire forskaraktivistar
LUKK

Frå artiklar til aksjonar: Jonas Kittelsen ønskjer fleire forskaraktivistar

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 12. november 2021

Sjølv forskarar forlet av og til kontoret for å demonstrere i gatene. Bør dei få gjere det i arbeidstida?

– Mange akademikarar har meiningar og gjev uttrykk for dei. Men når du driv sivil ulydnad, seier du eigentleg: Eg trekkjer tilbake samtykket mitt til dette systemet. Det er eit mykje sterkare signal, seier Jonas Kittelsen.

– Dersom professorar gjer det, skapar ein reaksjonar på eit heilt anna plan.

Kittelsen har nettopp starta på ein master ved Senter for utvikling og miljø (SUM) ved Universitetet i Oslo. I tillegg brukar han mykje tid på miljøaktivisme, langs heile aksen frå dei formelle FN-konferansane (som ungdomsrepresentant gjennom Nordisk ministerråd) til å blokkere vegar og ta seg inn i lobbyen til Olje- og energidepartementet, som medlem av miljøprotestrørsla Extinction Rebellion (XR).

Det manglar ikkje på akademikarar som gjerne frontar meiningar offentleg – og får kritikk for det. I innspurten til valet tidlegare i haust, var til dømes professorane Dag O. Hessen og Anne Sverdrup-Thygeson mellom underskrivarane av eit opprop der veljarane vart oppmoda om å stemme på eitt av fire parti (Raudt, SV, Miljøpartiet dei grøne eller Venstre) i miljøets og klimaets namn.

Men få forskarar er å finne i lobbyen til OED eller med handa limt fast til inngangsdørene hos Miljødirektoratet.

– Eg er litt skuffa over at såpass få akademikarar verkeleg står opp for rettferd og planetens helse, seier Kittelsen.

No er han i ferd med å organisere ein protest i lag med leiande norske akademikarar.

– Eg vonar den kan vere med å sette ein ny standard for kva samfunnsansvar inneber.

Moralsk plikt

Kittelsen er ikkje åleine om å ønskje seg større engasjement frå forskarstanden. Britiske Charlie Gardner er bevaringsbiolog og har nett slutta som universitetslektor ved University of Kent for å skrive sakprosa.

Då XR vart etablert i England i 2019, vart han nyfiken og oppsøkte barrikadane for å sjå kva dette var.

– Historia viser at sivil ulydnad er effektivt for å endre samfunnet, seier Charlie Gardner (nr. 2 frå venstre), her i aksjon saman med Scientists for Extinction Rebellion. Foto: Louise Jasper

– Eg kjende ingen og gjekk berre rundt og snakka med folk. Eg møtte bestemødrer, finansfolk, hippiar og legar – men ingen vitskapsfolk. Det tykte eg ikkje berre var rart, men feil. Rart, fordi: Burde ikkje dei som veit mest om kor prekær situasjonen er vere der ute og gjere noko? Og feil, fordi alle menneska i gatene var der fordi vi, forskarane, hadde fortald dei at dei skulle vere redde. Då meiner eg vi også har ei moralsk plikt til å støtte dei.

Nyleg skreiv Gardner ein artikkel (sjå faktaboks) saman med tre andre forskarar i Storbritannia og Sveits, om dei institusjonelle barrierane som kan hindre forskarar frå å drive aktivisme.

Fakta
Kva kan arbeidsgjevarane gjere?

Charlie Gardner og kolleagene hans føreslår at forskingsinstitusjonane kan:
• Opne for å sette av minst 10 prosent av arbeidstida til samfunnsengasjement.
• Oppmuntre til forskingsfri periodar som inkluderer arbeid med organisasjonar og politikk.
• Inkludere samfunnsengasjement og politisk arbeid i evalueringskriteria ved tilsettingar og opprykk.
• Garantere at sivil ulydnad ikkje vil vere karrierehindrande.
• Forske og undervise meir om protestrørsler og deira rolle i samfunnsendring og demokrati.
• Motarbeide forsøk frå styresmakter på å innskrenke akademiske fridom.

Kjelde: Charlie Gardner m.fl: «From Publications to Public Actions: The Role of Universities in Facilitating Academic Advocacy and Activism in the Climate and Ecological Emergency». Frontiers in Sustainability, mai 2021

Her tek dei til orde for at institusjonane mellom anna bør opne for å sette av tid til samfunnsengasjement, på lik linje med forsking og undervising.

Gardner og kollegaene skil mellom generelt samfunnsengasjement, som er prinsipielt uproblematisk og allereie inngår i dei fleste institusjonane sine føremålsparagrafar, og sivil ulydnad som er meir komplekst og noko offentlege verksemder sjeldan oppmodar til.

Meiner forskarar er naive

Dei meiner likevel at institusjonane, om dei ikkje akkurat skal oppmuntre til lovbrot, likevel kan støtte tilsette som driv sivil ulydnad ved å garantere at eit kriminelt rulleblad på grunn av aktivisme ikkje skal vere noko karrierehinder. Dessutan bør fagforeiningane kjempe for forskarar sin rett til å drive sivil ulydnad, meiner dei. Ein del av bakteppet er at styresmakter i fleire land, inkludert Storbritannia, dei siste åra systematisk har prøvd å svekke både akademisk fridom og retten til å demonstrere.

– Når vi tek til orde for meir aktivisme i dagens krisesituasjon, så er det samtidig ein kritikk av dei vitskaplege teoriane om samfunnsendring, seier Gardner.

– Det er naivt å tru at dersom vi skaffar kunnskapen og gjer han tilgjengeleg, så vil leiarane våre bruke informasjonen til å handle for vårt felles beste. For dei som styrer, lyttar ikkje berre til forskarar. Dei lyttar først og fremst til lobbyistar frå storselskapa.

Klimakrisa er eit lærebokdøme, meiner han.

– I fleire tiår har vitskapsfolk bede om handling, og fossilindustrien har bede om ikkje-handling. Det er lett å sjå kven som har sigra.

Gitt at ideen om at rett kunnskap vil føre til rett handling, beviseleg er feil, meiner han forskarar lyt spørje seg sjølve kva andre verktøy som finst.

– Historia viser at sivil ulydnad er effektivt. Det er effektivt når vanlege folk gjer det, men eg meiner akademikarar har eit spesielt ansvar for å engasjere seg nettopp fordi vi ikkje er vanlege folk. Samfunnet ser opp til oss. Når vi engasjerer oss i desse rørslene, har vi større påverknadskraft, seier Gardner.

Han legg til at det sjølvsagt er mange akademikarar som driv med aktivisme også i dag.

– Men dei gjer det i fritida, som vanlege borgarar, ikkje i kraft av å vere akademikarar. Og då let dei vere å nytte den makta dei har.

Fekk utteljing for engasjement

– Eg har fundert på om dette er noko å dra fram eller ikkje, byrjar Andreas Ytterstad, professor i journalistikk ved Oslomet og leiar for Concerned Scientists Norway, før han held fram:

– Då eg søkte om opprykk til professor, la eg sjølv vekt på dei akademiske merittane mine. Men det interessante var at komiteen drog fram det utadretta engasjementet mitt som eit ekstra pluss. Dei såg meg som ein utradisjonell akademikar og skreiv at fleire forskarar burde ta ansvar for å konkret hanskast med dei mange utfordringane verda står oppe i.

Som professor ved Oslomet er det å lage podkastar og vere programleiar i tv-serie, aktivitetar som eg har fått stor støtte for, seier Andreas Ytterstad. Foto: Erik Norrud

Om han ikkje akkurat har lenka seg fast i vegkryss, så har han kombinert akademiske aktivitetar med eit særs synleg samfunnsengasjement i mange år, seinast i form av podkast og ein tv-dokumentar. Skal ein ta konsekvensen av ønsket frå opprykkskomiteen, må kanskje universiteta leggje meir til rette for det, trur Ytterstad.

– Forslaget om at til dømes ti prosent av arbeidstida kunne vere knytt til samfunnsengasjement, er sjølvsagt kontroversielt, men eg tenkjer at artikkelforfattarane grunnleggjande sett har rett. Skal vi klare parisavtalens mål, snakkar vi om å halvere verdas klimagassutslepp på 8–10 år. Då er det heilt klart eit misforhold i at vi professorar på femti skal snakke til studentar på 21 som så skal ta kunnskapen i bruk når dei sjølve blir femti. Det er openbert ikkje tilstrekkeleg.

Ikkje institusjonens oppgåve

Mette Halskov Hansen, viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit ved Universitetet i Oslo (UiO), er ikkje samd i at det bør settast av arbeidstid til aktivisme.

– Mi haldning er at det vi skal gjere som universitet, er forsking, undervising og samfunnsdialog, som er kjerneoppgåvene våre, seier ho.

At eg vart aktivist, er det beste som har skjedd forskinga mi

UiO er i ferd med å utvikle ein heilskapleg klima- og miljøstrategi. Denne hausten er utkastet på høyring. Fleire tilsette har spelt inn at strategien går for langt i retning av aktivisme, medan andre meiner den ikkje går langt nok.

– Verda har dårleg tid til å løyse klimakrisa, og det er difor vi lagar ein strategi. Men å spesifikt leggje til rette for aktivisme, i ei tid der mange stiller spørsmål ved om forsking er politisk styrt, er ikkje vegen å gå. Nettopp fordi det hastar, må vi halde fast ved å produsere forsking som nyt høg tillit, meiner Hansen.

Både tilsette og studentar står sjølvsagt fritt til å bruke forskingsresultata som basis for å engasjere seg aktivistisk i fritida, understrekar ho.

– Og som institusjon skal vi ikkje berre levere kunnskap om kva som skjer, men også kva som kan gjerast. Vi må kommunisere utvegane som finst. Men eg meiner universitetet som institusjon ikkje skal ta ei politisk rolle.

Det same meiner prorektor for forsking ved NTNU, Tor Grande.

– Som arbeidsgjevar legg vi oss ikkje opp i kva våre tilsette gjer i fritida. Men som statleg etat forvaltar vi offentlege midlar, og både eigarane våre og offentlegheita skal kunne forvente at dei tilsette brukar arbeidstida si på relevant aktivitet knytt til kjerneoppgåvene. Å delta i samfunnsdebatten er innanfor den kategorien, og vi oppmodar våre forskarar om å delta i det offentlege ordskiftet innanfor sitt fagfelt, for å bidra til ein kunnskapsbasert debatt. Men det er eit godt stykke derifrå, til at samfunnsengasjement generelt skal vere meritterande ved tilsettingar, og det er nok ikkje noko NTNU kjem til å vurdere, seier han.

Når det gjeld spørsmålet om sivil ulydnad kan bli eit karrierehinder, peikar Grande på at det er irrelevant fordi stillingar ved NTNU, med svært få unnatak, ikkje krev vandelsattest.

Fekk karriereløft

For Ytterstad viste det seg altså likevel at samfunnsengasjementet gav han eit ekstra fråspark i opprykksprosessen. Gardner trur både han sjølv og universitetet har tent på aktivismen hans.

– At eg vart aktivist, er det beste som har skjedd forskinga mi, seier han.

– Som bevaringsbiolog med Madagaskar som spesialfelt, hadde eg eit snevert nedslagsfelt. Som forskaraktivist er eg blitt kjend globalt. Det har gjeve karrieren min eit kjempeløft. Kollegaer har sagt at aktivitetane mine gjev instituttet eit godt omdøme. Universitetet likar samfunnsengasjement og elskar medieomtale. Eg får mykje meir medieomtale som aktivist, og for universitetet er det like mykje verd som dyr reklame.

– Det tek for lang tid å endre samfunnet gjennom forsking og undervising. Difor trengst det meir aktivisme, seier Charlie Gardner (med mikrofon). Foto: Louise Jasper

Også studentane har kome med gode tilbakemeldingar, fortel han.

– Mange har sagt at dei vart oppmuntra av å sjå at dei same forskarane som underviste om klimaendringar, også prøvde å gjere noko med dei. Det gav ekstra tyngde til undervisinga. Hadde eg vore nøgd med å berre forske og undervise, ville det ha vore naturleg for studentane å tenkje at dette trass i alt ikkje kan vere så farleg som dei seier.

Kva blir det neste?

Ein ting er klimakrisa, der aktivisme kanskje kan forsvarast fordi store samfunnsendringar må skje fort. Men dersom institusjonane skal leggje til rette for aktivismen, kven skal då bestemme kva saker som er legitime? Kva om professorar får det for seg at dei vil demonstrere mot bompengar eller vaksiner – eller mot klimavitskapen? Klimarealistane har til dømes ei rad noverande og tidlegare forskarar på medlemslista.

Andreas Ytterstad er ikkje så redd for at ein institusjonell støtte til aktivisme, vil føre til fullstendig frislepp.

– Dette må kome nedanfrå. Kjem det retningsliner ovanfrå om kva forskarar skal engasjere seg i, vil det skape mykje motstand. I den grad vi ser at forskarar driv aktivisme i dag, så er det eit organisert press nedanfrå basert på fagleg kunnskap, som ein så prøver å få gehør for hos leiinga. Eitt døme er når tilsette aksjonerer for at institusjonane skal trekke seg ut av forsking og investering i fossile ressursar. Folk som vil drive aktivisme på andre område, må vere i stand til å mobilisere same type kraft og kunnskap. Det er ikkje eigentleg eit prinsipielt spørsmål, det kviler på den faglege kunnskapen som ligg til grunn.

Ytterstad har også vanskeleg for å finne eintydig vitskapleg støtte for det mykje brukte argumentet om at forskaraktivisme bryt ned tilliten til forsking. Han peikar på at slik tillit ofte varierer med demografiske skiljeliner.

– Kvinner er meir uroa over klimakrisa enn menn, oljeproduserande land har fleire klimaskeptikarar og kvite, konservative menn er dei minst uroa av alle. Sjølv er eg ambivalent i dette spørsmålet. Men når og dersom det går skikkeleg til helvete, så vil det ikkje mangle på forskarar frå mange disiplinar som vil seie «det var det vi sa». Og den tilbakelente haldninga er ei av dei viktigaste drivkreftene som dyttar meg ut i samfunnet.

Ikkje tid til aktivisme

Den største strukturelle hindringa for forskaraktivisme, er nok den harde konkurransen i akademia som gjer at ein ikkje kan bruke tid på aktivitetar som ikkje er meritterande, trur Gardner.

– Toppforsking krev eit hyperfokus og driv. Aktivisme er tid du ikkje får brukt til forsking. Det er ein distraksjon.

Derav forslaget deira om å inkludere aktivisme i lista over eksplisitt meritterande aktivitetar som det er legitimt å sette av arbeidstid til. Det er Jonas Kittelsen samd i.

– Forsking er gjerne noko ein gjer innanfor fire veggar, ein sit der og formulerer ein teori, og så sit nokon andre på eit anna kontor og kritiserer han. Å drive den typen papirkasting att og fram når verda går under, er…

Han slår ut med armane i den andre enden av zoom-samtalen for å illustrere fånytten.

– Dessutan, dei siste månadene, medan eg har organisert XR-aksjonar, har eg lært enormt mykje av menneska eg har møtt, som eg så tek med meg tilbake i samtalar med andre akademikarar. Det er mykje viktigare at forskarar kan få rom til delta i samfunnsdebatt enn at dei må skrive flest mogleg artiklar. Eg er veldig for å tenkje nytt rundt det. Og det er eit stort behov for at folk med fagleg integritet konfronterer mangelen på handling.

Enquete: Er aktivisme foreinleg med forskarrolla?

Hedda Helle, lærling i ambulansefag, Måløy

– Det er jo ein grunn til at folk er forskarar, som også kan leie dei til aktivisme. Men om du er aktivist for stikk motsett standpunkt av konsensus på fagfeltet ditt, så trur eg det vil skape forvirring.

Pedro Myra, tryggleiksingeniør i Telenor, Portugal

– Kvifor ikkje? Vi andre må uansett gjere oss opp vår eiga meining, men dersom mange forskarar demonstrerer for same standpunkt, kan det vere eit teikn på at eg bør tenkje igjennom saka ein gong til.

Beathe Bjerke, rådgjevar i bemanningsfirma, Bergen

– Det må dei sjølvsagt ha lov til. Eg ville ha vore skeptisk om forskarar demonstrerte i lag med til dømes nynazistar, men elles har dei personlege meiningar som alle andre og må ha fridom til å uttrykke dei.

Les også: